
I den nyaste podcastsendinga frå Serix oppsummerer Arild Wærness og Knut Robert Knutsen årets Bergen Tekst & tegning.
Bergen Tekst & Tegning (BTT) blei arrangert 17. til 19. november på hovudbiblioteket i Bergen. Var det ein festival, eller var det noko anna? Det var i alle fall mykje, og gjevande for både deltakarar og dei som var til stades.
Årets tema var helse i teikneseriar, eller «graphic medicine», som det heiter på fagspråket. Serieskaparane Malin Biller, Karstein Volle og Ingebjørg Jensen behandla temaet på ulike måtar. Ingebjørg presenterte ein animasjonsfilm basert på teikneserien «Bomber over barneskolen» og snakka om krig og krigens etterverknader rundt denne.

Arild Midthun og Tommy Sydsæter snakka om moderne norsk teikneseriehistorie, og det blei ein runde om årets julehefter. Øyvind Sagåsen var både seminardeltakar og workshop-leiar. Ei samling av europeiske teikneserieekspertar som Paul Gravett, Fredrik Strömberg, Lida Tsene, Pawel Timofiejuk og Ville Hänninen bidro med rik informasjon og innsikt.
Øvst: Panel om julehefter leia av Arild Wærness (lengst til venstre). F.v. Ville Hänninen, Arild Midthun, Fredrik Strömberg og Øyvind Sagåsen. Fotografier av Kristian Hellesund.