Nå som vi har fordelen av å kunne lese Udugelege Heltar som ein ferdig, avslutta teikneserie, kan vi spørje: Utnytta serien sitt potensiale?
Og dermed var Udugelege Heltar (No-Good Heroes) samla. Det må ha vore ei meir takknemleg oppgåve for utgjevaren Überpress enn å prøve å samle t.d. Grapple Seed, i alle fall. Serieskaparane hadde ein plan med serien, og jobba til den var i mål. Sjangerteikneseriar er ikkje lenger så unike i norsk samanheng som dei pleidde å vere, men konseptet men ein ikkje reint parodisk superheltserie inspirert av vaksenanimasjon gjorde den til noko ganske spesielt. Samstundes ser vi, nå i ettertid, at Udugelege heltar ikkje imiterte t.d. Rick & Morty så mykje som ein kunne få inntrykk. Den hadde tendensar til ultravald og vaksenhumor, men ikkje eksessivt. I bind to og tre, som vi her omtalar samla, blir vi presentert for ein overvegande visuell og actiondrive serie. Den står elles i frisk kontrast til den tungt verbale stilen som ein finner både i moderne vaksenanimasjon og superheltseriar.
Presentasjonen kunne rett nok vore betre. Verken bind to eller tre har synopsis, og heller ikkje profilar på dei tre (anti)heltane Chrissa, Calvin og Kacker. Kanskje er det lite sannsynleg at nokon skulle begynne å lese dette med bind to eller tre, men sidan det har gått eit år mellom kvar bok, kunne det vore greitt med ei oppfrisking.
«Volum 2: Nevar» av stål begynner med at Kacker dreg med seg gjengen til eit postkontor i ytre rommet, noko som gir meining på eit litt større plan enn det først høyrest ut til. Komikken er noko haltande i første halvdelen, men historia som eit heile tek seg deretter opp. Teikning og fargar var gjennom ei synleg forbetring allereie i andre halvdelen av første bindet, og utviklinga held fram her. Særleg når det gjelder å skape djupn er det lett å sjå endringa i «Nevar av stål».
I «Volum 3: Endelaus» viser det seg – som venta – at skurken frå Volum 2 er seriens finaleboss. Dette kunne blitt veldig oppskriftsmessig, men det er ein vri på slutten som gjer heile opplegget meir interessant, om enn på ein mest mogeleg nerdete måte. Dessutan greier Markus Pedersen i mykje større grad å setje sitt merke på dette bindet, i rolla som manusforfattar. Med unntaka av kampscenane midt i, er det meir vekt på historie og dialog i «Endelaus» enn dei tidlegare binda, og ei viss likevekt er oppretta i tide til avsluttinga.
Nå som vi har fordelen av å kunne lese Udugelege Heltar som ein ferdig, avslutta teikneserie, og dessutan veit at serieskaparane eigentlege ville gjere soga mykje lenger, kan vi spørje: Var det ubrukt potensial i serien?
Ja, det meiner eg. Eg følte aldri at vi heilt kom inn under huda på hovudpersonane, og det var tendensar til samhandling som blei synleg nedkorta og sett til side for plottets skuld. Dei små bileta måtte vike for nokre få store som såg best ut på skjerm, og seinare papir. Serieskaparane hadde nok sine grunnar for å korte ned soga så mykje undervegs, og til slutt enda dei opp med ein sentral ide på ein kosmisk skala mot slutten. Ideen og utføringa kompenserer heldigvis for mykje.
Udugelege heltar
Av Lars Erik Helgemo (teikningar, plott) og Markus Pedersen (manus, plott)
Språkvask av Arild Torvund Olsen
Überpress
Volum 2: Nevar av Stål
176 sider
299 kr.
Volum 3: Endelaus
140 sider
329 kr.
Les også:
Den skal tidleg krøkast…
Siste Udugelege Heltar?