
Vi ser på nye fanziner fra årets Bergen Art Book Fair og SognaCon.
Ken the Kylling goes to the Nerdrum & Melgaard Art Show!
(Forsidebilde)
Av Martin Mentzoni
24 sider/engelsk/KaffiFanzine
Ei forteljing i 22 individuelle ruter om figuren Ken the Kylling, truleg ein stand-in for Mentzoni sjølv, på opninga av Nerdrum & Melgaard-utstillinga. Eg har ikkje lest dei andre Ken-fanzinene, men basert på korleis Mentzoni skildrar sin teikneseriekunst, kan ikkje dette vere ein av hans drygaste. Først og fremst er dette ein (tilsynelatande) sjølvutleverande tragikomedie om kor ubetydeleg og desperat merksemdssøkande kunstnaren blir i elitens kunstnarmiljø. Med grove strekar og stygg font leverer han ein svært uttrykksfull og ganske underhaldande observasjon av norsk kulturliv, og han får mi empati.
https://kaffifanzine.bigcartel.com/

Homonculi
Av Seb Jefford
28 sider/engelsk/Foot Books
Ein konsertgjengar er i lokalet for å sjå eit bestemt band, med det bandet som er før vil tilsynelatande aldri slutt. Så tilskodaren ringer etter ein leigemordar for å skyte vokalisten. Inne i vokalistens hovud får kula ein slags epleform og lagar kvalm før den til slutt får jobben gjort. Ein kreativ ide som ein etter kvart går lei av; sjølv med under 30 sider er det mogeleg å gjere for mykje ut av den. Serieteiknaren bruker strekar for å skape illusjon av skugge og djupn, men det går ein lei av endå raskare, ikkje minste fordi effekten blir brukt for konsekvent. Best er Jefford på ansikt, her er det litt reell dynamikk å spore.

Help! Melissa from Helsinki
Av Roope Eronen
24 sider/engelsk/Foot Books
Ein slags satirisk og naivistisk teikna science fiction, ein tekstrik androide-fantasi. Sentralt i handlinga står den androgyne Melissa, eit naiv og ulykksalig kvardagsmenneske i ei bisarr men likevel delvis gjenkjenneleg framtid.. Både tekst og teikning verkar veldig innfallsbasert, som om serieskaparen har meir idear og kreativitet enn hen har talent. Serien gir ikkje alltid god meining, eller heng saman, men er likevel meir stimulerande lesing enn fanzina den blei gjeve ut saman med, «Homonculi». Teksten kan vere banal, men den har også poetiske kvalitetar Nokon gonger kjem du eit stykke med berre å ville noko.

Forlokkelsen – Kapittel 6: Roma/Kapittel 7: Napoli
Av Espen Birkedal
44 sider/norsk og turistengelsk/eigenpublikasjon
«Forlokkelsen» er ei sjølvbiografisk reiseskildring om Espen Birkedals opplevingar på eit middelshavscruise 2015. For å gjere reisa meir interessant, ba han venner om å gi han oppgåver som han kunne løyse på turen. Kvart hefte er ei eit nytt format, og dette er det femte av seks planlagde.
Skildringane til Birkedal, både av reiser og kvardagsliv, er trassig trivielle og ærlege. Men etter kvart som turen skrider fram, merker eg at han har blitt betre på å skape spenning og patos. Det er meir historie og mindre tilfeldigheit i desse kapitla, kanskje fordi mora spelar ein støre rolle denne gongen (Roma-besøket fell saman med moras 60 års dag, som var grunnen til at dei tok dette cruiset). Vittigheitane har ikkje vore dei heilt store i denne reiseskildringa, men i kapittelet om Napoli glimtar det litt til på rundturen i byen.
https://www.instagram.com/espen_birk
Les også:
Fanzinefredag 6 (Espen Birkedal spesial)
Ein inngang til underground
Therese Voldsund
Therese hadde stand på SognaCon i mars fordi omstenda tilfeldigvis passa. Ho var diverre nokså aleine om å tilby akkurat dette, men det var då likavel ein start for fanzinekulturen, på ein festival som også nett hadde starta. Ho hadde to hefte. Verken heimesida hennar eller trykksakene sjølv opplyser om årstal, så det kan vere at desse hefta er frå ganske ulike utviklingsstadier hos Therese som teiknar1.

Heksa i skogen (norsk) er ein svart-kvitt chibi/manga-serie med Grimm-eventyrtema. To systrer, ein slem stemor og ein mørk skog er grunnelementa (eigentleg alle elementa). Streken er rein og behageleg, eit gromt amatørarbeid. Tydelegvis er heftet berre meint å vere begynnelsen på historia, men eg er med så langt. Serieskaparen tillèt seg til og med litt sjølvironi når ho let stemora kviskre «Hun som lagde denne tegneserien er bare så lat! (…) Hun gikk bare i skogen og tok bilder, som en taper». Og ja, det er tydelegvis kva ho har gjort. Vi kan la det passere enn så lenge, synes eg. Eg har sett mykje meir irriterande forsøk på å gjere humor av sjølvutlevering.
https://lillamint.carrd.co/

Black Widow (engelsk) har større ambisjonsnivå, og med det også større fallhøgde. Her er fargar, teikna bakgrunnar og ingen chibis. Også miljøet kunne knapt vore meir annleis; dette er henta frå det eit før-revolusjonært fransk aristokratimiljø. Historia er ei grøssarnovelle, og kunne vel knapt vore meir føreseieleg, men å overraske var kanskje ikkje eit mål. Denne serien er nok meir av ei øving i å teikne kostymer, møbler, arkitektur osv. Og i å fargelegge. Streken er flisete og ustødig, men allereie i fleire år nå har Therese Voldsund lage ein webserie, «Delightville» som tyder på at ho har lært mykje.
Les også:
SognaCon i bilder
- Eg har seinare (2/6) blitt informert om at «Black Widow» er frå 2018 og «Heksa i skogen» er frå 2020. ↩︎