Lær av skogens dyr om vennskap

Under vignetten «I rute med lesing» lanserer Vigmostad & Bjørke to nye teikneseriar for dei minste. Begge har kjernesunne bodskap og det naudsynte minimumet av sjarm.

Vignetten er nok eit forsøk på å gjere utpeikte, spesiallaga bøker i lite og hendig format meir attraktive for førskuleungar (og for foreldra og bibliotekarane som vel ut bøker til dei) ved å framheve kor letteleste og pedagogiske desse bøkene er. Sist gongen ein slik vignett blei dedikert til teikneseriar på den norske marknaden var vel med Gyldendals «Ordfrie Bøker», der forlaget prøvde å marknadsføre stumteikneseriar som ei nyvinning. Og som noko anna enn teikneseriar.

Heldigvis er ikkje dette tilfelle med «I rute med lesing». Ambisjonen for desse bøkene avgrensar seg til å lage lettlese teikneseriar for barn i førskulealder, med bidrag frå erfarne teiknarar og forfattarar som ikkje nødvendigvis har jobba så mykje med akkurat teikneserieformatet før.

Til topps er skrive av forfattar Nicolai Houm og teikna (og ikkje minst fargelagt) av illustratør Sandra Steffensen. Eg har ikkje greidd å finne andre eksempel på reine teikneseriar av henne enn årets påskekrim frå Tine mjølkekartongar, men med sine fargesterke, detaljrike og dynamiske teikningar er ho utvilsamt veleigna til å handtere den grafiske delen av ein teikneserie for barn. Ta eit blikk på coveret til kva som helst barnebok illustrert av Sandra Steffensen – Det slår imot deg!

Sjølve handlinga er så enkel som den kan få blitt: Ein bjørn og ein kanin går ein tur saman gjennom skogen og opp til ei høgde – Og så heim igjen. Dialogen er like enkel, men leverer ein meiningsfylt bodskap om vennskap – «Det er godt å være to» – så vel som om dei små gledene i livet: «Hvorfor skulle vi hit?» spør bjørnen når dei har kome til topps. «Jeg vet ikke» svarer kaninen. «Men takk for turen», svarer bjørnen til det. I grunnen ein perfekt oppsummering.

Detaljerte strekar og vakre, djupe fargar – tinga som Sandra Steffensen er verkeleg god på – i eit vakkert haustlandskap er det som lokkar og trollbinder lesaren. Ho har også gjort eitt grep som eg ikkje veit kor bevisst det var meint, men som gjer ein viktig skilnad for inntrykket. Bjørnen og kaninen er, ikkje akkurat stygge, men i alle fall styggsøte. Auga står pussig langt frå kvarandre, for det første. Såleis skil dei seg forsiktig ut frå den typiske Disney-estetikken som Steffensen elles kunne blitt skulda for å nytte seg av, og som også enkelte NME-teiknarar ofte etterliknar.  I ei så lita boka gir små detaljer som dette «Til topps» eit viktig individuelt preg som boka elles kunne ha mangla.

Skal vi bytte? er så vidt eg kan sjå teikneseriedebuten til Henriette Nilsen, illustratør og grafisk designar, tidlegare mest kjent for bildebøkene sine. «Skal vi bytte?» er prega av stilisert designtenking med kontorlause vektorfigurar på enkle (ofte berre kvite) bakgrunnar, i sterk kontrast til den grafiske presentasjonen som pregar «Til topps». Men akkurat som Sandra Steffensen har Henriette Nilsen funne fram til eit uttrykk med umedelbar appell. Og om det grafiske er mykje enklare, er plottet til gjengjeld meir aktivt og framdriftsretta, og mindre føreseieleg  

«Skal vi bytte?» handlar om eit ekorn som oppdagar gleda ved å bytte ting. Det er i ferd med å utvikle seg til ein besettelse for ting, før hen heldigvis oppdagar gleda ved vennskap. Mykje av det same bodskapen i begge bøker, altså, og i begge bøker er bodskapen ikkje stava ut, men formidla heilt naturleg i historia, og forståeleg nok til at barn i i målgruppa får det med seg og kan relatere seg til det. Så enkelt kan det vere å vinne litt respekt med teikneseriar for små barn.


Til Topps
Skrive av Nicolai Houm, teikna av Sandra Steffensen
36 sider
249 kr. (veil.)
Vigmostad & Bjørke

Skal vi bytte?
Av Henriette Nilsen
36 sider
249 kr. (veil.)
Vigmostad & Bjørke

2 tanker om “Lær av skogens dyr om vennskap

  1. Fin omtale! Fireåringen som var på besøk fant sin favoritt i «Skal vi bytte» – det var nok både humoren og den raskere framdriften i fortellingen som gjorde det. Han er vel også i yngste laget for målgruppa, men boken måtte leses flere ganger og det er et kvalitetsstempel tenker jeg.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *