Den skal tidleg krøkast…

Udugelege Heltar er ei noko så kult som ein norsk teikneserieroman om superheltar, på nynorsk. Men lever den opp til sitt potensiale?

Der vert litt spoilers her, men eg skal prøve å halde litt attende.

Femårige Chrissa, allereie no med superkrefter, slår til ei bølle så hardt at bølla går tvers gjennom veggane på eit hus som så raser ned over han. Ho hamnar i fengsel med ein gjeng vaksne, hardbarka kriminelle, sit der i 15 år, og når ho kjem ut møter ho på ungen ho redda frå bølla, Kacker,  som no er vaksen og visstnok eit romvesen,  og som trenger superkreftene hennar for å redde verda. Deretter – veldig forenkla så er resten av plottet av same «reise ut i rommet for å redde verda» type  som «Armageddon» med Bruce Willis, med ein del forsøk på burleske scenarier.

Som superheltfan og nynorskbrukar og tidlegare bidragsytar på Nettserier så burde «Udugelege heltar» vere alt eg likar best ved teikneserier,  men det er det ikkje.

I starten er teikningane enkle, det same med historia. Det er stort sett fargelegginga som vert meir komplisert mot slutten av boka og gir teikningane eit meir gjennomarbeida preg, men framleis er det veldig enkelt teikna. Det ville ikkje vere eit problem viss det ikkje var for at heile settinga vert for anonym og det er vanskeleg å sjå forskjell på Chrissa og Kacker som femåringar og 20-åringar, som om dei berre er teikna litt større.

Eg likar enkle og naive stilar, men her er det berre for lite informasjon i streken. Historieforteljing og komposisjon fungerer, slik sett er det solid, men det vert tamt, utan krydder og tekstur.

Serieskaparane har sagt at dei er inspirert av «Rick & Morty», og rett nok har den nemnte animasjons-serien ein tilsynelatande «enkel» stil, og auser på med bisarre innfall, men det er nettopp ved å samanlikne korleis ein slik serie løyser det at ein ser kva som manglar med «Udugelege Helter». Rick & Morty har ein enkel stil, men likevel med interessante detaljer, differensiering av karakterer og tydelege miljø.

Der er ein del troper og genretrekk ved superhelter og action-historier som vert brukt i «Udugelege Heltar» , men det er slapt gjennomført. Gimmicken med at helten/protagonisten hamnar i fengsel i X-år og kjem ut som hardtrena actionmaskin er ganske grei, men ei 5-årig jente i eit fengsel for vaksne menn, då er ein allereie på ei anna klode og LITT forklarande verdsbygging kunne vere på sin plass.

OK, ein Zucker-Abrahams-Zucker filmkomedie av typen «Mannen med den nakne pistol» kunne sikkert fått det til å fungere, men det krever litt finesse.

Som enkeltsekvenser på nett så fungerer humoren litt, for ein trenger berre å sjå enkeltscenene ikkje samanhengen, men når det stadig vert nytta overforenkla passiv-aggressive «uff, gløym det» konfliktar for å sleppe å gi karakterane informasjon som dei trenger og hale ut historia, så vert det slitsamt i lengda. Der er ikkje nokon skikkeleg karakterisering her, det er berre plot, plot, plot og blødmer i dialogen heile vegen igjennom.

Eg kjenner igjen ein del trekk her frå manga og anime, ein del frå B-filmar i actiongenren, kanskje litt superheltar frå film og TV, men ikkje noko som verkeleg peiker på superheltgenren i klassiske Marvel og DC-serier. Og ikkje eigentleg nokon klare sci-fi haldepunkt heller, sjølv om plottet er tydeleg inne på sci-fi territoriet. Ikkje at noko av dette er naudsynt, men det er merkbart at ein går utanom det.

Javisst, i forhold til at dette er serieskaparar som har prøvd seg fram, testa ut korleis ting fungerer og utvikla seg etterkvart ; som berre har kasta ting opp i gryta i ein lapskaus av ideer, så er det interessant å sjå, men det er ikkje noko eg som anmeldar har samvete til å tilrå nokon å bruke 300 kroner på for å få i hardcover.

Det er sikkert folk som vil synast den er interessant, lesarar som likar litt sprø vinklingar på superheltgenren (skjønt eg er bortskjemd på Don Simpson; Dave Sim; Keith Giffen  og Jean Marc Dematteis; og Pat Mills og Kevin O’Neill i så måte) og likar å sjå litt upolerte amatørserier.

Ettersom serien framleis er tilgjengeleg på Tapas, på engelsk, vil eg føreslå at lesarar som framleis er litt interessert leiter den opp der og leser seg igjennom eit kapittel eller to før dei bestemmer seg for om dei vil investere i heile boka.


Udugelege Heltar volum 1 : Stiv Kuling
Skrive av Markus Pedersen, teikna av Lars Erik Helgemo
164 Sider
Kr 299,-
Überpress


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *