Om fuglar og volvoar

Trude Tjensvolds fyrste bok for ungdom, Raud Volvo, er ein hybrid mellom teikneserie, bilde- og tekstbok, og fortel ein generelt realistisk og viktig historie om livet som ungdom i dag.

Tjensvold debuterte med bildeboka Bo flyttar ut i 2016, som vart nominert til Kulturdepartementets debutantpris, og har sidan gitt ut fleire barnebøker. I Raud Volvo følgjer me Jenny, som går på ungdomsskule (trur eg), saman med bestevenninna, Ann-Sofi. Ann-Sofi har endra seg etter sumarferien. Ho har fått kjærast på 18 og heng heller med folk frå vidaregåande enn med Jenny, som ho tykkjer er barnsleg. Jenny føretrekkjer å halde seg i skogen der ho har ein hemmeleg plass kor ho kikkar på fuglar, men etter kvart som Ann-Sofi vert meir og meir avvisande, bestemmer Jenny seg for at ho vil verte meir som venninna. Til slutt får det ho i ein situasjon ho ikkje klårar å kome seg ut av.

Oppbygginga av boka er ein spesiell blanding av bilete, teikneserie og tekst, kor historia er lagt opp i ein slags novellestil. Tekstsegmenta er korte og enkle. Dei går godt saman med teikningane, og utfyller kvarandre. Det som ikkje vert sagt i teksten, kan du gjerne få hint om i teikningane, men i typisk novellestil, er det ikkje alt ein får vite. Både i tekst og bilete finst det symbolikk, men den er sjeldan meir svevande enn at det er mogleg å forstå historia, og symbolikken er heller med på å skape djupne.

Teikningane er enkle, nesten skisse-aktige, men tek dimed ikkje fokuset bort frå historia. I overgangen frå barnebok til ungdomsbok har ogso fargepaletten endra seg, frå fargerike bilete i anten sterke eller duse fargar til teikningar i mørkt raudt og blått, på kvite bakgrunnar.

Teikneseriesidene er oftast tofarga. Dei har gjerne personfokus, og brukast ofte i staden for dialogar, eller fungerer som segmenter som viser korleis tida går. Teikningane utan tekst, kan derimot ta både ein og to sider, og er med på å forsterke kjensler og stemningar. Her står gjerne symbolikken sterkare og bileta har større variasjon i perspektiv og fargelegging .

Å skrive om overgangen frå barn til vaksen er ikkje akkurat verdas lettaste jobb. Alle dei små og store krisene, kjensler av å ikkje høyre til, nye forventingar både frå vaksne og andre ungdomar og opplevinga av at kroppen forandrar seg, er ting det gjerne er lett å gløyme når ein er vaksen. Tjensvold har likevel klart å skape eit realistisk bilete av korleis det er å leve som ungdom, som eg trur fleire kan kjenne seg igjen i.

Nokre gonger er karakterane likevel litt vel overdrivne. Særskild oppførselen til Ann-Sofi overfor Jenny vert sopass krass at eg ikkje kan skjøne korleis ho kan akseptere det. Når konflikten mellom dei vert løyst, skjer det på berre eit par sider, utan nokon vidare grunn eller oppbygging. Det hadde kanskje passa betre om forholdet deira hadde fått eit litt større fokus på slutten, og litt meir subtilitet tidlegare i historia.

Den enkle oppbygginga av den vanskelege historia kan vere nøyaktig det ungdom treng i ein travel kvardag, der dei har fått nok av novelleanalyse på skulen. Vonleg kan teikneserien hjelpe dei med å sette ord på kjensler eller ting dei har opplevd, og kanskje kan han også hjelpe vaksne med å bli minna på korleis det er å vere ungdom.


Raud Volvo
Av Turid Tjensvold
160 sider
299 kr. (veil.)
Samlaget

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *