Ei veke før utdelinga på OCX er kandidatane til «Årets Tegneserie» klar. Lista er domnert av auteurprosjekt frå kjente serieskaparar, med eitt unnatak
Det er sjuande året prisen blir delt ut, som vanleg i samband med Oslo Comics Expo. I år skjer utdelinga på laurdag 18. juni, klokka 21.00 på Serieteket, som siste programposten før den store OCX-festen
Tidlegare vinnarar er Anja Dahle Øverbye for Hundedagar i 2016, Lars Fiske for Grosz i 2017, Kristoffer Kjølberg for En som het i 2018, Steffen Kverneland for En frivillig død i 2019, Mette K. Hellenes for Kebbelife: Burning Babe i 2020, og Kristan Krohg-Sørensen for Gulosten: Gentlemansforbryteren i 2021. Med unnatak av første året har alle vinnarar vore utgjeve av No Comprendo Press.
Prisen går til ein norsk teikneserieskapar som, etter juryens meining, har utmerka seg på et høyt fagleg nivå, og inkluderer ein pengepremie på 40 000 kroner.
Serienett hadde dette å seie om de fem nominerte (følg lenkene for fullstendige anmeldingar):
O bli hos meg
Av Lene Ask
No Comprendo Press
«Oppsettet er såpass enkelt, og historiene så interessante, at man kunne fortsatt å lese denne typen bok flere hundre sider til ende. Faktisk er det litt som å scrolle gjennom memes eller bilder på Instagram, og man får aldri nok.»
*
Brillegeit
Av Steffen Kverneland
No Comprendo Press
Katten og Kråka
Av Arild Torvund, Trine Lise Normann og Are Edvardsen
Überpress
*
Weltschmerz # 10 A
Av Christopher Nielsen
No Comprendo Press
«Me snakkar klassisk einmanns undergrunnsantologi i ein litt oppsvulma middagshøgdeversjon. Det kjennest både nostalgisk og kjent, samtidig som det kjennest nytt og friskt i den norske teikneseriefloraen, noko som må seiast å vere ei bragd. Eg kan ikkje hugse sist det var så utmattande å lese ein ny norsk teikneserie. Og eg meiner det positivt.»
*
Ubesvart Anrop
Av Nora Dåsnes
Aschehoug