Snakke julehefter – Dei fem (seks) beste

Rask oppsummering av dei reine barnhefta før panelet kårar sine felles favorittar.

Høyr sendinga her

Vi pratar litt om Stjernestøv, Dragevokterens Jul og Detektivbyrå Nr. 2 – alle norske franchiser, eller potensielle franchiser – av nyare dato før vi oppsummerer. Kva er dei aller beste av alle årets julehefter?

Eigentleg skulle dette vere ei topp fem-liste, men ettersom panelet eigentleg er strengt tatt er inhabile i vurderinga av den første på lista, har vi valt å tilføye ein i ettertid.

Aukrust i Hundre
Står til tusen! Ein fabelaktig flott hyllest til Aukrust Kvaliteten er steinhøg heile vegen. Modellen ser ut til å vere de fransk-belgiske hyllestalbuma til kjente teikneseriekunstarar.

(NB! Arild Wærness har bidrege til denne som medforfattar på ein historie)

Donald – Jul i Gruffenberg
Som vanleg har Arild Midthun, med Tormod Løkling og Knut Nærum, lagt seg i selen og laga ein fantastisk historie. Teikningane er superdetaljerte og hadde fortent eit støre format enn kva ein kan få til i julehefter.

Jul på Hjemmefronten
Definitivt ein av årets beste. Ganske mykje nyopptrykk, men minst like mykje nytt materiale. Eide er flink til å sjå jula som den er, og som den var. her er det veldig lett å kjenne seg igjen.

Frost II
Denne italienske adapsjonen av Disney-filmen ikkje berre fortel historia, men har også eit enormt vakkert kunstarisk uttrykk som går utanom den vanlege, glatte Disney-stilen. Illustratør Giulio Rincione løfter filmadapsjonen til eit heilt nytt nivå.

Flåklypa
Eit genialt julehefte teikna i Aukrusts ånd. Både Cappezzone (teikning) og Isachse (tekst) har gjort ein super jobb. Vi er imponerte over korleis dei forvaltar Kjell Aukrusts verden.

Lunch
Børge Lund byd på ei ny julehistorie kvart år, og denne gongen set han av meir enn halve heftet til eit lite epos om ferskfiska juletorsk. Denne har alt, både hjartevarme, acion og perfekt julaftenstemning.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *