
Har Teikneseriens Dag og Free Comic Book Day ei framtid? Serix-panelet deler inntrykk.
I den første Serix-sendinga frå Teikneseriens Dag 2025 snakkar Kristian Hellsund, Knut Robert Knutsen og Trond Sätre om dagen. Vi anbefalar særleg den argentinske sci-fi-klassikaren The Eternaut (El Eternauta, avbilda) av Oesterheld og Lopez, før vi går over til å drøfte fenomenet Free Comic Book Day. Fungerer den, eller er det berre trufaste lesarar som nytter høvet til å plukke med seg ei handfull ekstra gratis teikneseriar? Utvider ein demografien?
Denne podkasten er tidlegare kringkasta som direkte videosending på Serienett si facebook-gruppe 3. mai.