Ny festival opp av startgropa

Denne helga blei Karmøys første teikneseriefestival, I-CAN gjennomført på Gamle Verkstedet i Skudeneshavn.

I-CAN står for International Comics and Animation festival of Norway. Det er eit i overkant ambisiøst namn på ein festival av denne størrelsen, men dei har orda sine i behald. Det med «International» blir besørga av den britiske (naturalisert) serieskaparen Ramzee (Ramsey Hassan), som deltok på den offisielle opninga fredag kveld, mellom anna med stunt-teikning («livedraw») og workshop om teikneseriar på laurdag dagtid. På laurdag var det også workshop i Animasjon for barn.

Utstilling av cosplay-effekter på Gamle Verkstedet. Programmet for I-CAN omfattet også et cosplayforedrag ved Wenche Jortveit

Festivalens hovudgjest, Linn Isabel Eielsen, er kanskje den mest omtala serieskaparen frå Haugesund sidan Steffen Kverneland. Ho flytta for kort tid sidan til Oslo for å starte på høgare studier, men var kome tilbake ein tur til heimetrakter for å fortelje om den kunstneriske løpebanen sin så langt, og planane framover. Eielsen er noko av ein multikunstnar; ho driv både med teikneseriar, musikk, prosa og lyrikk, og opptrådde som visesangar på opninga fredag, sjølv om ho same kvelden også drøfta teikneseriar – og stunt-teikna – saman med Josef Yohannes (The Urban Legend) og Ramzee.  

I-CAN framsto i det heile tatt som ein litt medieoverskridande kulturfestival i sitt første år. Ein annan av hovudgjestene, Skudenesfødde John Kåre Raake, har lang erfaring som serieskapar med det den gongen sensasjonelle albumet «Sture Rask Og Oljen Som Forsvant» (1986) og bladet Pyton. Men han har for lengst slutta med teikneseriar for å skrive filmmanus (og den mykje omtalte romanen «Isen»). Det meste interessante han for tida er involvert i, er manuset sitt til ein kommande storfilm om Heilag-Olav, så den fekk han snakke lengst om.

F.v. John Kåre Raake, Therese G. Eide og Linn Isabel Eielsen

Festivalen blei avrunda laurdag kveld med enkel middag til dei besøkande, paneldebatt med Eilesen, Raake og den tredje laurdagsgjesten Therese G. Eide, og til slutt konsert med den lokale gruppa Lystgass. Tema for paneldebatten var ytringsfridom for teiknarar, og sjølv om den ikkje to heilt av, hadde kvar deltakar med sin eigen relevante synsvinkel. Eielsen var mest oppteke av at sosial kontroll kan ha for mykje makt, og frykta for å miste truverd og respekt. Eide, som kan hevdast å vere ein meir kommersiell serieskapar enn Eielsen, snakka om kommersielle avgrensingar og trongen til å tilpasse seg det folk vil ha. Raake, som ser ut til å meine at hans mest kontroversielle dagar er bak han, snakka om korleis Pyton oppsto som ein protest mot at Norsk MAD var dominert av amerikanskimporterte materialet med større grad av sensur.

Animasjonsworkshopen var ein stor suksess, med rundt 70 deltakarar, som visstnok var på kapasitetsgrensa. Når det gjeld det totale besøkstalet for heile I-CAN innrømmer festivalsjef John Rullestad at det kunne vore bedre, men han har tru på at festivalen skal vokse neste år.  

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *