Serienett vurderer forsida til Chanta bok 3.
Katrine Louise Kølleskov Bryn, alias K.L. Kølleskov har levert ei bok i den dystopiske, surrealisme-inspirerte science fiction-serien «Chanta» kvar år sidan 2024. Utan eigentitlar, men med ein pågåande kontinuitet som nå har vokst seg ut av sitt nettserie-opphav. Den framstår som ein av dei mest spennande og originale moderne norske sjangerteikneseriane.
Denne kikken er ikkje ein premiere. Coveret er allereie avbilda på heimesidene til nettbokhandlarane (men ikkje på heimesida til Überpress). Det er heller ikkje ein blind analyse, for eg har fått høve til å kikke på nokre sider frå innmaten i boka (forsideillustrasjonen er henta derfrå). Dette er berre ein kort førehandsrefleksjon over den kommande boka.
(Klikk for å forstørre)
Forsideillustrasjonen er veldig rein, fokusert på den antyda konflikten og dramaet, utan detaljar som kan distrahere frå desse. Fargemønsteret kan oppfattast for ein bevisst overgang mellom bøkene. Bok 2 var mørk rosa, bok 3 har ei mørk rosa kjerne som går over i mørkt lilla (legg inn din eigen Deep Purple-vits her, om ønskeleg). Kanskje er dette eit signal om at situasjonen går frå mørk til mørkare.
Konflikten kunne i alle fall knapt vore tydlegare. Nederst ser vi frå venstre Mira, Elijah, Chanti, Sergei (på skuldrane til Chanti) og Geraldine (hovudpersonen, som ikkje heiter Chanta, nei). For ein gongs skuld verkar Geraldine like redd som dei andre, noko som kan oppfattast som særskilt illevarslande. Tilsynelatande er dei på flukt, men frå kva? Bosie (den ruvande skikkelsen i midten) er etter alt å dømme involvert.
Kølleskov likte den slu og skruppellause statsmannen Bosie godt nok til å gjere han til hovudpersonen i ein spinoff-nettserie, «Shifting borders». Samstundes er han i ferd med å bli den store skurken i «Chanta», noko som Bok 2 brukte tid på å bygge han opp som. Om han er slank og nærmast litt androgyn, verkar han likevel meir trugande enn mange tilgjort maskuline tyrannfigurar.
«Chanta Bok 3» er i forsal fra og med i dag, og kjem i butikkane den 9. mai.









