
«Venstre på speed» er serieskapar Johan H. Andresens beskriving av partiet Fritt i teikneserien med same namn. Då passa det bra med lansering på Venstres hus i Oslo.
Alle fotografier av Anne Elisabeth Kaldhol.
For vel ein månad sidan vart ein av Noregs rikaste menn, Johan H. Andresen, “avslørt” som forfattar av «Fritt», ei politisk teikneseriestripe i Noreg. Det var vel få som såg den komme.
Med ei viss spenning troppar eg opp på Venstres Hus, like ved Youngstorget i Oslo sentrum, om ettermiddagen den 16 mai. Det er ei blanda forsamling i salen med tre profesjonelle fotografar, folk frå ulike delar finans-Noreg, ein liten gjeng med teikneserie-fans og Serienetts utsende sit på første rad saman med Jorun Sofie F. Aartun, journalist i Dagens Næringsliv. Ein del i salen var nok på deira første teikneserielansering.

Eg har lest teikneserien Fritt heilt sidan starten. Serien har skilt seg litt ut, fordi det ikkje har vore nokon andre politiske teikneseriar i blada den har gått i (hovudsakleg Rutetid). For meg har det vore ein relativt gjennomsnittleg norsk stripeserie, der ein ler av dei fleste stripene og likar satiren, hugsar nokon av dei gode poenga og likar ulike detaljar med streken i teikneserien. Og eg har ikkje tenkt noko nemneverdig over kven skaparen er, anna enn at det er uvanleg at vedkomande er anonym og gøymd bak initsiala AHJ. No veit alle at det er Johan H. Andresen, eigar av investeringsselskapet Ferd, og ihuga teikneseriefan, som står bak serien.
Tonje Tornes frå TNT forlag innleia med at ho eigentleg er veldig dårleg på å halde hemmelegheiter, men denne klarte ho å halde i nesten seks år. Utanom redaktørane visste ingen kven som skreiv serien. Ikkje ein gong seriens teiknar, Bjørnar K. Meisler, som fortel at det var litt rart å bli kontakta av Tonje om serien med ein anonym forfattar. Han trudde først det var Trond Giske, så Arne Hjeltnes, men fekk vite etter ei tid at det Andresen.

Guri Melby, partileiar i Venstre, innleia samtalen med Andresen med å seie at ho set pris på å skulle vere den som spør spørsmåla i eit intervju, for det som regel ho som blir intervjua. Meisler live-teikna ein illustrasjon av Johan og Guri under intervjuet.
På spørsmål om kvifor han laga ein teikneserie, fortel Andresen at han har tru på å prøve ulike ting. Han kan ikkje teikne med pistol mot hovudet, men opplevde at han var god på skrive og fekk ideen om at han ville lage ein teikneserie. Ein er aldri for gamal til å kjenne på meistring.
Eit av poenga med å vere anonym var å la serien få bli litt kjent først, før han ville avsløre at han sto bak. Tida vil vise om serien blir påverka av Andresen no er offentleg kjent som forfattaren.

«Jørgen er ikkje meg», understrekar Andresen, og seier om seriens hovudperson at han er ein idealist med eit stort hjarte og han «kjempar kun for tapte saker». Eit kvart parti bør ha nokre saker som er crazy og litt «ute der». Inspirert av nokon på Tynset og i Danmark kom saken «Alle har rett til å komme» (seksuelt sett).
Det er eit poeng i serien at striper kan tolkast på ulike måtar, og at dei har fleire lag i seg, slik at ein kan lese inn ulike ting i ei stripe. Eit av måla er å vere tankevekkande og å invitere til ein verdibasert debatt om ulike tema. Å la lesaren sitte igjen med ein «kva om»-tanke.

Ein måtte sjølvsagt også komme litt inn på den politiske diskusjonen. Andresen meiner at ein treng politikarar med svin på skogen, og at politikken treng fleire som ikkje tek seg sjølv så høgtidleg. Han såg det som naturleg å leggje inn noko av engasjementet sitt for krigen i Ukraina i serien. Mellom anna var dette tema for ein Fritt-spesialhistorie i Rutetid julehefte 2022.
Manuset blir skrive av Andresen så detaljert han kan, så teiknar Bjørnar K. Meisler det «betre enn eg kan forestille meg» og Trine Lise Normann står for fargelegging. Børge Lund, begge er fan av fluefiske, gav han rådet «Stol på dialogen» og at dialogen burde kunne bere serien utan illustrasjonar.
Vegen vidare for serien er litt usikker, men ungdomspartiet som nyleg blei starta opp opnar for nye krumspring.






