Marknadsplassen presenterer, del 1

I vår første podkast frå årets OCX intervjuer vi Stian Thomassen, Emil Åslund og Eivind Wittemann på marknadsplassen

Høyr sendinga her

Årets OCX blei arrangert på Deichmanske Grünerløkka første helga i juni. Serienett har tidlegare fortald mykje som kva som skjedde på scenen, men det som føregjekk i marknadsteltet kunne nokre gonger vere vel så interessant.

Stian Thomassen er allereie klar med julehefte. «Jul i Reveland» er basert på julekalenderen han publiserte på nettet sist desember. I denne sendinga forel han meir om korleis han ligger an med sagaen om Vettefolket.

Emil Åslund kom igjen frå Bjerkely Folkehøgskule for å selge eit stadig større utval av seriane sine, «Gråriket» og «Samtull». I sendinga fortel han om seriane sine, bakgrunnen frå Bjerkely, og planane for å komme seg ut og fram.

Eivind Wittemann (sjå forsidebilde) var på OCX for å selge sin første familieserie, «Vilma og Daddy – En ekstraordinær hendelse på Grünerløkka». Veteranen frå Gateavisa og Psykose har laga eit tidsreiseeventyr med ein hovudperson teikna av hans eiga dotter.

Alle fotografier av Trond Sätre

Tagget med

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *