Redaktørens utval – Dei fem beste

Kva er verkeleg verdt å framheve frå det årlege julehefteskredet?

Nærmast rubbel og bit av årets julehefter er grundig diskutert av Serienetts forum allereie, og du kan finne ut meir om det her. Den store mengda med hefter som kjem kvar jul har lett for å bli til eit hav av likegyldigheit, men nokre hefter synes underteikna det er verdt å framheve, på godt og vondt. Vi begynner med det gode. Dette kaller eg dei fem beste hefta med nytt materiale.

**

1. Donald Julealbum
«Jul På Hjul»
Av Arild Midthun, Knut Nærum og Tormod Løkling/36 sider/65 kr./Egmont

På eit tidspunkt kan det vere at Arild Midthun og forfattarteamet hans sakna den gode mottakinga som 2013-heftet «Kampen Om Jula» fekk, og ville lage noko liknande igjen: Ein lang julehistorie med utgangspunkt i Don Rosas hovudverk «Onkel Skrues Liv Og Levnet». Så dei gjorde det. Og trass i utgangspunktet trakkar dei ikkje i gamle spor, heller. I staden har dei laga ein ellevill farse som aldri står i ro, der vi følger den nyrike Skrue og Gylne Gunda på ei reise gjennom heile Nord-Amerika med Skrues pengar i tønner og B-Gjengen hakk i hæl. Ein utruleg handlingsmetta historie så full av ordspel, ordkløyveri og kostelege blødmer at sjølv René Goscinny knapt kunne gjort det betre. Men sjølvsagt også med eit hjartevarmt sluttpoeng.  

**

2. Kollektivet
«Deilig er den himmel grå»
Av Torbjørn Lien/36 sider/70 kr./Egmont

Torbjørn Lien har fylt heile årets hefte med nytt materiale. Me er vane med det, men bra. Og det er snakk om ein samanhengande historie. Kan bli bra, han har fått det til før. Så eg opnar heftet, og det ser ut som ein slags oppfølgar til Nordpolstrilogien…med Julenissen på ein nordpol som er i ferd med å smelte. Og då får eg lyst til å gripe begeret og finne fram malurten frå skapet. For er ikkje klimaendringar på Nordpolen eit litt oppbrukt tema allereie? Men vent, det er ikkje det heftet handlar om! Eller, klimaendringar er eit tema, men det er subtilt innvevd (sånn skal det gjerast!) i ein annan, meir personleg historie der Ronny hamnar i eit parallelt univers og lærer noko viktig om seg sjølv og sine medmenneske. Moralen er god, og levert med stort truverd i ein vakker og original historie. Kanskje årets mest sci-fi julehefte er overraskande allmenngyldig, og verkeleg til ettertanke.

**

3. Pondus
Av Frode Øverli + gjest/ 36 sider/65 kr./Strand Forlag

Årets Pondus julehefte er, som så ofte før, raskt gjennomlese, men her er det trygt å seie at kvantitet blir oppvegd av kvalitet. Ikkje minst når det også er snakk om berre nytt materiale. Sjølvsagt er dette lettare å få til når talet på utgåver av det regulære Pondus-bladet er redusert frå 12 til 10, men likavel. Det hjelper også at Frode Øverli har introdusert fleire nye figurar i serien siste året, noko som også blir oppsummert i juleheftet, og har sett av plass til dei. Variasjon i tema er større enn på lenge, og ikkje eit svakt poeng i bunken. Gjestopptreden er av Bestis, som tek julekverulantane på kornet.

**

4. Lunch
«Tre Nøtter For Hovmesteren»
Av Børge Lund +gjest/36 sider/65 kr./Strand Forlag

Tittelen på årets hovudhistorie røper vel allereie mykje om tema, men det er meir ved den. Kjell vil veldig gjerne framføre «Grevinnen og Hovmesteren» på julebordet, men må ty til endå meir lureri enn vanleg for å komme i mål med prosjektet. Historien strekker seg langt når det gjelder beleilige slumptreff og bruken av Baches dumskap som deus ex machina, men når Børge set det heile i saman er resultatet ein fornøyeleg og intrikat farse.

Det er halve heftet, ikkje verst bare det. Resten er eit utval med brukbare Lunch-striper og ein fin filosofisk Hjemmefronten-historie om små barns forhold til Julenissen.      

**

5.Radio Gaga
«En Julefortelling»
Av Øyvind Sagåsen + gjester/36 sider/64 kr./Egmont

Også Radio Gaga kan by på ein lang spesialhistorie i år, basert på Dickens’ juleforteljing. Der har du eit utgangspunkt som det burde vere heilt umogeleg å finne noko originalt med lenger, men Sagåsen greier det. Magne er Scrooge, skjønner du, og forteljinga nytter høvet til å gi oss innblikk i personlegdomen til den relativt nye skikkelsen. Gagas juleforteljing er noko meir fragmentarisk enn dei andre spesialhistoriene på denne lista, og sluttar veldig brått med ein punchline (nokre etterfølgande kommentarar hadde gitt historia meir fynd). Derfor er den lågast på favorittlista.

Ellers er det mykje bra julestemning i dei ordinære stripene, og. Fru Paulsen og junior tek førsteprisen når det gjeld å kombinere Radio Gaga-humoren med rørande julekos.

Therese G. Eide har laga ein gjesteserie til dette heftet og, det same har Lars Lauvik men. Hjemmefronten tek det moderne kalenderpresset på kornet, mens Eon blir litt vel tunglabba, slik serien har ein tendens til.

2 tanker om “Redaktørens utval – Dei fem beste

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.