Redaktørens utvalde – Beste nostalgiske

Julehefta flommer over av gamalt stoff. Det kan vere slitsomt, men noko av det er verdt eit gjensyn. 

Reprisar er uunngåelege i jula, og dei fleste av oss vil gjerne ha det sånn, i alle fall til ein viss grad. På to av mine topp fem-lister har eg fokusert på julehefter med nytt, eller i alle fall tidlegare ukjent materiale. Men då nyopptrykk er umogeleg å unngå i juleheftebunken, kjem denne tredje og siste lista til å handle om hefta med det beste tidlegare utgjevne materialet. Sjølv om det kan vere plass til nye ting også her.

**


1.Juletre
Av diverse/84 sider/149 kr./Egmont & Norsk Barneblad

I mange generasjonar var Juletre Norsk Barneblads julehefte, heilt til redusert publiseringsfrekvens førte til at heftet ble slått saman med desembernummeret av det regulære bladet.

Men så dukka dette opp. Det er ikkje noko rundt jubileum for Juletre; heller ikkje for Norsk Barneblad, Solveig Muren Sanden eller Jens R. Nilssen, for den saks skuld (Smørbukk er 80 i år, viss det kan telle). Likevel har Egmont satsa på denne ekstra tjukke spesialutgåva som inneheld nokre av dei beste tekstane – kortnoveller, eventyr, minner og dikt – frå Juletre frå 50- til 70-talet. Litterære skikkelsar som Halldis Moren Vesaas, Alf Prøysen, Mikkje Fønhus Halvor J. Sandsdalen og Åsta Holth med fleire har bidrege til heftet, som er gjennomillustrert av Solveig Muren Sanden og Jens R. Nilssen. Dette er eit overflødigheitshorn av julestemning, generell nostalgi, og kloke og rørande små tekstar til ettertanke. Sjølvsagt er det også teikneseriar i heftet, eit utval av Smørbukk-sekvensar, men heile pakka er verdt å ta med seg inn i juleveka. Ikkje minst er Juletre 2019 ei viktig påminning om kor dyktige og viktige illustratørar Sanden og Nilssen var.

**

2. Stomperud På Eventyr
Skrive av Terje Nordberg, teikna av Magne Taraldsen/114 sider/149 kr./Egmont

Skuffelsen var stor då Stomperud På Eventyr, eit verkeleg vellukka forsøk på å fornye Stomperud, ikkje var blant årets julehefter i fjor. Men i år er Stomperuds stamtre tilbake, om ein på ein litt omstendelig måte. Årets hefte har ein heilt ny historie, men må seljast som bok samen med opptrykk av to tidlegare hefter for å få ein mjuk overgang tilbake til juleheftemarknaden.

Årets historie, «Det Hemmelige Våpenet» er lagt til den amerikanske borgerkrigen. Det verkar som eit litt oppbrukt tema samanlikna med dei historiske hendingane som er lagt til grunn i tidlegare hefter, og historia gjer ikkje noko nytt med det. Men utføringa er det ingen ting å seie på. Taraldsen er blitt ein stadig dyktigare teiknar (kva som enn skjer med bladet Rutetid og dette juleheftet, så håper eg Egmont har jobb til han i 2020 også), og Nordbergs manus er igjen handlingsmetta og full av og fine små satiriske og ironiske poeng. Årets historie bleiknar likevel litt mot viddet og originaliteten til «Kongesverdet»  frå 2015-heftet, nyopptrykt i same boka. Også inkludert er «Surströmingsfeiden» frå 2014. Ikkje ein ideell måte å pakke serien på, men alle historiene er verdt å lese, også om igjen, og å kjøpe dersom du manglar nokre av hefta frå før.       

**

3. Carl Barks’ Jul
Av Carl Barks/36 sider/65 kr./Egmont

Vel, det kan aldri slå feil med Carl Barks, kan det vel? Reint bortsett frå at sjølve julehistoriene begynner å bli oppbrukt, og heftet har i seinare år blitt nøydd til å greie seg med seriar der det i alle fall er snø. Men i år har redaksjonen greidd å grave fram ein skikkeleg julehistorie til, og det heilt utan snø! I «Storstormen på Kapp Kvakk» reddar Donald jula i kraft av å vere fyrvoktar. Dei andre to seriane er «Penger på is», ein veldig tidleg B-Gjengen-historie der årstida er særs relevant, og «Nattevakten», der årstida er irrelevant. Så årets hefte får fram breidda i Barks’ forfattarskap, både kronologisk og tematisk, trass i kravet om jule/vintertema. Og sanneleg om dei ikkje fann ei tidlegare ubrukt Barks-maleri med juletema til forsida!

**

4. Vangsgutane
Skrive av Nils Nordberg og Leif Halse, teikna av Ivan Andreassen og Jens R. Nilssen/60 kr/Fonna Forlag

Teamet Nordberg/Andreassen reindyrkar nå 50-tals gutedetektivsjangeren i sine nye Vangsgutane-historier, og det fungerer heilt greitt. Særleg med forsøksvis pikante detaljar som ein hemmeleg kult av nazi-æser, som i årets hefte. Men grunnen til at eg finner dette heftet verdt å nemne, er ein gamal sekvens der Kåre draumar juleevangeliet med seg sjølv og dei andre figurane frå serien i biroller. Det er eit finurlig påfunn, og det er noko uimotståeleg purt ved Kåres iver etter å lese i biletbibelen. Ein  påfølgande sekvens der Vangsgutane og Sterk-Ola eigenhendig får innlagt vatn på garden, er tilsvarande kjernesunt på sitt vis, og ei påminning om kor utruleg lenge det eigentleg er sidan 50-talet.

**

5.Flåklypa (Aukrusts Jul)
Skrive av Haakon W. Isachsen, teikna av Svein Samuelsen/36 sider/65 kr./Egmont

Dette er ein nostalgitripp som eg trur ingen eigenleg ønska, for som kjent er det ei naudløysing. Ein heilt ny Flåklypa-historie var jo klar, og den hadde sjølvsagt vore langt å føretrekke. Årets Flåklypa er eit opptrykk frå 2007, til irritasjon for mangeårige Flåklypa-lesarar, men har du ikkje det frå før, bør du absolutt kjøpe det. For sett i isolasjon er det ein herleg Flåklypa-episode. Solan og Ludvig skal heim til Flåklypa for å levere ein hemmeleg pakke til Reodor Felgen, men møtest tidlegare enn venta når Reodor dreg i gong eit gamalt damplokomotiv for å få passasjerane på Rørosbanen heim til jul. Dette er ein historie som har alt, tett handling, masse detaljar og med gode biroller til ein haug med Aukrust-figurar.    

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.