Med fare for litt overvekt av toppkarakterar i denne sjangeren. Men berre nasegrus beundring blir der ikkje.
Strand Forlag har teke over det meste, men ikkje alt, som finst i denne viktige kategorien av julehefte. Dei fleste kjenningane heng med i ein eller annan form, også dei som hadde oddsa imot seg.
Anmeldarar:
KRK = Knut Robert Knutsen
TS = Trond Sätre
Dunce
Av Jens K. Styve
52 sider /99 kr. / Strand
Jens K Styve var visst skeptisk i starten om korvidt eit Dunce jolehefte ville verte teke vel imot, men han imponerer år for år. Hovudhistoria i år er ei bittersøt soge om mimring etter den jola ein opplevde i barndomen og dei tinga ein ynskte seg, men ikkje kunne få. Der er elles mykje vinter og jolestriper og eit samlande tidsriktig tema om utfordringane i teknologi og Kunstig Intelligens. Det skadar heller ikkje at serien er på verdas vakraste språk.
6
(KRK)
Tusjkollektivet
Av Tusjkollektivet
Forord av Hanne Kristin Wolden
100 sider /169 kr. / Strand
Nora Dåsnes (forsidebiletet), Tegnehanne, Therese G. Eide (biletet ovanfor) og Noor Eckhoff kunne saktens ha fortent kvart sitt jolehefte, men det skadar ikkje i jolehandelen at ein får dei billegare samla i dette tjukke heftet som potensielt kan vare heile romjola. Mykje jole-fokus, men frå veldig forskjellige perspektiv, frå refleksjon over meininga med høgtida, til ungdommeleg jol, småbarnsfamilie-jol og vidare, med kjende innslag av teiknarane sine særemne som fotball og historisk mote. Merk elles at det også er mykje materiale som dreier seg om andre tema, til og med spesifikt om andre årstider. Dette som ei påminning om at heftet er like mykje ein antologi over seriar som Tusjkollektivet har levert til Aftenposten året rundt
Med antologiar så er måten det er miksa saman vel så viktig som kor bra dei individuelle seriane er, og her synast eg dei har gjort ein framifrå jobb. Det skiftast hyppig mellom dei forskjellige serieskaparane, på eit slikt vis at ein set betre pris på variasjonen i materialet til kvar teiknar, samstundes som ein får gode overgangar.
Godt blanda snopeskål, dette, og mykje kvalitet for pengane.
6
(KRK)
Rutetid
Av Frode Øverli og diverse
36 sider/89 kr. /Egmont
Rutetid som periodika blir lagt ned frå og med årsskiftet, i og med at Tormod Løkling takkar for seg i Egmont. Kva sjølve serien Rutetid gjeld, så går den til Strand, som ein del av bladet Pondus. Under slike omstende er det kanskje forståeleg at Egmont ikkje anstrengar seg for mykje med juleheftet. «Fritt» er ikkje ein gong med i år. Lyspunkta er få, men i det minste får vi litt meir av tittelserien i år (opptil fire ruter per sider i fleire tilfelle). Det legger på eit par minutt til den svært korte lesetida.
3
(TS)
Lunch – Hjelp, vi drar på Juletur!
Av Børge Lund
32 sider / 89 kr./ Strand
«Litt bedre hver dag» var eit av Thorsen sine forslag til slagord for firmaet. Sjølv det var ikkje moderat nok for Kjell og Nico, som foretrakk «Litt hver dag». Julehefte som leverer litt kvart år er det nok av. Lunch derimot, er litt betre kvart år, og var fenomenalt god til å begynne med.
Kjelltech tapar anbodet om å arrangere juletur for kontoret, og dei vert alle sendt langt ut på vidda for å møte den ekte nissen. Men her er det ugler i mosen. Eller elg i snøfonna. Noko sånt. Børge Lund leverer eit briljant konsept, uklanderleg utført, i sin lengste og mest ambisiøse julehistorie nokon sinne. Faktisk tek den opp heile heftet. Mest fokus er det på Kjell, men alle slepper til. Vi vil ikkje gå inn på spoilers, men reknar med at fansen vert godt nøgd. Toppen av bunken.
Årets tøffaste forside, også!
6+
(TS/KRK)
Pondus
Av Frode Øverli og gjester
32 sider / 89 kr./ Strand
Ein mykje brukt, sleivete kommentar på engelsk er «You’re lucky you’re pretty/cute». Litt sånn kjennast det til tider med Pondus og Øverli. Bra for han at han er så flink humorist og teiknar, elles ville han ha blitt kjeppjaga for lenge sidan for å gi oss berre ei stripe per side. Dette er gode jolestriper, solid ekstramateriale som fotball-quiz, Kenneth Larsen leverer ein hylande morosam Bestis tosider og Krüger og Krogh-gjengen leverer ein kjapp liten jolehelsing på tre sider. (den trenger ei sidevending for punchline, men det er ikkje akkurat albumkompakt, dette).
6-er for innhald, men 4-ar for at vi kjem til eit jolebord og forventer toppa fat med pinnekjøt, ribbe, kerrs pink og medister og i staden får porsjoner som ein kan forvente frå moderne konseptuelt fransk kjøkken i anoreksihovudstaden Beverly Hills.
(KRK)
Nemi
Av Lise Myhre
36 sider/89 kr /Gyldendal
Eg vet ikkje kor mykje lenger Nemi kan halde på når periodikaen blei nedlagt for to år sidan, og Lise Myhre skal gå til filmen, men så lenge det varar er det koseleg med dette eine gjensynet i året. Og i alle fall er innhaldet (mest) nytt, for noko skal vi ha til gode, vi trufaste eks-abonnenter som har lest alle reprisane.
Likevel går dette heftet litt på tomgang i forhold til standarden. Meme-stripene er vekk, og godt er det, og det illustrerte diktet av Hans Ludvig Fredheim er vakkert gjennomført. Men både i strek, poeng og karakter er årets striper noko meir overflatiske. At Nemi går i full julemodus straks kalenderen viser 1. desember er ein velkjent sak, til dømes, så velkjent at det knapt fungerer som ein vits lenger. Eller at ho blir redd av skrekkfilmar sjølv om ho elskar dei. Ei stripe om ChatGPT om ein aktualisert innertiar, men eg hadde håpa på fleire slike inspirerte augneblink
Nemi manglar i det heile teke noko av den tidlegare snerten, sjølv om serien framleis har ein høg trivssfaktor.
4
(TS)
Storefri – Nå er den hektiske time
Av Marius Henriksen
Forord av forfattaren
52 sider/ 89 kr. / Strand
Tittelen er visst eit ordspel på «nå er den hellige time» frå songen «En stjerne skinner i natt» av Eyvind Skeie og Tore W. Aas. Den gir eit sterkt sentimentalt anslag til denne historia om «Den Gode Læraren» som vert utbrend og sjukmeld midt i jolestrida, og korleis dette fråveret vert opplevd og reagert på av kollegaer og elevar som har tatt ho for gitt. Den seriøse nerva i historia betyr ikkje at vi ikkje samstundes får mange av dei forventa ablegøyene frå dei andre karakterane. Dette er ei velkomponert langhistorie, noko av det beste eg har sett frå Henriksen. I tillegg er det fylt på med ein del kortare stripesekvenser av Storefri, litt Hurtigmat og litt Pappa.
5
(KRK)
Kollektivet
Av Torbjørn Lien
Forord av forfattaren
36 sider/ 99 kr./Lienstreker (eigenpublikasjon)
Kollektivet er attende med folkefinansiert julehefte. Serien er ikkje lenger i vanleg butikksal, men der finst likevel ein del bokhandlarar og liknande kor ein kan få tak i heftet.
Juleheftet styrer unna alt som har skjedd sidan Kollektivet sist var i bladhyllene og fokuserer på Balder, tenåringssonen til Ronny – Eller er han framleis litt yngre? Julenissen krasjlandar ved Kollektivet, der Balder er hos far sin i jula. Medan ein skada nisse kjem til hektene att i stova, utforskar Balder dei mystiske hendingane som førte han dit, og hamnar til slutt på Sydpolen i klammeri med ein gamal fiende av julenissen.
Dei tidlegare hefta med Kollektivets «julemytologi» har vore veldig gode, og lette å kome inn i, men her opplever eg at historia har vanskeleg for å gi meining. Sjølv om forordet gir oss eit raskt synopsis av mytologien så langt, meiner eg at ein må ha lese dei førre julehefta for å forstå nok. Historia har ei enkel intrige, og eg er ikkje så veldig imponert av dei individuelle gagsa. Ein møter på gamle kjende, ting vert gått over med harelabb og skurkekomplottet er ganske banalt.
Sidan serien er så vanskeleg å få tak i, reknar eg med at dei som finner den i tide før jul er blodfans, og har lese alt av Kollektivet tidlegare. I så fall, så er det eit greitt hefte. For nye lesarar så er domen hardare, då synast eg ikkje publikasjonen fungerer heilt.
3 for nye lesarar, 4 for fansen.
(KRK)
Pondus Juletrefest
Av Frode Øverli og diverse
Forord av Øyvind Sagåsen
100 sider /179 kr. / Strand
Etter å ha køyrd Pondus’ spesialhefte «Klassiske julehistorier» i nokre år, prøver Strand seg med ein ny variant: Eigentleg ein «From all of us to all of you» med Pondus og vennene hans. Øyvind Sagåsen har fått æra av å vere redaktør. Her får du jolerepriser, frå dei siste 20 åra og vel så det, både med Pondus og flerie biseriar, tidlegare og nåverande: Bestis, Eon, Rocky, M, Radio Gaga, Kollektivet og mange fleire.
Kvaliteten varierer; «Tegner Eriksen og Julenissen», t.d., er kanskje Mads Eriksens mest meiningslause og slappe påfunn. Men med så mange sider og så mange serieteiknarar, bommer ein ikkje for ofte.
Redaksjonen har lest alt dette mange gonger før, og er difor ikkje heilt i hundre over utgåva , men for yngre Pondusfans bør det absolutt vere verdt å få med seg.
4+
(TS/KRK)