Poste Annus Horribilis

I årets første podcast ser Serix-panelet fram mot det nye året, men plukkar også favorittar frå  det spesielle året som vi nå prøver å legge bak oss.  

Månadens panel består av Kristian Hellesund, Arild Wærness, Trond Sätre og Frank Flæsland.

Høyr sendinga her

Vi snakkar om kva som er verdt å sjå fram til i år, og kryssar over i ein diskusjon om italienske og fransk-belgiske albumsatsingar som starta i fjor og held fram i år – særleg Lonesome og Romas Ørner. Diskusjonen kjem også inn på italienske og spanske teiknarar på DC og Marvel. Men kva er verkeleg verdt å sjå fram til i 2021? Kanskje ikkje ein enkeltståande teikneserie, men ei oppleving. Viss dei blir noko av. Her blir det fokus på festivalen som skulle vore vinterens høgdepunkt, Angoulême.

Les anmelding av Romas Ørner

Deretter ser vi tilbake på året som gjekk, og panelmedlemmene trekk fram sine favorittar (eller i alle fall dei som dei føler seg mest komfortable med å anbefale):

Kristian Hellesund især anbefaler «Mitt liv som tegning» av Lars Fiske som ein personleg teikneserie med den perfekte balansen mellom utleverande og ganske enkelt sjølvbiografisk.

Les anmelding av Mitt liv som tegning

Hele panelet stiller seg bak fagboka «Sapiens» (føreslått av Frank Flæsland) som eit høgdepunkt frå året som gjekk, om enn noko oversett, og for snevert seld inn som ei barne- og ungdomsbok. Av nyopptrykk anbefalar panelet, igjen på Franks forslag, «Solruns Saga».  

Les anmelding av Sapiens
Les anmelding av Solruns Saga

Trond Sätre anbefalar «Tidevann» av Tuva Synnevår som årets teikneserie, og Kristian fortel ei anekdote om korleis denne eigenarta teikneserie-bildeboka kan vere til glede og refleksjon for både vaksne og barn. Trond trekker også fram «Floke» som eit vellukka sidespor i fantasy-bølga. Arild Wærness, som hevder at han aldri har lest eit album i den «vanlege» Sprint-serien, ser tilbake på spesialalbumet «Sprint i Sovjet» som eit av årets høgdepunkt

Les anmelding av Tidevann
Les anmelding av Floke

Avslutningsvis, kven vil gjette på årets prisvinnarar?

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.