Fanzinefredag 2

I Serienetts spalte for dei små utgjevnader ser vi på Synergi-kollektivet og to miljøbevisste sunnmøringar.

Andy Rocket og den Flygende Fisken, del 1
Av André Smoge
36 sider, svart/kvitt99 kr.
Målform: Nynorsk (eksperimentell/liberal)

Den Bergensbaserte sunnmøringen André Smoge vidarefører klassiske forståingar av undergroundteikneseriar med eit moderne islett. I ei historie med stuntprega format, kjøper hans alter ego Andy Rocket eit flytande drivhus på finn.no, og i prosessen med å setje dette i stand, får han auka samfunnsinnsikt, og moglegheita til eit nytt og meir meiningsfullt liv gjennom sitt eige grøne skifte.

Ei greitt fundert og passe original historie ligg altså til grunn, men derifrå tek André kva krumspring og omvegar som fell han inn. «Andy Rocket» kan vere vanskeleg å lese, fordi han gjerne kjem med lange, tekstrike utgreiingar fulle av digresjonar når han skal prøve å forklare noko, utan å tenke på font eller lesbarheit. På toppen av dette kan ein legge til mannens svært eigenarta nynorsk, som mest av liknar ein ny og sjølvkomponert form for samnorsk.   

Om teksten kan skape forvirring, er den grøne grunntanken klår og pirrande. Og den ekspresjonistiske framstillinga av trauste Bryggen mot den øko-utopiske visjonen av livet i drivhuset er ein spennande grafisk komposisjon, toppa med serieskaparens portrettering av seg sjølv som ein dandy utsjåande Snusmumrikk.     

Facebook

**

Draumen om Mira
Av Petrine Ystebakk Sjåstad
28 sider, fargar
100 kr.
Målform: Nynorsk (normert)

Endå ein økologisk fabel frå ein sunnmøring, sjølv om alle likskapar stoppar der. Trafo-støtta Petrine Ystebakk Sjåstad har laga ein direkte og idealistisk teikneserie om forsøpling av havet, blotta for ironi og intellektuell distanse. Strek og fargar er runde, pene og mjuke. Meininga bak denne soga om ei ung jente som besøker havet og blir venn med ei havfrue, kunne ikkje vore klårare. Bodskapen verkar oppriktig, men «Draumen om Mira» er for denne anmeldaren først og fremst ein presentasjon av eit ungt og lovande nytt talent innan det veksande norske segmentet av estetisk tiltalande post-manga fantasy.

Facebook

**

Synergi # 3: Hår(or)
Av ymse
40 sider, delvis i fargar
Målform: Bokmål

Synergi-kollektivet omtaler seg sjølv slik: «Vi er et nyoppstarta tegneseriekollektiv med røtter i Oslos undergrunnsmiljø, som er flatt organisert, og bevisst går inn for mangfold. Synergi er en plattform for ukjente stemmer, som ønsker å både fremme og utfordre det klassiske tegneserieformatet.»

Og eit viss kunstnarisk mangfald har dei, sjølv om serieskaparane unekteleg blir litt hemma av ei forventning om at det dumme ordspelet i undertittelen faktisk skal vere ei retningslinje for bidraga. For ja, det skal helst vere hår-relaterte grøssarhistorier.  Bidragsytarane har møtt denne utfordringane på svært ulike måtar

Den mest profesjonelle av dei, Ingrid Bomann-Larsen, har valt å ignorere det eine aspektet, og i staden laga ein bittersøt humoristisk serie om hårvekst og trendar. Derimot har fanzine-veteranen Hege Marie Haugan (du har kanskje sett henne på stand under OCX) tatt utfordringa på strak arm og med mykje bildekraft, sjølv om resultatet er ei ganske generisk varulvhistorie. Ein som derimot verkeleg har talent for å illustrere både hår og framfor alt horror, er Emil Johnson Ellefsen, sjølv om eg trur bidraget hans hadde fungert endå bedre utan tekst.

Halvparten av heftet er sett av til ein teikneserie av Kepo Giæver Sundøy, som heller ikkje er for nøye med å halde seg til det avgrensa temaet. Med sine digre serieruter befolka av breiale, primitivt teikna og blyantfarga furries, kan det mest verke som historia først og fremst var bekvem å fylle opp sidene med. Men teksten skapar nysgjerrigheit. Den handlar om seksuell trakassering, og er rett nok ikkje akkurat subtil. Eg kan komme med ei kvalifisert gjetting på kva som er serieskaparens standpunkt, men teksten er spissfindig  nok til at lesaren får lov å tenke litt over den.       

Initiativstakar Aurora Hegre har også ein grov strek, men ein heilt annan, langt meir fokusert og poetisk uttrykksmåte.  Hennar «Hulder», som avsluttar «Hår(or)», følgjer antologiens retningslinjer utan at det verkar tvunge.

Synergi-antologiane blei gjort tilgjengelege for gratis nedlasting i går. Du kan finne dei her.

Les også:
Fanzinefredag – Comnicon

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.