Moderne, unge kvinner mot sporvegskontrollørar

Bransje og miljø følger spent med på utviklinga til Linn Isabel Eielsen. «Livets harde søndagsskole» er hennar nye rapport frå studentmiljøet i Oslo. Men kor brei er allmennappellen, og kor brei er den eigenleg nøydd til å vere?

Dette er den andre L-Innsikt-trykksaka (kall det album eller kall det bok; ingen av delane er feil) frå Eielsen på eit etablert forlag (Überpress). Den første boka, «Ikke mesterlig gjennomført, men kreativt tenkt», etablerte konseptet som blir følgd opp her: Linn studerer i Oslo og bur saman med ei lesbisk bestevenninne, Kristine, og desse er dei einaste faste karakterane. Sjølvbiografisk innhald frå den Oslo-baserte teiknaren/forfattaren og studenten Linn Isabel Eielsen vil førekomme. (Eg kjem konsekvent til å omtale teikneseriefiguren som «Linn» og serieskaparen som «(Linn Isabel) Eielsen»).  Den trykte utgåva har også essays som ekstramateriale.  Konseptet er allereie så rutinert at ein som anmeldar bør vere forsiktig så ein ikkje gjentar seg sjølv for mykje i omtalen.

Men nokre nye element er kome til. «Hjernen», dvs. Linn sin, er blitt nærmast som ein eigen bifigur, for betre å illustrere Linn sine indre konfliktar. Her finst også nytt ekstramateriale i form av teikna spesialsider, truleg inspirert av Nemi, og Spotify QR-koder som lesaren kan bruke til å finne det rette soundtracket (takk til Tina Søreng-Christensen for å minne meg på betydinga av desse). Desse heng direkte saman med ekstramaterialet,. Mykje av det er spor frå Linns eigne album, men høgdepunktet er ein teikneserie fortald til Billy Joels «Vienna»

Vittigheitene vekslar framleis mellom blødmer og skarpe, originale observasjonar, men blødmene blir færre, originaliteten er aukande, det satiriske instinktet er skjerpa, og den heilt grunnleggande ærlegdomen er stadig like forfriskande. Desse stripene burde delast hyppig på sosiale media (for den saks skuld også på fakultetstavler, på disken hos den lokale puben, osv.) fordi dei treffer miljøet og mykje av tidsånda så bra  Viktige stikkord er studieliv, økonomiske bekymringar (særleg for husleiga, sjølvsagt), forelsking og korona. Sekvensen om praktiske truser («bestemorstruser») kontra moteriktige stringtruser («tortur») eksemplifiserer korleis Eielsen velger sine eigne kampar, og gjer dei allment relevante.  

Dei mange vitsane om korona og vaksineskeptikarar verkar allereie forelda, og å lage stråmannsvitsar om vaksineskepsis er noko av det lettaste.  Men å sløyfe desse ville vere som å kaste barnet med badevatnet. I det heile tatt er det mykje nær umedelbar samtidshistorie i «Søndagsskole», ting ein ikkje ville sjå i meir nøye planlagde stripesamlingar ført i pennen av teiknarar som først og fremst vil underhalde. Med hjartelag og manglande berøringsangst kjem Eielsen så tett på nyheitsbildet som til masseskytinga i juni.   

Til dagleg er det ikkje eit veldig breitt miljø serien skildrar, men det er eit miljø som mange i bransjen kan kjenne seg igjen i. Mange serieskaparar har vore gjennom tilværet som fattige studentar i Oslogryta. Til og med den gode, gamle sporvegskontrolløren, ei populær målskive for Oslobaserte serieskaparar i fleire tiår, heng med. Men Linn har si heilt eiga tilnærming til dette temaet:


For mange, igjen i bransjen, hjelper det nok ytterlegare på den bitre gjenkjennelegheita at Linn får kr. 10,95 i royalties for to bøker (truleg to barnebøker som Eielsen illustrerte for eit forlag ho unngår å namngje her). Leser ein L-innsikt-stripa om dette i isolasjon, kan ein få inntrykk av at påstanden er satirisk meint (dvs. overdrive). Men i eit kåseri i same boka stadfester ho at dette er heilt sant! Er det skapt ein potensiell gjengangar i debatten om serieskaparar sine økonomiske kår?

Den forsøksvise realismen har Eielsen stort sett gitt opp, og godt er det, men spora heng litt igjen ennå. Alle verst går det ut over Kristine. Utan at eg veit kva samtalar Eielsen har hatt med si bestevenninne om dette, vil eg innvende at Kristine har eit forstyrrande stivt ansiktsuttrykk, og ser meir ut som ein politisk karikatur enn ein teikneseriefigur. Ho såg faktisk betre (og morosamare) ut i førre boka. Kontrasten med Linns eigne fleksible, animerte ansiktsuttrykk fungerer ikkje så bra som…det kanskje var meint?

Norske humorteikneseriars framtid, seier Therese G. Eide om Linn Isabel Eielsen, etter å ha gjort eit overlagt mislukka forsøk på å unngå å skamrose på den unge kollegaen for mykje. Viss det er humorteikneseriar som blir framtida hennar, kjem det til å vere takka være Strand. «L-Innsikt» er allereie ein del av systemet deira som biserie i bladet Storefri og syndikalisert gjestestripe, og under dei nåverande omstenda er det usannsynleg at Egmont kjem til å satse seriøst på ein ny stripeserie.

Men eg trur Strand (kanskje også No Comprendo Press), ser utviklinga litt an. Dei fleste er ikkje studentar for evig. Linn Isabel Eielsen har mange talent og, vil eg tru, mange planar.


Livets harde søndagsskole
Av Linn Isabel Eielsen
Forord av Therese G. Eide
80 sider
299 kr.
Überpress

Les også:
Den unge og lovende, så langt
Ei Linn Stemme?
På tide å gjøre det jeg liker

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *