Årsmøte pr. frimerke

I årets andre podcast diskuterer SeriX Norgesgruppen sine nye grep. NTFs årsmøte og høgdepunkt blant årets nyheiter.

Høyr sendinga her

Og vi begynner med nyheita om at publikasjonar som t.d. Ken Parker ikkje kjem til å bli ført i Norgesgruppen sine butikkar. Dette handlar kanskje ikkje berre om teikneseriar, men om nedskalering av plassen til lesestoff generelt i Norgesgruppen-butikkane. Utan at det gjer saka mindre urovekkande.

Les anmelding av «Ken Parker – Lange Rifle» her

Norske Tegneserieforum hadde landsmøte nylig, utan at folk flest var klar over det. Avstemminga blei gjort via poststemmer, sjølv om eit digitalt møte blei vurdert. Men kva kom eigentleg ut av møtet? Og er Brandbu (NTFs hovudkvarter) simpelt hen for perifert?

I sendingas andre halvdel snakar panelet om anbefalingsverdige teikneseriar dei har lest i nyare tid, og er m.a. innom feministiske Wonder Woman-fantasiar, «Survilo» av Olga Lavrentjeva (ill.) og «Inntrenger» (ill. øvst) av Sigbjørn Lilleeng.

Les anmelding av «Survilo» her

Les anmelding av «Inntrenger» her

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *