Coveravsløring: Zoias kjerne

Tessa er blitt TJC, og Serienett gir deg den aller første kikken på omslaget til den aller første boka i serien Zoias Kjerne, «Skyverdenen»

Zoias Kjerne er den andre fantasy-debuten frå TNT/Bonnier i år («er det framleis nordisk manga?»-kveruleringa mi er kanskje i ferd med å bli litt oppbrukt?). Den første, som kjem seinare denne månaden, er Supernova av Peder Hornseth Nygaard.

Begge titlar blei omtalt av Serienett allereie i februar. Då vi kunne presentere nokre få sider frå dei kommande bøkene, samen med veldig kortfatta synopsis. Zoias Kjerne av Tessa Nelissen, er ei sci-fi action-forteljing om ei jente som vervar seg for å finne ut kva som skjedde med broren hennar då han var i hæren.

Eg veit også at Zoia er namnet på planeten.

Når vi nå tek den første kikken på omslaget, er det følgeleg ikkje ei heilt blind analyse av coveret, men eg har i alle fall bevisst unngått å leite etter nærmare informasjon om historia i forkant.

(Klikk for å forstørre)

Som vi ser, er det ganske lett å komme med eit par grunnleggande analytiske konklusjonar basert på denne forsida. For det første verkar serien meir manga-nær enn mange av dei kjente nordisk manga-titlane. Det kan ein for så vidt seie om Mørkalven og Forbi Stjernenes Port også, men i alle fall på forsida fortonar Zoias Kjerne seg som ein meir klassisk manga, med klare linjer og (det vi kan anta er) hovudpersonen i konfronterande positur, klar til kamp. Sverdkamp, vel og merke, så sjølv om forlaget kallar dette ein science fiction, er det ikkje gitt kva slags våpenteknologi som dominerer denne verda. Dobbeltsida som TNT slapp på førehand seier – subtilt i alt sitt rabalder – ingen ting om våpenpreferansar (sjå nedenunder).

Forsida har ikkje mange ulike detaljar, men det er likevel mykje å lese ut av den, både i skyene og det vage fjell-landskapet (jf. tittelen «Skyverdenen), og i logoen. Sirkelen rundt logoen rettar ytterlegare merksemd mot tittelen, og vi anar ein tematikk som kan minne om Camilla Dahlstrøms Soluna, der ei global kjerne er sentral i seriens fysikkforståing.

Det mest markante trekket ved illustrasjonen – i tillegg til jentas positur – er likevel den klare fargekoden. Blått og raudt i ulike nyansar, og ingen ting anna. Raudt foran, blått bak. Jenta er i raudt, ein førebels ukjente bifigur (med ryggen til,  som for å understreke distansen) er i blått. Så strenge fargekodar er sjeldsynte, i alle fall i seriar for barn og ungdom. Denne går til og med igjen inne i boka, sjølv om kontrastane akkurat på desse to eksempelsidene går mellom raudt og turkis.

Uansett kan vi allereie nå gjette oss til eit fast mønster – Raudt for heltinna, variantar av blått for det og dei som står imot henne  

Etter at serien blei kunngjort har forfattaren visst bestemt seg for å signere den med «T.J.C Nelissen», kan vi sjå av dette omslaget.  «Tessa Nelissen» har ein veldig fin klang, synes eg. Var eg henne, ville eg ikkje endra på det. Men kanskje ho er inspirert av J.R.R. Tolkien?

Konklusjon: Zoias Kjerne blir ein dramatisk, grandios science fantasy-forteljing som moglelgvis slekter på klassisk manga i same sjangeren.  

«Zoias Kjerne 1 – Skyverdenen» kjem 15. september.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *