
Mange av suksesstitlane til TNT nærmar seg allereie slutten. To månader ut si publikasjonshistorie er derfor Tonje Tornes i full gong med å utvide porteføljen til det nye forlaget.
Aller først på programmet for våren er likevel utdelinga av Dina Norlunds Debutantpris, som måte utsetjast frå desember grunna forlagsskiftet. Prisen blir utdelt den 15. mars på biblioteket i Lillestrøm og juryen består av Malin Falch. Øyvind Sagåsen, Ragnhild Malfang og faren til Dina, Peder Norlund. Den blei grunnlagt i 2023 til minne om nyleg bortgåtte Dina Norlund, skaparen av «Snøkattprinsen». Første året satt Tonje og Tormod Løkling i juryen , men som redaksjonsleiarar for TNT har dei stilt seg litt på sidelinja denne gongen.
Grunnen til at prisen blir delt ut på Lillestrøm bibliotek, er at Ragnhild Malfang (som er så stor Harry Potter-fan at ho skifta til det etternamnet) jobbar der. Tonje beskriver Malfang som ein viktig formidlar. Ho er sentral i IBBY Norge, og intervjua Dina Norlund frå Lillestrøm Bibliotek, i samband med ein digital teikneseriefestival som blei arrangert under pandemien. Tonje understrekar elles at prisutdelinga ikkje er bunden til Oslo, og kan godt arrangerast endå lenger frå hovudstaden ved eit høve.

Med stor N
TNT er eit imprint under Bonnier som blei grunnlagt av Tonje Tornes og Tormod Løkling i fjor haust, etter at Egmont la ned ei rekke faste stillingar. Ein fekk straks med seg dei fleste nordisk manga-serieskaparane, og fleire andre kreative folk ville også vere med. Tonje poengterer elles at sjølv om det har vore litt forvirring rundt stavemåten, så har dei nå bestemt at det skal heite TNT, ikkje TnT.
Prisutdelinga er TNTs einaste planlagde arrangement før påsken, men Tonje og Tormod har konkrete planar om å markere Trond J. Stavås’ teikneseriebok «Mestertyven Gjest Baardsen» ein gong på våren, gjerne på ein historisk grunn som blir assosiert med den verkelege Gjest Baardsen. Det finst fleire alternativ. Boka kjem ut 10. mars.
Dei to redaksjonsleiarane skal også på årets barnebokmesse i Bologna, både for å selje TNT-tiltar og for kanskje å kjøpe inn spennande internasjonale titlar. Dette kan sjåast i samanheng med at TNT er ein del av Bonnier, som er ganske nye i Norge, men sit på internasjonalt erfaring. Forlaget har eit omdømme som kan opne dører for norske serieskaparar, meiner Tonje.

Ny nordisk manga
Vårens øvrige nyheiter frå TnT er stripesamlinga «Fritt», tredje bindet av Edelmot, andre bindet av Forbi Stjernenes Port, og fjerde bindet av Mørkalven. Men som så ofte elles i norsk bokbransje blir hausten endå travlare. Då kjem Mia Myhr 4 (nest siste bindet), Dragens Øye 6 (siste bindet) og Arkin 5 (nest siste bindet). I det heile tatt er mange av dei etablerte titlane inne i sluttspurten, så det er plass til debutantar. Til hausten kjem såleis «Supernova» av Peder Hornseth Nygaard, som Tonje beskriver som ein dystopi. Dette er Nygårds første eiga bok, men ikkje hans første jobb i bransjen; han lagar mellomstikkene til Edelmot, og fargela Therese G. Eides «Askeladdene som kappåt med trollet».
Andre nordisk manga-debutanten blir «Zoias Kjerne» av Tessa Nelissen, ein sci-fi action-forteljing om ei jente som vervar seg for å finne ut kva som skjedde med broren hennar då han var i hæren. Tonje beskriver begge debutantane som flinke og sjølvlærte.
Av andre bøker som kan bli lansert til hausten er ei ny Nordlys-bok frå Malin Falch, ein oppfølgjar til «Jenter» frå Cathrine Sandmæl, og ein ny teikneserie med norrønt tema frå Odin Helgheim. Men her tek Tonje sterke førehald om at ingen av dei tre serieskaparane kan love å bli ferdige i år.

Vil ha barneblad
Det kjem også ein ny sakprosa-teikneserie for vaksne frå TNT, men her vil ikkje Tonje ut med nokre detaljar ennå. Uansett så satsar det nye forlagshåpet på ein breidde utover nordisk manga.
Ein av Tonje sine redaktørdraumar er å gi ut eit barneblad. TNT har moglegheita for distribusjon gjennom Bladcentralen (BC), og i den seinare tid har ein fleire stader kunne sjå Ragnarok (frå TNT) og Sonic The Hedgehog (frå Bonnier) i daglegvarebutikkane. Men det er sak for sak-avtaler som Bonnier har med BC, eller rettare sagt trykksak for trykksak, og den er avhengig av salet på den enkelte tittelen.
Utfordringa hadde vore å gjere unge lesarar klar over at eit slikt barneblad faktisk eksisterte. Bladhylla er mindre enn tidlegare, og nyheiter innanfor lesing får barn og unge ofte frå andre og digitale flater enn ved å sjølv oppsøke si lokale bladhylle, seier Tonje. Ho ser for seg eit samarbeid med biblioteka for eventuelt å fremje slike blader. Uansett så kjem vi til å ha gode, kreative folk på saka, lover ho.
this manga really have good story, please visit us at Unissula