Frå mareritt til forløysing(?)

Med «Al Khemet» spelar Thomas Falla Eriksen på kunstarisk heimebane.

Prosjektet var Falla Eriksens bidrag til Haustutstillinga 2018, ein serie med kunstteikngar inspirert av ein sekvens frå «Squidologi». Han følte eit behov for å utdjupe kva som skjedde med den kvinnelege hovudpersonen i boka, og enda med å lage ein serie på ca. 150 illustrasjonar. «Al Khemet» er altså ein oppfølgar til «Squidologi», men står på sida av serieskaparens planlagde trilogi (denne består, i tillegg til «Squidologi» og «Hexagon», av eit ennå ikkje fullført tredje bind) .   

Det ein altså må ha i bakhovudet, er at «Al Khemet» har ein historie, og at den heng saman med Falla Eriksens andre ordlause Moebius-inspirerte visjonar. Mykje av den grandiose, kosmiske surrealismen som kjenneteiknar serieskaparens verk, har den dermed også til felles. Formatet gjer skilnaden. Som eit kunstprosjekt består Al Khemet av ein serie bilder som kan gi meining både individuelt, med rom for å nyte kvart av dei individuelt, og som eit heile.  Sjølv om dette heile ikkje er grunnlagt på solid historieforteljing.

Boka er delt i tre, men sjølv utan dette hjelpemidlet er det ikkje så vanskeleg å sjå på innhaldet som tre ulike delar. I den første gjennomgår den namnlause kvinnelege hovudpersonen ein dramatisk forvandling,  til ein monstrøs kyborg i eit industrielt science fiction-miljø med undertonar av helvete og skjærseld, og framfor alt med eit stadig nærvær av skiftande symbol, vanlegvis plassert øvst eller midt i motivet. Semiotikken er endå meir synleg, ja , tidvis påtrengande, i «Al Khemet» enn i Falla Eriksens andre arbeider, og går igjen heile vegen. I andre halvdelen bryt jenta ut av den kybernetiske skjærselden, og trer ut i eit ope landskap, merka både i kropp og sjel av prosessen.  Tredje delen er noko meir sekvensiell diffus, men skildrar i grove trekk den siste delen av proesessen, der hovudpersonen prøver å finne tilbake til sitt organiske sjølve, og underforstått også si sjel.

Jippi forklarer ganske mykje av boka, særleg i presseskrivet, men også på heimesidene – Aller viktigast det at «Al Khemet» er gamalegyptisk for «frå det svarte landet» og er også opphavet til ordet «alkymi». Brukt som tittel er det så perfekt at det nesten er litt synd å måtte få det forklart. Ein ting er at begge tydingar av ordet illustrerer tema, men det seier også mykje om det ytre kunstariske. Utstillinga og boka (også forsida) er berre i svart/kvitt, og dette verkar som det einaste rette. Kunstnarens bruk av blekk, både til å få fram illustrasjonar med ei tredimensjonal kjensle, og utheve kontrastar, er essensiell for å skape «Al Khemet»s trollbindande stemning. Falla Eriksen har vore svært bevisst på at han lagde desse motiva for utstilling, meir enn for ei sekvensiell forteljing, og gir oss derfor her ein langt meir fyldig og talande strek.  Boka har ei uroleg og dels marerittprega skjønnheit som overgår dei reine teikneseriearbeida hans.

«Al Khemet» kjennest forfriskande sett i samanheng med resten av illustratørens verk, fordi formatet gir høve til tenkje friare. Først føler ein seg komfortabel med å sjå verket som det det opphavleg var presentert som, kunst. Deretter kan ei meining bak, både den reine historia og symbolbruken, begynne å sige inn ettersom ein studerer arbeidet. 


Al Khemet
Av Thomas Falla Eriksen
164 sider
300 kr.
Jippi Forlag




Les også:
Intervju med Thomas Falla Eriksen
Anm. av Squidologi
Anm. av Hexagon
Anm. av Den Fjerde Veggen

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.