
Mykje er gamalt, men nytt samtidig, med årets julehefter. På årets Bergen tekst & tegning (BTT) er fleire detaljar kome fram.
Det var i samband med innslaga «Illustrasjon, rock og rakkerunger» og «Arild Midthun og juleheftene» at fleire detaljar kom ut, sjølv om informasjonen i denne artikkelen ikkje er avgrensa til berre dei.
Egmont (og Vigmostad & Bjørke):
Årets store nyheit frå julefronten (med mindre nokre av dei meir utypiske julehefteforlaga har ei skikkeleg overrasking på lur) er Motstandsnissene (arbeidstittel: Fjøsingene) av Aleksander Kirkwood Brown og Arild Midthun. Sistnemnte har altså funne tid til endå et julehefte i tillegg til det årvisse Donald-heftet. På BTT 15. juni viste han fram skisser og forklarte konseptet: Gardsnissen Gromle og dottera hans, Vimsa, slår seg saman med luringen Nilas for å bekjempe den tyske okkupasjonsmakta, representert ved Wehrmacht-kapteinen Katzenjammer, fotsoldatane Max og Moritz (treng eg å forklare dette?) og vakthunden Grrretchen. Tonen blir humoristisk.
Motstandsnissene kjem ut på Egmont., som elles har mista rettane til Fiinbeck & Fia og Blondie. Spekulasjonane går om kven som har overtatt to av Norges tre lengstlevande amerikanske teikneserie-julehefter, men ingen ting er stadfesta ennå. Til gjengjeld har Egmont tatt over rettane til Kapteinens Jul, som dei skal omdøype »Kapteinen og ungene», ei direkte omsetjng av originaltittelen «The Captain and the Kids». Serien blei i si tid oppretta som ein parallell til Knoll og Tott (Katzenjammer Kids) etter ei rettsleg kjenning om opphavsrett. Noko som betyr at Egmont frå nå av kjem til å gi ut to konkurrerande versjonar av same teikneserie. «Kapteinen» kom ut på Vigmostad & Bjørke, som nå sit igjen med to teikneserie-julehefte, Jens von Busteskjold og Sølvpilen.
Den tyske serieskaparen Tim Eckhorst, som var gjest på årets BTT, har teikna forsida til årets Knoll & Tott julehefte.
Egmont har tilsynelatande også mista rettane på Hårek. I alle fall er han ikkje med i årets «Juleklassikere»-hefte. Heftet blei innført i 2021 for å erstatte tre juleheftetitlar som ikkje lenger selde godt nok kvar for seg: Hårek, Snøfte Smith og Skipper’n. I år består «Juleklassikere» av Trixie, Snøfte Smith og Skipper’n. Sjølv om Hårek altså ikkje selde godt nok for seg lenger, er det likevel han som har fronta «Juleklassikere» kvart einaste år1. Og sjølv om Trixie er rimeleg godt kjent for det norske publikummet etter å ha figurert lenge i teikneseriehefte, aviser, vekeblad, pocketbøker og eige julehefte2, er serien knappast like velkjent som Hårek. Kva som skjedde med Hårek, er difor førebels eit mysterium. Enn så lenge peiker det ikkje ein gong nokre spor i same retninga som Fiinbeck og Blondie.
Og mens vi snakkar om Mort Walker/Dik Browne-produksjonar (som Trixie er ein av); Billy julehefte går som før, men blir i tillegg understøtta av det nye heftet «Jul med Billy & vennene», som også består av Arken, Rødøye og Sam & Silo. Alle tre var i ei årrekke biseriar i bladet Billy, så her er det nok nostalgifaktoren som Egmont satsar på. Rødøye og Arken fekk også prøve seg som julehefte i nokre år.3 4
Magne Taraldsen, som også tidlegare har fått prøve seg på figuren, tek over Nr. 91 Stomperud etter Håkon Aasnes. Taraldsens første «regulære» Stomperud-julehefte blir rett nok supplert med noko reprisemateriale frå 80-talet.
Eigenpublikasjon:
Det blir eit The Urban Legend julehefte i år, kan Josef Yohannes stadfeste, det første nokon sinne.
Fonna:
Vansgutane går som før, med ei blanding av gamalt og nytt materiale. På Ingeniør Knut Berg held Fonna fram med eksperimenteringa som starta i 2022. Øyvind Lauvdahl sin treårige Knut Berg-syklus blei godt motteke, men i år blir han erstatta av Øystein Runde, som sikkert har sin heilt eigen visjon.
Strand:
På Strand blir det få endringar, men det er ein fordel. For det betyr at i tillegg til dei sikraste titlane, Pondus og Lunch, blir det Dunce og Tusjekollektivet i år også. Fordi Strand har fått tilbake Rutetid, blir det dessutan dei som gir ut Rutetid julehefte i år, som dei gjorde sist i 20195. Det blir også eit nytt Pondus Juletrefest.
- http://www.minetegneserier.no/htmldb/f?p=100:11::::11:P11_SERIE_GRUPPER_ID:8405&cs=1EE0886E259F0C3EA0FDB6B3FE8FADF7C ↩︎
- http://www.minetegneserier.no/htmldb/f?p=100:11::::11:P11_SERIE_GRUPPER_ID:1164&cs=1135E0FF9041B6B2DDF84BCEA1FF0AA4E ↩︎
- http://www.minetegneserier.no/htmldb/f?p=100:11::::11:P11_SERIE_GRUPPER_ID:922&cs=1D44EBAB5BD01191C922E34BE2F670CB7 ↩︎
- http://www.minetegneserier.no/htmldb/f?p=100:11::::11:P11_SERIE_GRUPPER_ID:56&cs=172A1D9884B292B3039F9981FB56A8071 ↩︎
- http://www.minetegneserier.no/htmldb/f?p=100:6::VIEW::6:P6_UTGIVELSER_ID,P6_CS:130328,D0FB14F8207F9CF3 ↩︎
Snadderlista mi i år:
– Ingeniør Knut Berg
– Dunce
– Flåklypa
– Tusjkollektivet
– Donald på norsk
– Motstandsnissene (uff at dei ikkje kalla det Fjøsingane…)
Resten må sjekkast når det er aktuelt, men nostalgifaktoren er uinteressant for meg.
Ja, eg likte «Fjøsingene»