Lys i mørkret

Med uventa varme og lys fortsett reisa til Bea og Cad på jakt etter svar i Irpas stummande mørke i «Mørketiden».

Lyset forsvann frå Irpa i forrige bind, «Skyggen». Medan resten av reisefølgjet deira leitar etter tryggleik, reiser heltane Bea og Cad saman med ei lita gruppe av overlevarar til Kunnskapens Festning, på jakt etter svar på dei mørkaste mysteria. Reisa avslører endå fleire hemmelegheiter, og ein uventa alliert skin lys på eit mysterium frå lenge sidan, og eit håp for framtida.

Med det tredje bindet i Lightfall-serien viser Tim Probert at han er ein erfaren illustratør. Tidlegare har han mellom anna illustrert ein Dungeons and dragons-teikneserie og var fargeleggar på ei av bøkene i Amuletten-serien.

Ein spesiell varme er synleg i Proberts fargepalett, fyldige og metta fargar. Han held seg til den varme, mjuke enden av fargeskalaen, med ein gul som er nesten gull og manar fram ein slags varm blåfarge midt i pøsande regnvêr og mørke. Bakgrunnane er rike og har mykje variasjon, sjølv om mørkret har lagt seg over Irpa. Fargane er som eit måleri og er behagelege for auget og sjå på.

Strekane er tynne, litt viska ut og med lite skuggar. I jaktscenene er dei hurtige og litt flyktige, handlinga blir dreve framover. Galdurianeren Cad og Bea har no vore på reise gjennom to bind og her i det tredje blir reisa ein større del av historia. Ein kan føle slitet over å stadig vere på reise og sjå gjennom illustrasjonane korleis det uvisse tærer på.

Vi får eit gjensyn med det som var gjennom minnesekvensar i historia. Eit spesielt hyggeleg syn for meg er å sjå staden i Irpa kor Cad budde. Vi oppleve eit kvardagsliv i ein roleg landsby som bugnar av folk som lev sine liv og gjer som folk gjer. Eit minne om kva livet i Irpa ein gang var, og ein slags retur til fargepaletten frå dei tidlegare binda i serien.

Cad og Bea blir meir menneskelege (trass i at Cad er eit romvesen), gjenkjennbare og meir vanlege enn berre heltar. Ein god variasjon vil eg påstå. For kva om det ein trudde berre var ein enkel ting, som å få lyset tilbake til Irpa, faktisk er mykje meir komplisert? Og at dei som ein trudde ein kjempa for, faktisk er nokon andre enn dei ein trudde?

Mange teikneseriar, kanskje spesielt dei med barn som målgruppe, serverer ei historie som er beint fram slik ein les den. Og så er den ikkje meir enn det. Historia er akkurat det ein ser og leser og bærer ikkje på særleg noko meir. Slike treng vi og. Men forfriskande annleis er det i Lightfall-serien. I «Mørketiden» går Probert meir under overflata på ting og vi får ei forteljing som går djupare, tek opp filosofiske tema og vågar å utfordre meir. For meg som lesar er det gledeleg å bli utfordra på kva ein antek er sant i ei historie. Probert vil nok fortsetje å løfte denne serien til nye uante høgder framover.



Lightfall 3 – Mørketiden
av Tim Probert
Omsett av Tuva Sverdrup-Thygeson
238 sider
299 kr,
Fontini

Les også om dei andre bøkene i serien:
1. Kampen mot mørket
2. Skyggen

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *