Endeleg kom tida då Volle og Nærum skulle føde, og det blei “Svanger”. To menn lagar sci-fi-teikneserie om ein mann som blir gravid.
Henrik og Renée bur saman i eit flott hus på beste vestkant. Henrik ønsker å bli far, Renée er ikkje interessert i få born endå. Henrik bygger Star Wars-lego i kjellaren og møter kameratar på byen, heime kjenner han seg einsam. Under ein tur på byen, møter Henrik ei mystisk kvinne og blir sjekka opp. Etterpå skjer det mystiske ting med Henriks kropp.
Dialogen er stort sett kvardagsleg gjennom heile bindet. Samtalen etter samleie, der Renée forsvarar kvifor ho sjekkar mobilen medan dei har sex, handlar like mykje om kva som blir sagt, som det som forblir usagt. Med det etablerer historia eit forhold i intimitetskrise og med hemmelegheiter. Det er langt mellom dei store orda og faktene i Knut Nærums manus, men det tek teikneserien igjen i illustrasjonane. Mykje av handlinga blir formidla i tomrommet mellom det usagte i teksten og Karstein Volles dramatiske illustrasjonar.
Rundt midten går teikneserien frå historia om eit parforhold, dels i krise på grunn av spørsmålet om ein skal ha born eller ikkje, og entrar science fiction-sjangeren.
“All science fiction er forankret i nåtida, og tar opp aktuelle problemstillinger i samtida den ble produsert i.1” Nettopp ved å bruke science fiction-sjangeren og dens eigenskapar, har skaparane rom til å utforske problemstillingar som kan bli sett på som sensitive i andre format.
Eg likar korleis teikneserien tek opp alle desse småtinga frå ein graviditet, som at Henrik tek seg veldig nær av nokre kommentarar frå Renée og blir kjempesur, og seinare at han får cravings på sjokolade og rå fugleegg. At kvinner blir beskyldt for å vere emosjonelle og å ta seg nær av ting for lett, er ein vanleg trope, så det er gøy å sjå det snudd opp ned. Abortnemnda er også med; på fire ruter behandlar og avslår nemnda Henriks abortsøknad.
I dagens samfunn blir færre menn enn før blir fedre2 og det har blitt vanlegare at single kvinner får barn med assistert befruktning.3 «Svanger» kjem som eit interessant innlegg i den offentlege debatten rundt det å få barn eller ikkje og kva familie er i det moderne samfunn.
Når Henrik oppdagar at han kan vere gravid, reagerer han med vantru. Romvesenet, som vi kjenner ved namnet «Vera», framstår som ein mystisk skapning med fleire former: Ei vakker kvinne når Henrik møter ho første gong, ei venninne som Renée møter på treningsstudio, og til slutt som romvesen.
Eg fekk to assosiasjonar når eg las «Svanger. “Alien”-filmane der romvesen infiserer menneske og nye romvesen veks fram i menneskekroppen (og drep verten når det “bryt ut”), og mennesket slåss mot dei. Den andre tanken var filmen “Junior” med Arnold Schwarzenegger. Han spelar ein mannleg forskar som gjer seg sjølv gravid, ein ide som var revolusjonerande for eit ungt barnesinn på 1990-talet. Kanskje tok Knut Nærum inspirasjon derfrå.
Karstein Volle står for illustrasjonane og han teikna prosjektet fleire gongar.4 Arbeidet hans er lett gjenkjenneleg, med den typisk tjukke streken rundt karakterane, den grafiske stilen og heilsider i relativt monokrom farge. Svakare og meir nedtona fargar nokre stader, medan dei stråler opp frå andre sider og skaper uhygge.
Bakgrunnsfargane varierer, med ein knallraud palett når Henrik er ute på byen, grå og bers fargepalett i heimen, og grøn når han er på joggetur. Heilfargane seie både noko om karakterane si sinnsstemning og sceneskifter. I tillegg kjem det nokre sider som skiller seg stilmessig veldig frå resten av historia, skuggefulle og mystiske. Det er Vera som kommuniserer og fortel ting til barnet.
Gjennom ein god balanse mellom tekst og bilete, viser Nærum og Volle at dei har mykje å formidle i debatten om den moderne familien. God tankevekkande lesing!
Svanger
Skrive av Knut Nærum, teikna av Karstein Volle
168 sider
379 kr.
Cappelen Damm
Les også dei andre grafiske sci-fi-romanane til Nærum/Volle:
Muffens
Likbilen













