Grensen mellom teikneserie og bildebok kan vere flytande. Serienett kikkar på nokre av dei seinaste bidebokforsøka frå kjente norske serieteiknarar.
- Sjå på Bård!
- Skatehunden
- Rulling i rommet
Av Ida Eva Neverdahl
38 sider per bok
249 kr. per bok
Det Norske Samlaget
Ida Neverdahl har laga denne serien på hittil tre bøker om ei lita jente og den skatande hunden hennar. Dei er ikkje nummererte, men for å vere med på det vesle som finst av kontinuitet, bør ein lese bøkene i den rekkefølga som står ovanfor. Dei inngår i vignetten «Leseland» og er på nivå ein, dvs. at dei eignar seg for barn som nett har begynt å lære å lese. For dei minste, altså, og då er det det klåre grenser for kor mykje sjølv ein uortodoks forteljar som Ida kan eksperimentere. «Amika og Bård» er ein trygg serie, men serieskaparen fornyar seg litt med blandinga av harde strekar og vektor-kolorisme. Ho har brukt kolorisme før, men ikkje så mykje som her. Og sjølvsagt kan ho alltid by på sin i utgangspunktet ganske unike strek. Ida gjer også bruk av nokre få subversjonar; i «Skatehunden» er premien i den store skatekonkurransen ein pokal full av kjøtbein. Men Bård liker bananar betre.
Super-Steins museumstivoli
Skrive av Endre Enghaug, teikna av Marius Henriksen
50 sider
249 kr. (vegl.)
Fantasi Forlag
Storefri er ikkje akkurat den teikneserien som gir størst spelerom for visuell fantasi, ikkje ein gong samanlikna med andre stripeseriar. Men med ein tittel som «Super-Steins Museumstivoli» seier det nesten seg sjølv at nå blir det andre bollar.
Boka er den første publikasjonen til Strand-medarbeidar Simen Joners nystarta forlag, Fantasi. Saman med artisten og barnebokforfattaren Endre Enghaug har Marius Henriksen laga historia om den fantasifulle Stein og hans kule skrotnisse-onkel Mauritz, som lagar eit gjenbrukstivoli saman. «Super-Stein» er ei bildebok, men Henriksen har tatt med seg mange element frå teikneseriemediet for å gjere forteljinga meir dynamisk og animert
Enghaug er ikkje den mest solid historieforteljaren eg har støtt på (sjølv om det kan hende at den innfallsbaserte strukturen er eit bevisst val). Han går litt på tomgang mellom anna mot slutten, når familien blir jaga av reportarar nesten samanhengande gjennom ni sider. Eg ville heller hatt nokre sider til med alle dei rare tinga på tivoliet. Men det viktigaste er at samanlagt gir han Marius Henriksen ting å jobbe kreativt med. Premissen – kva gjer ein viss ein har veldig mange ting? – let teiknaren fylle sidene med detaljar.
Forresten er det ikkje berre ting som gir han høve til å utfolde seg heller. I ein scene midt i boka skildrar forfattaren korleis museumsgjestene liknar på rare fiskar. Då går teiknaren heilt inn for å teikne forskjellige fiskefjes, det eine meir godsleg grotekst enn det andre. Slike blikkfang kan hjelpe til med å gjere «Super-Stein» populær blant ungane. I alle fall skal det ikkje stå på illustratøren.
Pirattvillingene 1 – Jakten på Den røde stjerne
av H.L Phoenix
68 sider
199 kr.
Kagge Forlag
Nesten like umiskjenneleg som stilen til Ida Neverdahl er den til Helge Lee, alias H.L. Phoenix: Store panorama, stjernerike himmelkvelvingar, skarpe kontrastar mellom mørke og lyse fargar, vridde trær, menneskefigurar med store hender, store føter og enten hengslete eller kraftig fysikk.
Som tittelen fortel, er dette ei bok om ein av dei mest klassiske barnefantasiane – Å vere sjørøvar. Okay, eg skal bruke ordet «pirat». For skuta som desse tvillingane siglar på går jo ikkje på vatnet i det heile tatt. Ei slags kosmisk utgåve av «Morfar er sjørøver», komplett med ein bestefar.
For første gongen sidan serien begynte kjem ikkje Arkin med nytt bind til våren, og det skuldast denne boka. Meldingane tyder uansett på at Lie får tid begge bøkene i år, og ein kan sjå at han har tatt nokre forsiktige tidssparande grep på denne. T.d. har tvillingane Tyra og Troy, altså hovudpersonane, Legofigur-ansikt. Slik serieskaparen nytter dette, verkar det heldigvis meir som eit kunstnarisk grep enn ein snarveg, og eit utval av fantasifigurar sørger for å gjere boka meir interessant av utsjånad. .
Sjølv om det er opptil fleire dramatiske agneblink i «Jakten på Den røde stjerne» har Phoenix’ illustrasjonar ein draumeaktig og sigen kvalitet som får den til å følast ganske trygg. Det blir mange dobbeltsider med piratskip som svever over himmelkvelvinga. Men historia er ambisiøs, og prøver konstant å engasjere ungane. Her er det endå meir handling enn Lee hadde høve til å illustrere. Fordi historia er så ambisiøs, har den sjølvsagt berre så vidt begynt på slutten av denne boka, men kapittel ein står ganske støtt for seg sjølv.
Hvordan bruker serieskaperen Legofigur-ansikt til tvillingene Tyra og Troy, og hvordan påvirker dette bokens kunstneriske grep? Visit Us Telkom University
Lee ser ut som han kan vere inspirert av Lego-animasjonsteknikken med varierte, ekspressive uttrykk på emoji-baserte ansikt.