Sprint som Bildungsroman

Sprint som Bildungsroman

Sprint Spesial går endå lenger tilbake til seriens røter. I albumet «Ung og Naiv» møter vi ein yngre og vaksnare Sprint.

Forlaget Dupuis tok i 2006 det grepet å starte ein ekstraserie, ein spesialserie, med Sprint og Kvikk.  Vi har tidlegare sett desse i mellom anna Yann & Schwartz sin trilogi, utgiven i Noreg frå 2017 til 2018, der vi møter Sprint og Kvikk på slutten av, og i etterspelet til, andre verdskrig.

Dette er meir vaksne og visuelt fristilte versjonar som går attende i tidlegare periodar der ein rett nok hadde Sprint, men han kanskje ikkje sto så fri til å samhandle med omgjevnadene som no.

Émile Bravo, som ein meir uavhengig og skjønnlitterært orientert serieskapar,  vever ei interessant og engasjerande forteljing som viser fram skuggesider ved tilværet i mellomkrigstida sitt Belgia, sider som elles ikkje har kome så tydeleg fram i seriar som Sprint.

Sprint debuterte i 1938 (same året som denne historia begynner), og var som Vangsgutane her i Norge til ein viss grad eit «moralsk alternativ» til pøbelstrekane i amerikanske seriar, men det betyr òg at mange ting ved samfunnet vart usagt. Dette var spesielt tydeleg når krigen braut ut. Alle publikasjonar vart underlagt Nazi-sensur, og Sprint og andre seriefigurar vart sende av garde til eksotiske reisemål for å ikkje engasjere seg i det som skjedde på heimefronten. I det meste av sine 80 år har Sprint vore underhaldande eskapisme, og ikkje stort anna.

Allereie i den fem sider lange prologen demonstrerer Émile Bravo tydeleg at han vil takle vaksne og tidsriktige tema, om enn på ein så varleg måte at det ikkje er sikkert at barn oppfattar det.

Vi møter ein foreldrelaus Sprint som, etter å ha vorte kasta ut av ein katolske barneheim, skapar seg eit nytt liv på Moustic (Myggen) Hotel, med ein innful antagonist i dørvakta Entresol og ein mogeleg romanse med ei vakker stuepike. Alt dette mens han møter Kvikk, ein innpåsliten journalist frå avisa som også heiter «Myggen».  Gjestar inkluderer kjendisar som gøymer seg for pressa, og utanlandske diplomatar i hemmelege møter.

Derifrå utviklar det seg eitt komplisert, men oversiktleg plot med ein del tidsriktige innslag av storpolitikk og tidas sosiale haldningar. Sprint får oppleve daud, kjærleik, vennskap, og hans interesse for omverda og politikk vert vekka. Vi får sjå eit Belgia fullt av konfliktar og håp, men på randen av krig.

Persongalleriet, både Sprint sine unge venar som spelar fotball på «løkka» og hotellet med personale og gjestar er velutvikla, nyansert og truverdig; det gir ei ekstra forankring i Brussel som ein mangfaldig by utan at ein trenger å utforske den særleg utover dei få faste settingane.

Teiknestilen er enkel, spesielt på karakterane, ikkje så spenstig, dynamisk eller rask som i dei vanlege albuma, men likevel med nok detaljar i bakgrunnar og settingar til å skape eit roleg tempo i lesinga. Dette er eit album som er laga for å lesast og fordøyast sakte og ettertenksamt.

Der er mange ting, frå innhald til teiknestil og vidare til nivået på action og visuell spenning, som er veldig annleis enn vanlege Sprint-Album eller til og med serien til Yann og Schwartz.
Der Sprint til vanleg er actionkomedie, med vekslande trykk på action og komedie, er Émile Bravo sin Sprint som ein av Robert Altman sine spelefilmar: sjølv om kvar karakter har sin eigen, form-riktige utvikling, så er det sjølve miljøet som karakterane lever og handlar i som er hovudpersonen.

Sprint – Ung og naiv gir oss uvante versjonar av Sprint og Kvikk, i det ytre veldig like, men vridd litt på for å kunne fungere i ei historie der tema som førkrigstida og krigen vert konfrontert i staden for at ein hengir seg til eskapisme. Dermed kan ein gjere dei annleis på ein måte som faste Sprint-lesarar ikkje nødvendigvis set pris på. 

I tone så appellerer denne serien meir til eit publikum som, av frankofone seriar, heller leser Aya Frå Yopougon, Fremtidens Araber eller Persepolis enn Sprint. 

Sprint – Ung og Naiv er til tider ein forfriskande oppvekstroman om Sprint slik han kanskje opphavleg var, og til tider eit engasjerande tidsportrett av eit samfunn på randen av andre verdskrig. Den handlar ikkje om å redde verda, men om at kvar ein liten siger kan nå langt.

Absolutt anbefalt til både faste lesarar av Sprint og lesarar som er meir interessert i realistiske seriar om denne historiske perioden.

Emile Bravo har i ettertid fått i oppdrag å lage fire nye Sprint-album lagt i denne perioden. Det første av desse er allereie kome på fransk, og forlaget lover at dette kjem på norsk 31. mai.


Sprint – Ung og Naiv
Av Émile Bravo
Omsett av Arvid Skancke-Knutsen
75 sider
Kr 99,90
Egmont Kids Media

3 thoughts on “Sprint som Bildungsroman

  1. Bonjour
    Je suis le webmaster du blog sur Emile Bravo
    Je n’ai pas compris avec le traducteur automatique le sens de cet article.
    Il s’agit d’une nouvelle édition? d’un jeu?
    Amitiés

    Hallo
    Ik ben de webmaster van de blog over Emile Bravo
    Ik begreep niet met de automatische vertaler de betekenis van dit artikel.
    Dit is een nieuwe editie? van een spel?
    vriendschappen
    Jean marc

    1. Hi.
      I’ll answer in English, as that will translate easier.
      This is a review of the Norwegian edition of «Spirou: Le journal d’un Ingenue». It is a positive review, but emphasises the ways that it is different from the regular series.

      The album was released here just this past week, and the next album will be released in Norway at the end of May.

      Google translate may have had difficulties because I write in «Nynorsk», the minority language form, and Google and other translation services do not accomodate that.

      Knut Robert

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

WP Twitter Auto Publish Powered By : XYZScripts.com