Stemning over framdrift

Mykje rolegare tempo, fokus på landskap og mengder med tilsynelatande sidespor skaper, ironisk nok, det beste Krüger og Krogh-albumet hittil.

Dei to agentane Jacob Krüger og Otto Krogh er tilsette hos AFMA, «Avsnitt For Mellemliggende Anliggender», eit fiktivt etterretningsorgan viss jobb det er å leite etter, og løyse, overnaturlege problem i Noreg. Dette altså til forveksling likt “Norges undergrunnsregjering” i min og Geir Moen sin serie «De Fire Store«, og “skyggeregjeringa” i “Arne Treholt og Ninjatroppen”, som først var ein film, og deretter ein teikneserie av John Jamtli og Andreas Kirkwood Brown. Så ein kan hevde at dette er ein heilt eigen subsjanger av sjangeren ‘kontrafaktisk historiethriller’.

Litt av gleda med sjangeren er å la lesarane kose seg med å leite etter reelle historiske referanser, og samstundes bruke all den reelle historia for å gjere sjangerelementa (spøkelse, vampyrar, ninjaer eller robot-zombier) meir truverdige.

Krüger og Krogh har tradisjonelt vore litt forsiktige med sjangerelementa. Dette har kanskje gjort serien meir allment tilgjengeleg, men for meg, som tåler ganske mykje suspension of disbelief så lenge noko er gøy nok, har det ført til ei kjensle av at serien held litt igjen. Dette tredje bindet held igjen endå meir, men overraskande nok er det ein opptur, fordi det held fokus på det serieskaparane likar aller best: Tidskoloritt.

På første side får vi vite at det er noko i havet utanfor Andøya, kanskje eit monster, kanskje ikkje. Det er pent og proft men veldig lite originalt som anslag, det er den klassiske X-files-åpninga.

Etter anslaget går vi rett til ein sekvens med etterretningspolitikk. Historiske figurar som Jens Christian Hauge og Vilhelm Evang dukkar opp, og for lesarar som ikkje har knaggar å henge dei namna på, kan denne biten lett bli litt «talking heads». Den er også skjemma av dialog som dette:

«Takk for at De holder en hånd over oss, Skyggen!»

«Skyggen har jeg ikke vært siden mai 1945! Kall meg Hauge, eller bare Jens Christian!»

Her ville infobokser eller fotnotar fungert betre. Hauge er av dei mest kjente nordmennene i si samtid, du kan sjå for deg ei scene der Trump seier ‘Kall meg Trump, Donald Trump’. Om Høvdingen, norsk etterretningsmann i 1965, ikkje veit kven Jens Christian Hauge er, har han litt å gå på. Serien bruker også fotnotar seinare, så grepet er ikkje ‘forbudt’.

Men det er ein vanskeleg sekvens å lage: Samtalen skal etablere veldig mange detaljar og interne konfliktar på så kort tid som mogleg. Evang og Hauge har nemlig ei makt- og budsjettkonflikt gåande, som seinare pressar Høvdingen, og K&K.

Eg vil tru lesarar som har eit nærare forhold til folk som Evang og Hauge enn meg kosar seg endå meir, medan lesarar som veit endå mindre om Evang og Hauge enn meg synest dette blir litt tørt.

Dei detaljrike bakgrunnane hjelper likevel så dette ikkje berre vert “talking heads”. Spesielt oppslaget med folketeaterbygninga er imponerande, og ein merkar at alt skjer på ekte stader.

Når Krüger og Krogh kjem inn i plottet, er det igjen kjensla av stad som gjer serien så bra. Dei to agentane vert sende til Andøya, og serien brukar godt med tid på å skildre plassen. Finurlege tekniske detaljar, som stein i bilane, lyd, temperatur, sjøsprøyt, lukt, og vind. Vinden er nesten ein karakter i seg sjølv, allereie markant til stade på bokomslaget. Det enorme monsteret som (kanskje?) skjuler seg i havet, kjennest som ei naturleg forlenging av naturen.

Det er masse skildringar av lokalt liv, det er antydingar til flørting (her håper eg dei jobbar litt meir med mimikken til Krüger neste gong, for hans “forelska” fjes ser i grunnen creepy ut), det er truverdige skildringar av militær oppførsel som vekslar mellom stålproff og klumsete, og det er ein heilt uventa cameo av hippie-legenden John C. Lilly. Lilly var så vidt eg veit aldri på Andøya, men som passar fint inn både som kval-entusiast og som ein freistande ny bekjentskap for Krüger. Om dette høyrest mykje ut, så er det det!

Det politiske renkespelet, som var litt tungt å komme inn i i starten, vert også brukt veldig bra utover. Det viser seg nemleg –

at Krüger og Krogh sin øvstkommanderande, Høvdingen, veldig gjerne vil at dei skal finne eitt eller anna overnaturleg! Dette fordi AFMA elles vil risikere nedlegging. (Og så vidt vi veit finst det jo ikkje noko AFMA i dag, så …)

Dette kjennest som ei finte. For hittil har jo heile plottet handla om at vi veit at noko er der nede, og at alle seier «nei, det er ingenting overnaturleg», og då veit ein jo at dei kjem til å finne noko overnaturleg. Kva skal vi forvente no?

Serien sluttar på ein cliffhanger, som ein “del 1” gjerne gjer. At norske serieromanar ofte ikkje finn økonomi i å sleppe heile historia på ein gong, har ofte irritert meg litt. Det kjennast gjerne som eit grep gjort meir av businessgrunnar enn fordi boka har best av det. Men slik opplevast det ikkje i «Nord og Ned del 1». Stemningsbygginga er poenget, og då er det ein lettelse at dei ikkje pressar inn for mykje av mysteriet. Mysteriet får vere mystisk. Og reisa, og menneska, og landskapet på Andøya, er målet.


Krüger og Krogh 3_ Nord og ned, del 1
Av Ronald Kabicek, Bjarte Agdestein og Endre Skandfer
80 sider
329 kr. (veil.)
Strand Forlag


Les også om dei andre albuma i serien:
Brennpunkt Oslo
Spøkelseståken

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *