Coveravsløring: Supernova

Nordisk manga-krigen er i startfasen, og Serienett skodar fram mot denne med første kikken på forsida til «Supernova»

Etter opprettinga av TNT i fjor haust har fenomenet nordisk manga endra karakter til å bli ein uoffisiell strid mellom to store forlag. Egmont, som framleis bruker labelen «Nordic Manga» har vore nøydd til å starte forfra, og begynner nå såvidt å fylle på med nye tiltar. Den første satsinga er «Maria Storm og Mythosordenen» av Joseph S. S. Ampofo og Jofrid Østenstad Sandgren. Seinare kjem «Jasper ødelegger alt» av Linn Catherin Hansen, «Lykkens helligdom» av Miriam Kløvning, og «Owin Undring» av Marthe Øiaas.1

TNT/Bonnier, som har nesten alle dei kjente nordisk manga-titlane, men ser at mange av dei går mot slutten, svarer med å lansere nye titlar, dei også. Serienett kunne avsløre to av desse i februar, «Supernova» av Peder Hornseth Nygaard og «Zoias Kjerne» av Tessa Nelissen.

Denne første kikken på forsida til Supernova (1) er ikkje ein heilt blind analyse, ettersom eg er fått sjå på eit par sider før. Eg veit derfor at jenta heiter Nova, og at mannen heiter Finn. Men eg veit nesten ingen ting om plottet.

Dette er på alle måtar friskt, og eg liker det momentant.

Forsida skil seg frå det typiske nordisk manga-designet på fleire måtar. Ho er ganske minimalistisk, fjernt frå det klassiske filmplakat-designet der fleire karakterar og historieelement er avbilda i ein slags montasje. Vidare har den ein horisontal nedenfrå-og-opp-vinkling, i staden for den vanlege midtvinklinga. I tillegg er ikkje hovudpersonane i fokus; Finn og Nova står i utkanten av bildet. Eit enkelt symbol (nede i graset) i eit slags svart hol har det eigentlege fokuset. At eit symbol står sentralt er ikkje uvanleg i nordisk manga-forsider;mindre vanleg er det at symbolet er skilt så tydeleg frå karakterane. Vi merker oss elles at den lyseraude firkanten i symbolet går igjen i logoen.

Landskapet (det vesle vi ser av det) verkar taust og øde; roleg men underforstått faretruande, i tråd med korleis Tonje Tornes på førehand har beskrive serien som ein «dystopi». Kjensla blir forsterka av at Finn og Nova ser ut som dei er på ei farleg vandring. Ein kan lese dette ut av ryggsekken og buster-sverdet (eit våpen som truleg er mykje meir vanleg i cosplay og videospel enn det nokon gong har vore i verkelegheita) som Finn ber på.

Konklusjon: Supernova har gode moglegheiter til å bli ein i alle fall litt annleis nordisk manga, basert på den visuelle presentasjonen, kombinert med seriens plassering i subsjangeren «dystopi».

Supernova (1) er ute i midten av august.

  1. Kjelde: https://www.kulturdirektoratet.no/web/guest/stotteordning/-/vis/litteraturproduksjon/tildelinger/2024 – Med førehald om endringar. ↩︎

1 tanke om “Coveravsløring: Supernova

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *