«Meet and greet» med Mørkalven


Torsdag inviterte Egmont til lansering av Mørkalven 3 – «Kontroll», på et Tøyen kledd i japansk drakt. Kirsebærtrea blomstra ute, lokalet inne var full av dekor og kostymer.

Forsideillustrasjon av Eden B. Melles. Alle fotografier av Anne Elisabeth Kaldhol.

-Som redaktør har eg behov for både voksenbleie og hjartemedisin, for eg veit aldri kva eg får tilsendt frå Kaldheim, innleia Tormod Løkling. Publikum fekk høyre at serieskaparen jobbar med manus i eit år utan å vise noko til redaktørane, før ho sender det frå seg. Det tredje bindet i Mørkalven-serien kom ut i starten av april, men lanseringsfesten tok plass på Deichman Tøyen 2.mai.

Deretter fortalde Helen Kaldheim om historia og mange bakgrunnsdetaljar. Caim og Mariie har kome seg vidare i jakta etter Jokernasjonen og dei er nå i Hjerternasjonen. Her møter dei nye vener og blir betre kjent med Bliss Evel, som tidlegare var med i første boka.

Interiør på Deichman Tøyen i høve arragementet

Mykje av arkitekturen i Hjerternasjonen er inspirert av kinesiske bygg, og Kaldheim er veldig glad i å teikne nye stader i kvar bok. Det visuelle teiknet på Hjerternasjonen med hjerter overalt og eit samfunn prega av strenge kjønnsroller, fokus på å vere anstendig kledd (Mariie får kjeft for å vise mykje hud) og ein religion med tilbeding av guden Ess.

Eit bibliotek spelar ei viktig rolle i «Kontroll» og det mange likheitstrekk med det verkelege biblioteket i Odda kommune. Når Bliss går inn i biblioteket, ser lesaren ein raud sofa der hennar uvenner sit saman og ei bokhylle. Som ung sat Helen Kaldheim i den raude sofaen i Odda og las mange ulike mangaseriar som fanst i bokhylla.

F.v. Helen Kaldheim, Silje Robberstad-Danielsen (Caim), Stina Robberstad-Danielsen (Casp), Aurora Rimehaug Godøy (Mariie) og Katrine Pagiwan Helland (Bliss).


Andre halvdel av sceneshowet var eit intervju med fire av karakterane frå serien, Caim, Casp, Mariie og Bliss. Her fekk vi lære til dømes at Casp er den mest etterspurte karakteren i serien, at Mariies karriere er delvis inspirert av influenserar i den verkelege verda, og at Caim gjerne vil ha nytt antrekk i neste bok. Dei fire cosplayarane haldt seg godt i karakter og skapte eit morosamt sceneshow med Kaldheim som intervjuar. Mot slutten var det quiz der karakterane og salen skulle svare på spørsmål. Desse blei gradvis vanskelegare, og publikum i salen gjekk av med sigeren til slutt! Seansen blei avslutta med liveteikning der publikum i salen ville sjå Totoro frå Studio Ghibli. Helen teikna etter hukommelsen og karakterane på scena blei også med på leiken.

Helen Kaldheim med rollegalleri

Kaldheim har sjølv ei fortid som cosplayar og er framleis aktiv. Fleire i publikum, tillegg til dei som bidrog på scena, hadde kledd seg ut som til dømes Caim, Seftis og andre karakterar frå serien. Kaldheim var tydeleg glad for dette.

Å kle seg ut som ein karakter frå til dømes ein film, eller ein mangaserie er cosplay. Ordet kjem frå engelsk, costume play (kostymespel) men forkortinga cosplay kjem frå Japan. Målet er å bli visuelt lik ein bestemt karakter gjennom kostyme og artefakt. Ein kan lage heile eller deler av kostymet sjølv.

Cosplay med quiz

Dei fire cosplayarane som blei intervjua på scena, går i det daglege under namna Silje Robberstad-Danielsen (Caim), Stina Robberstad-Danielsen (Casp), Aurora Rimehaug Godøy (Mariie) og Katrine Pagiwan Helland (Bliss). Alle er etablerte cosplayarar, og beskriver cosplaymiljøet som støttande, med eit fokus på skaparglede. Katrine hadde laga heile kostymet til Bliss sjølv, utanom kardiganen. Ho er i tillegg den opprinnelege skaparen av figuren Seff/Seftis, som også dukkar opp i dette bindet. Aurora har brukt ein stad mellom 80 og 100 timar på kostymet til Mariie, og har cosplaya i 2 år. Spesielt øyrene tok lang tid, dei blei laga frå botnen av. Ho laga kjolemønsteret sjølv og tilpassa kostymet. Silje og Stina har begge cosplaya i lang tid – 17 år og 11 år. Kostymet til Caim brukte Silje rundt ei arbeidsveke på, rundt 40 timar. Mange av mønstera kunne gjenbrukast frå andre kostymer.

Det var ein gjennomført japansk kveld, med mykje pynt som kimonodrakt hengande på veggen og parasollar i taket, det blei servert te laga av Tonje Tornes (som laga matcha-te for første gang) og musikk frå mellom anna Studio Ghibli-filmar. Kvelden blei avslutta med ein lang signeringskø.

Høyr også:
Intervju med Helen kaldheim i høve Teikneseriens Dag

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *