Det motsette av livslede

Å opne eit nytt nummer av Weltschmerz er som å kome heim igjen. 

Det vil seie, viss heime er ein kakafoni av ulike stilartar og uttrykk, prega av eit stadig skiftande rollegalleri som veltar seg i ein orgie av sex, vald og dop. Eg seier nummer, sjølv om dette strengt tatt er ei bok, men kjensla er liknande dei blada ein på nittitalet plukka opp på Narvesen og las fillete (apropos: nokon burde straks samle dette materialet i bokform!)

Me snakkar klassisk einmanns undergrunnsantologi i ein litt oppsvulma middagshøgdeversjon. Det kjennest både nostalgisk og kjent, samtidig som det kjennest nytt og friskt i den norske teikneseriefloraen, noko som må seiast å vere ei bragd. Eg kan ikkje hugse sist det var så utmattande å lese ein ny norsk teikneserie. Og eg meiner det positivt.

Nielsen, som nesten må reknast som ein slags guddom i det norske teikneseriemiljøet, er vanskeleg å kategorisere eller definere: Han berre er. Det gjeld også denne boka. Me får servert ei blanding av sjangrar, stilartar og narrativ utan (ved første augekast) synleg samanheng. Her er det slapstick, satire (og av og til SATIRE!), politiske manifest og eksperimentelle teikneseriar. For å nemne noko. «Frontman» og «Utdrikningslaget» er vintage Weltschmertz og viser at Nielsen framleis har ein del rølp i seg. Fleire av tekstane har også tydeleg til hensikt å provosere, med vekslande hell. Serien om Jesu tilbakekomst er akkurat så over the top som han må vere, mens vitsinga med ammemafiaen i «Mother Hood» blir ein litt enkel provokasjon. I «Min strek» får lesaren stadfesta at (newsflash!) sex, vald og rus er «de tre pillarer for fengende historiefortelling, og [Nielsens] kunstneriske modus operandi». Dette ser me eksemplifisert i «Ballato og Ballaen», ein serie om to testiklar som gjer alt dei kan for å stå fram som familievennlege, men som heile tida hamnar i kompromitterande og «vovede» situasjonar.

Ein av dei mest interessante tekstane i boka er eit lengre illustrert essay, «The Quest for Utopia or Bust!», der Nielsen reflekterer over ein del av dei utfordringane me står ovanfor i dag, ofte på ein sjokkerande uironisk måte. Det tok ei stund før eg våga å ta teksten for det han var; det er uvant, men svært tilfredsstillande. Denne teksten fungerer også som eit slags manifest for heile utgjevinga (og for Nielsens kunstnarlege prosjekt, kanskje?), og vil vonleg bli utforska meir i Weltschmerz 10B, som er venta neste år.

Av dei beste seriane kan ein trekkje fram både «Blind Drunk», som skildrar ein avskyeleg blind fyllik sine eventyr utelukkande gjennom tekstbobler og onomatopoteikon, og «Medley», som er ein sjangeroverskridande sirkulær fabel om utanforskap. Også «M.P.M.» (Multippel personlighetsmetamorfose), ei farse der ein mann sine splitta personlegdommar også manifesterer seg i kjøt og blod, er vittig vas som leikar med forventningar til både form og innhald.

Det er ei temmeleg ujamn samling, men sjølv dei svakaste tekstane har noko interessant og underhaldande ved seg (kanskje med unnatak av den monotone novella? «Angst»), og dei beste seriane er fenomenale. Om det er ei tematisering av utanforskap og underdogen, eller om det er eksperiment med teikneserieformat eller forteljarteknikk, eller berre rølp – det er noko her for alle som er interesserte. Og det burde alle vere. Christopher Nielsen har alltid vore ein av dei mest spanande teikneserieskaparane i Noreg, og at han framleis er det, sju år etter førre teikneserie og elleve år etter førre Weltschmerz, seier kanskje like mykje om han som det gjer om det norske teikneseriemiljøet. Det er berre å glede seg til 2022!

Weltschmerz 10A
Av Christopher Nielsen
176 sider
350 kr.
No Comprendo Press

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *