Maskinar i Nirvana

Robin Cousins Jean Melvilles profil er ei høgst aktuell og spanande påminning om forbrukaren si avmakt i møte med teknologien og overvakingskapitalismen.

To unge fiskar er ute og svømmer då dei treff på ein eldre fisk som svømmer den andre vegen. Han nikkar til dei og seier «God morgon, gutar. Korleis er vatnet?». Dei to unge fiskane svømmer vidare ei stund, og etter kvart ser den eine på den andre og seier «Kva faen er vatn?».

Eg kom til å tenke på denne vitsen mens eg las Robin Cousins Jean Melvilles profil. Boka handlar mellom anna om internett, om korleis me lar oss sluke av noko større som omgir oss, men som me ikkje tenker over eller forstår. Onlinepersonlegdomane våre blir stundom meir verkelege enn våre fysiske sjølve, og kva med tankane våre? Er din tanke verkeleg, som songen seier, fri? Eller har me uforvarande gitt tankane bort til Google og Facebook? I Cousins bok er private tankar ikkje berre dei multinasjonale tech-selskapa sin eigedom, dei er også i ferd med å bli erstatta av input frå teknologien. I mellomtida svømmer brukarane umedvitne vidare.


Jean Melvilles profil er ei melankolsk og dystopisk detektivhistorie som involverer personleg tragedie, vennskap og overvakingskapitalisme. Som krimforteljingar flest begynner det med noko som verkar enkelt nok, men som gradvis utviklar seg til ei kompleks intrige. Etterforskaren Gary jobbar i detekttivbyrået Gaggioli. Dei blir kontakta av det multinasjonale selskapet Jimini som marknadsfører nettbrillene og appen Jimini Me; ein slags livs-coach som er gratis og lover endring av brukarane sitt liv. Selskapet mistenker at nokon prøver å sabotere interenettkablane som bind saman Europa, Afrika og Amerika, og dimed, indirekte, saboterer Jimini. Gary blir sett til å spane på mogelege mistenkte og får selskap av barndomskompisen Jean, ein hypermnetisk, deperimert, hasjrøykande konspirasjonsteoretikar. Men er dei eigentleg berre brikker i eit større spel?

Sentralt i historia er også minne. Jean, som hugsar alt han opplever i detalj, bearbeider traume ved å legge inn minna sine i den eksperimentelle appen RCC, eit av dei siste stadene på internett som ikkje er overvaka. Desse minna skal seinare bli viktige for oppklaringa av saka. Boka er også ramma inn av Garys minne, noko som kanskje fortel oss viktigheita av å ikkje overlate oss sjølv til Google eller Wikipedia. Eller til eit anna selskap med totalitære ambisjonar, slik som Jimini.

Boka er teikna i ein klassisk fransk-belgisk ligne claire-tradisjon og gjennomgåande farga i gråsjatteringar. Dei einaste farga områda er dei teknologiske elementa; skjermar, nettbrillene, og etter kvart dei psykedelisk-poetiske elementa som veks ut av Jeans RCC-forum. Verda er grå og kjedeleg, men den digitale tidtrøyta fargar liva våre. Det er eit enkelt, men effektivt verkemiddel som både fungerer som ein kontrast mellom den digitale og den fysiske verda, og mellom dei to konkurrerande digitale verdene. RCC framstår som kaotisk, uføreseieleg og vakker, medan Jimini er ryddig, stringent og kald.

Det er særleg dette gjennomtenkte samspelet mellom bilete og tekst som hever forteljinga til noko meir enn ein vanleg krim. Det er både eit medrivande portrett av ein ambivalent vennskap, ei spanande intrige, og ein kritikk av ikkje berre overvakingskapitalismen, men forbrukaren som lar seg sluke av han. Det komplekse i at Jimini Me-brillene både skapar menneskelege droner som lar vala sine bli styrt av algoritmar, samtidig som dei bidrar til auka tilfredsheit og livskvalitet, også hjå Gary, gir boka ei djupn ein sjeldan finn i kriminalhistorier. Gary sjølv er elles ein uvanleg lukka og litt grå hovudperson, men han er likevel den som gir forteljinga den menneskelegheita ho treng.

Det er strålande at små (eller mikroskopiske, som dei omtalar seg sjølve som) forlag som Epic tar på seg å omsetje kvalitetsteikneseriar. I haust kjem dei jamvel ut med endå ei bok av Robert Cousin. Eg gler meg allereie.



Jean Melvilles profil
Av Robin Cousin
Omsett av Trine Haaland
216 sider
300 kr.
epic.no

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *