Hårek er 50 år

Han har nok for lengst passert høgda av sin popularitet, men framleis er han truleg verdas mest kjente viking, og i alle fall den mest kjente teikneserien om vikingar. I dag fyller Hårek den Hardbalne femti.

Dik (Richard Arthur Allan) Browne (1917-1989) var sjølv passert femti då Hårek den Hardbalne (Hägar the Horrible) blei til, og aldersbetinga skavankar var noko av grunnen til at han starta opp serien. Grunna ein augesjukdom trong Dik å jobbe med ein teikneserie der han kunne teikne større og grovare linjer enn i den serien han tidlegare var kjent for, Hi & Lois (kjent på norsk vekselvis som Trixie eller Tønnes & Stine). Ein annan grunn var at han ønska å bli kjent for ein teikneserie som var heilt hans eigen. Trixie var ein spinoff av Billy.

Ein ny start
Inspirasjonen fekk han frå norrøne legender som han hadde høyrt frå si svenske tante. Figuren sitt namn og tilnamn skal han ha fått frå ein av sonene sine, som kalla han for «Hägar the Terrible». Hearst-syndikatet var raskt ute med å anta serien, som debuterte i amerikanske aviser 4. februar 1973.

Ved å starte på nytt i ein alder av 55 år oppnådde Dik Browne alt han ville; han fekk sin eigen signaturserie, og sikra karrieren og familiens økonomiske tryggleik. Serien blei ein kjempesuksess. Faktisk var «Hårek» den raskast veksande avisteikneserien i historia til dess, og den vann National Cartoonist Societys Reuben-pris allereie første året.

Til Norge kom han alt i 1973, og lenge hadde teikneserien to omsetjarar i Norge. Victor Schlytter omsette den til bokmål, og Gard Espeland til nynorsk. Schlytter var sjefredaktør i Allers, og lenge sto Allers Forlag for det som fanst av Hårek-publikasjonar her til lands: Julehefte (frå 1975), album (frå 1976) og pocketbøker (frå 1977). Albuma var av «graphic novel»-typen, dvs. at dei hadde samanhengande historier, og dei var ghostteikna, moglegvis av den danske veteranen Werner Wejp-Olsen. Spesialboka «Hårek den Hardbalnes herjingshåndbok» (Semic, 1986) blei derimot laga av Dik og hans mangeårige assistent og son, Chris Browne.

Nynorsken vinn fram
Victor Schlytter samarbeida med Gard Espeland for å gi norske namn til figurane, men Espeland innrømma i et intervju at Schlytter fekk bestemme mest. Til slutt var det likevel den nynorske versjonen som vann fram; Allers ga ut pocketbøker med Espeland sine omsetjingar på midten av 80-talet. På same tid gjekk også bladet Billy, der Hårek hadde vore fast innslag sidan 1981, over til å trykke serien på nynorsk, og praksisen haldt fram i Hårek sitt eige blad, som gjekk frå 1986 til 1991. Espelands omsetjingar fekk også råde i avisene, og i mange år var Hårek ein av dei vanlegaste teikneseriane i norske aviser. Gradvis har den blitt erstatta med nye norske teikneseriar, men ikkje alltid utan protestar. Serien er framleis fast innslag i Billy.

Ei av dei tinga som har gjort figuren Hårek så kjær for oss at han er norsk, noko som er stadfesta i enkelte striper. Dette er kanskje den mest kjente:

Men Hårek er populær over store delar av verda. Serien går i rundt 1900 aviser i 56 land, Folk liker vikingar, sa Dik Browne i eit intervju i Billy. Han meinte at dei har ei betre rykte enn dei fleste historiske «barbarar». I ei stripe kastar han lys over dette når ein rasande hunar spør Hårek kvifor vikingane er så mykje betre likte enn hunarane. «De er klasse over oss», svarar Hårek kjekt.   

Som eit sjølvportrett
Vis ti tilfeldige personar eit anonymisert bilde av Dik Browne, og spør dei kva teikneserie denne mannen står bak, og dei fleste vil nok ikkje nøle mykje med å gjette «Hårek». Vikingen er som eit sjølvportrett av den skjeggete, kraftige Browne. Dik skal også ha likna Hårek på andre måtar; han er blitt beskrive som sjarmerande distré og naiv, og sjuskete kledd.

Chris Browne overtok serien i 1988, då faren ble diagnostisert med kreft. Då hadde Dik allereie vore heilt avhengig av assistentar i mange år for å kompensere for stadig dårlegare syn. Han døydde året etterpå i ein alder av 71 år. Knut Westad ga han ei vikinggravferd i Hårek-bladet

Trass i populariteten har det vore avgrensa med merkandise og spinoffs. T-skjorter og sjølvsagt bøker er det alltid mogeleg å finne, men Penguin Houses forsøk på å samle årgangane tilsvarande dei som t.d. Knøttene og Pogo har fått, stansa med 1984-årgangen. Og desse bøkene er ikkje lette å finne i dag. Det finst elles to seriar med offisielle plysjdokker av Hårek og Gyda, eit brusmerke, ein Hot Wheels-bil, eit brettspel («Hägar the Horrible’s Gløg Game») frå 1989, og eit dataspel frå 1991. Nokon animert tv-serie eller langfilm har vi ennå til gode å sjå, men fleire forsøk er gjort

Frå Caprino til Henson
Seint på 70-talet fekk sjølvaste Ivo Caprino i oppgåve å animere Hårek. Remo Caprino overtyda Dik ved å vise han «Flåklypa Grand Prix «. Men prosjektet havarerte fordi Hearst-syndikatet ville ha Browne til å deponere tre millionar dollar som sikkerheit først. Bortsett frå nokre kortare snuttar er berre ein animert produksjon med Hårek komplettert til dags dato, ein tv-spesial som blei laga av Hanna-Barbera for CBS i 1989. Den blei gitt ut på video i Norge i 1990. Sony Pictures har for tida filmrettane, men eit meir sannsynleg prosjekt er ein digitalanimert serie som Jim Henson Company visstnok jobbar med framleis, etter å ha kunngjort den i november 2020. 

Sjølve teikneserien går på rutinen. Chris har nå styrt serien dobbelt så lenge som faren, og i år blir han like gamal som Dik var i sitt siste leveår. Treeininga Billy-Trixie-Hårek blir halde i live av eit apparat med Chris og dei andre sonene til Mort Walker og Dik Browne i spissen. Arvingane har sørga for at desse seriane er trygge og trauste. Kanskje må det ein tv-serie som den før nemnte til for å gi Hårek ein slags renessanse. I mellomtida kan fansen håper på at nokon nyttar jubileet til å gjere eit nytt forsøk på å samle dei gamle årgangane , fortrinnsvis frå Dik Brownes år.  

SKÅL!

OPPDATERING: Få dagar etter jubileumsdatoen kom den triste meldinga om at Chris Browne gjekk bort den 5. februar 2023 etter langvarig sjukdom. Han blei 70 år.

Følg oss på Facebook

Kjelder:
Ingen jul uten juleheftene av Haakon W. Isachsen (Egmont/Vega, 2004)
Verdens beste tegneserier: Tidenes største humorserier – En kavalkade, red. Måns Gahrton (Semic, 1994)
Ivo Caprino! Et portrett av Askeladden i norsk film av Per Haddal (Hjemmet, 1993)
Ivo Caprinos dukkefilmer av Håvard Berstad (masteroppgåve i film- og fjernsynsvitenskap, Høgskolen i Lillehammer, 2009)
Lambiek
Wikipedia
Comics Kingdom

1 tanke om “Hårek er 50 år

  1. Angående merkandise (er det et lovlig nynorskord?) kom jeg for noen år siden over Hårek sparebøsse på et bruktmarked. Det var fra en sparebank på Nordvestlandet. Jeg kjøpte den og hadde den i tegne-og-tv-serie-og-film-nerdehyllen min i flere år. Tror jeg kvittet meg med den igjen i forbindelse med flytting. Håret hadde sverdet ute og pekte det på skrå.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *