At «Katten og kråka» endeleg gir Trine Lise Normann høve til å utfalde seg skikkeleg, er god nok grunn til at den skal eksistere.
«Katten og kråka» kunne vore ein 20 siders teikneserie frå ein av Überpress’ antologiar utan at sjølve historia hadde tapt seg noko. Den mest sannsynlege grunnen til at historia er «est opp» til eit 60 siders HC teikneseriealbum (pluss bakgrunnsmateriale), er for å gi den faste antologi–bidragsytaren Trine Lise Normann (også kjent som fargeleggjar på SideQuest) ein sjanse til å utfalde seg og vise kva dyktig handverk ho kan prestere med litt meir plass. Det verkar som heilt fornuftig prioritering av forlaget; antologien som format har sine naturlege avgrensingar, og Egmont har dei siste åra vist bransjen kor nyttig det kan vere, både i forhold til boksal og presse, å jobbe for å skape «stjerner».
Historia er som allereie antyda nokså ukomplisert: Eit vogntog leia av ein trollmann er på veg heim til borga dei flykta frå nokre år tidlegare. Ei kråke som er med i følget flyr i forvegen og oppdagar at ein diger, eldsprutande drake i mellomtida har flytta inn i borga. Han og vogntoget sin katt prøver å åtvare menneska, noko som ikkje hadde vore eit problem dersom trollmannen kunne snakke med dyr, som han påstår. Dessverre har den inkompetente trollmannen jugd om dette, og sikkert mykje anna, på CVen. Han anar fred og inga fare, og fortel dette til sitt tillitsfulle følgje. Katten og kråka blir nøydde til å ordne opp i problemet sjølv.
Normann gjer det meste ut av historia. Ho briljerer både med komposisjon, bevegelsar, vinklingar, ansiktsuttrykk og fargar. Eit signaturtrekk som ho allereie verkar å ha etablert, er dei «animerte takingane», der ein følger bevegelsane til figurane over ei dobbel heilside. Dette nyttar ho til ekstra overtydande effekt over ein tre sider lang, detaljrik sekvens der katten og kråka forserer «kaninholene» til dei underjordiske
Ein slik grad av profesjonalitet både i strek og fagre er inga sjølvfølge hos ein middels erfaren teiknar, men illustrasjonane hennar er utan skjønnheitsfeil. Mest av alt, og føreseieleg nok, kan stilen hennar samanliknast med klassisk teiknefilm. Kvar lesar vil nok ha si eiga førestilling om kva teiknefilm eller studio som «Katten og kråka» liknar mest på. Eg har ikkje den nødvendige føresetnaden for å vite kva som eigenleg inspirerte Normann mest personleg, men meiner at illustrasjonane ligg nærare Don Bluth enn Disney. Figurane er søte, men har grove ansiktstrekk; både dei og miljøet deira har noko litt mørkt og uroleg over seg som minner om Bluths filmar. 40-talets Tom & Jerry er også nærliggande å påpeike som ei mogeleg inspirasjonskjelde. Og ikkje berre fordi hovudpersonane sin musekompanjong liknar Jerry.
Det er mykje illustrasjonsdrive personlegdom hos særskilt dyrefigurane, men også hos dei underjordiske som bur i skogen ved borga. Her har Normann funne fram til ein design som blandar nordiske myter med meir internasjonale eventyr- og teiknefilmimpulsar; dei kan best beskrivast som rotteaktige nissar eller småtroll.
Ikkje at ein heilt skal undervurdere bidraget til manusforfattar Arild Torvund Olsen med Are Edvardsen på skissemanus. Hovudkarakterane er faktisk passelege komplekse, der dei er motivert både av sjølvopphaldsdrift (dei har vent seg til å få mat) og av omtanke for sine menneskelege kompanjongar. Dei er kameratar, men dei ulike personlegdomane opnar likevel for konflikt, utan at det nokon gong eskalerer ut av kontroll for å skape billig drama. Fleira av dei bifigurane, enten dei er dyr eller fabelvesen, får også vise fleire ulike karaktertrekk på det vesle dei får av plass.
Vidare har historia opptil fleire økologiske bodskap av det litt meir subtile slaget: Katastrofen som tvang menneska på flukt til å begynne, med skuldast ein fimbulvinter forårsaka av eit vulkanutbrot (notata bak i boka stadfester at dette er ein referanse til «Året utan sommar» i 1816). Revens sinne mot menneska høyrest ut som om ein ulv skulle argumentere for si side av saka i rovdyrdebatten, medan revens og dei underjordiske sitt syn på kva som bør gjerast med draken røper kor kort- eller langsiktig dei tenkjer. Og så har vi menneska, som stolar blindt på den autoritetspersonen som fortel dei kva dei vil høyre…
Ikkje at noko av dette er nødvendig å lese inn i «Katten og kråka» for å få tilstrekkeleg utbytte av albumet. Eventyret utspelar seg i eit univers med mange lag, men held heile tida lesaren oppteke med det ytre mikrouniverset.
Katten og kråka
Skrive av Arild Torvund Olsen, teikna av Trine Lise Normann, skissemanus av Are Edvardsen
76 sider
299 kr.
Überpress