Redaktørens utval – Fem skuffelsar

Kva lever ikkje opp til sitt potensial i det årlege julehefteskredet?

Merk: Dette er ikkje dei dårlegaste julehefta, ikkje i reell forstand. Eg har lest ganske mange julehefter som eg er likegyldig til, og som ikkje gir meg noko glede. Desse fem hefta ga meg i alle fall litt glede, og er alle laga av redaktørar og serieskaparar som tydelegvis har prøvd å frambringe noko lesverdig. Problemet er som sagt at dei alle også har potensiale dei ikkje lever opp til.

**

1.Donalds Glade Jul
Av diverse skandinaver/36 sider/70 kr./Egmont

Den lange trykketida på julehefter gjer det vanskeleg å bedrive aktuell satire. Det er ikkje forlaget sin feil, men det er deira problem. I fjor representerte «Donalds Glade Jul» noko nytt og originalt, men i år blir det berre drøvtygging av fjorårets hefte, med dei same vitsane om Putin, Kim, murar, Melania og Donald Trump på julebesøk i Norge. Nesten alt materialet i årets hefte hadde vore like relevant i fjor. Henrik Rehr sine pastisjar er ypperlig teikna, men tanken bak er oppbrukt (eitt ord: «Greatiosa»). Mikael Sol sitt innslag var det eg likte best, hovudsakleg fordi streken hans er så stilisert at eg i alle fall slapp dei vanlege, heslege karikaturane i hans innslag.

**

2.Ruter

Av diverse/36 sider/65 kr./Egmont

Ettersom Rutetid går tilbake til Egmont ved nyttår, er bladet og juleheftet Ruter allereie på veg inn i Egmonts historiske fotnoter. Kanskje går det også same vegen med blandinga som vi er vane med, for Egmont er tilbakehaldne med informasjon om innholdet i det nye heftet Rutetid, anna enn at det blir ein del overraskingar.

Eg sakner blandinga mindre etter å ha lest Ruter julehefte, som tyr til nokre nødløysingar for å fylle bladet, i form av Whyatt-gags blåst opp til heile sider, og reprise på ein gammal Pyton-julehistorie av Tore Strand Olsen. Ellers blir det mykje av dei samme gamle Julenisse-gagsa. Men to serieteiknarar håper eg får ein plass i nye Rutetid (eventuelt ein annan stad): Arne G. Killingbergtrø, som står for nokre genuint originale julegags i årets hefte, og Magne Taraldsen, som morer seg med å blande Julenissen med diverse superhelt-origins. To lyspunkt i eit ellers kjedelig hefte.

**

3. Storefri
«Siste Dag Før Ferien»
Av Marius Henriksen/36 sider/65 kr./Strand Forlag

Kven ba om dette?

Viss endå ein norsk stripeserie skulle få prøve seg som eige julehefte, kvifor ikkje Hjalmar, Dunce, Bestis eller Hjemmefronten? Alle desse har vist seg i stand til å skape meir julestemning enn Marius Henriksens ungdomsskule (for eit høgaktuelt eksempel, les Hjalmar-stripene i det nyaste Pondus).

Rett skal vere rett, serieskaparen har laga ein ny skoleavsluttingshistorie til juleheftet, akkurat som han gjorde til sommarheftet, men igjen er det berre snakk om ein serie med laust samanhengande episodar. Henriksen har fleire gode gags viss ein ser på heftet under eitt, men det blir mykje «all dark sarcasm in the classrom», for å parafrasere Pink Floyd; einsformig humor plassert på ein einsformig bakgrunn.

**


4-5. Donald Duck & Co og Walt Disneys Julehefte
Av diverse/36 sider/65 kr./Egmont

Dei fleste av Donald-julehefta veit du kor du har frå år til år. Donalds julealbum er alltid bra, nokre gonger best, Carl Barks’ Jul er alltid bra, ofte best, Donald Ducks Julehistorier er sentimentale, men fantasirike, og Donald Duck – God Gammel Årgang er for dei som aldri kan få nok av den gamle teiknefilmhumoren.

Så har vi desse to, som begge har påtatt seg rolla med å vere raritetshefta. Raritetar finst det nok av i Disneys teikneseriearkiver, så spørsmålet frå år til år er bare om dei er interessante å lese. I år er svaret for det meste nei. Petter Smart i kamp med Kaptein Krok og heksa frå Snøhvit i DD, f.eks, er ein ekte kuriositet, men ein heller laus historie, og julekalenderhistoria i WD (også den eit kuriøst crossover-eksperiment) er syltynn. Unntaket er hovudhistoria i WD, «Innsjøens Redningsmenn», ein herlig intens øko-actionkomedie teikna av Daan Jippes etter manus av Carl Barks sjølv.    

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *