«Jenter» vann Dina Norlunds debutantpris

Laurdag fann utdelinga av Dina Nordlunds Debutantpris 2024 stad på Lillestrøm bibliotek.

Fotografier av Anne Elisabeth Kaldhol.

Etter ein kort introduksjon av juryleiar Ragnhild Malfang, fortalte Tonje Tornes om Dina Norlund og viste fram litt av hennar produksjon. Norlund gjekk bort i 2023 etter ei kreftdiagnose, og debutantprisen blei oppretta i hennar minne. Dette er andre gong prisen blir delt ut.

Første gongen gjekk prisen til Ola Nielsen Oldani og Martin Hvattum for «Villvillmarka – Den Siste hodeskallen».

Norlund utgav berre ein teikneserieroman, «Snøkattprinsen». Ho var veldig produktiv og hadde mange idear, som det dessverre ikkje blei noko av, fortalde Tonje Tornes, men TNT har lyst å vidareføre og utvikle nokre av konsepta som Norlund etterlot seg.

Lillestrøm bibliotek har eit opent landskap i fleire etasjar, veleigna for slike arrangement.

Ved kunngjeringa av vinnaren las Malfang  frå juryens grunngjeving:

«I «Jenter» har Cathrine Sandmæl, ved hjelp av godt tegneseriehåndverk, laget en varm og engasjerende historie om ung kjærlighet. Sandmæl er svært flink til å utnytte tegneseriens virkemidler for å skape stemning, både hva gjelder bildeutsnitt, farger og timing. Dialogen flyter lett og naturlig og driver historien fremover. Karakterene responderer med hverandre og på det som skjer på en naturlig og ektefølt måte. Miljøbeskrivelsene er presise og transporterer leseren til ønsket tidsepoke og sted, uten at bildene virker overlesset.»1

Juryen besto av Ragnhild Malfang, Malin Falch, Øyvind Sagåsen, og Dinas far, Peder Norlund. Det er berre teikneseriedebutantar som kan vinne prisen, i tydinga dei som har gitt ut si første bok.

Cathrine Sandmæl fekk diplom, blomsterbukett og en sjekk på 25.000 kr. Ho takka og sa det var ei ære å vinne prisen etter Dina. Ho takka familie og vener, og spesielt systera Cha (Sandmæl) som hadde trua på at ho kunne lage ein teikneserie, før Cathrine sjølv trudde på det.

Cathrine fortalte om prosessen for korleis teikneserien blei skapt, snakka om handlinga og viste litt av korleis ho jobbar.

Det kjem ein sjølvstendig oppfølgar til «Jenter», kunne ho røpe.

-Det er ei ære å vinne ein pris i Dinas namn, seier ho til Serienett. -Eg er tatt på senga av kor mykje positiv respons boka har fått. Det er teikneseriar eg skal holde på med framover.

Etter prisutdelinga blei det kake og saft til alle, og dei som ønskte kunne få kjøpe prisvinnar «Jenter» og den relanserte utgåva av «Snøkattprinsen».

Serienett gratulerer og ser fram til kva meir som kjem frå Cathrine Sandmæl.

  1. https://kommunikasjon.ntb.no/pressemelding/18457021/cathrine-sandmael-er-vinneren-av-dina-norlunds-debutantpris ↩︎

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *