Terror på mange nivå

Det er vanskeleg å vri ordet terror til noko positivt, eller nyansert ein gong. Men den nyaste Über-antologien greie å levere ein variert og nyansert meny med utgangspunkt i det ordet.

Dei reine sjangernemningane er i ferd med å bli brukte opp (skjønt me har ennå «ÜberSteampunk» til gode). Sommarens antologi skulle eigentleg heite «ÜberGerilja», noko som høyres mindre negativt ut enn den endelege tittelen. Men ordet gerilja gir litt snevrare assosiasjonar enn terror, og som vanleg er ÜberPress best tent med antologititlar som kan tolkast litt fleksibelt. Så denne antologien handlar om kamp, motstand, opprør, men med det evige spørsmålet om målet heilager middelet, og kor langt ein kan gå i middelbruk. Dilemmaet er klassisk, og uttrykkast på ei mengde ulike måtar og med ulike nyansar i denne samlinga.

Kontrakten

Og det begynner bra med «Kontrakten» av Trine L. Normann (som også står for den bevisst villeiande, men historierelevante forsida).   Normann har ikkje lang fartstid, men har imponert med det vesle ho har gjort av profesjonelt arbeid så langt som serieskapar (ho laga «Den Avgjerande Boss-Mann» i ÜberSuperhelt). Historia er ein meir elle mindre metaforisk forteljing om ein i utgangspunktet snill og velmeinande lærar, Maina Olsen, som blir tvunge til ei brutal tilpassing når ho får stilling på ein Stepford-aktig skule der lærarar og elevar lever i ein skjør terrorbalanse. Straffemetodane og elevpåfunna blir stadig meir drastiske, og skulens miljø blir kaldare og meir kjenslelaust, og får du oppriktig vondt av Maina når du ser korleis miljøet gradvis bryt ho ned. Det er både ein grøssar og eit dramatisk samfunnsbilde som tek opp grusame dilemma utan å ta klar stilling, og ei sterk forteljing både i tekst og teikning.

Kald Som Eld

Stavanger-duoen Jay Levang og C. Vinter har laga kvar sin historie denne gongen, men eg omtaler dei samstundes fordi desse har eit klart likskapstrekk: Begge handlar om ungdoms-aksjonsgrupper med sabotasje som mål. Men mens Levangs «Kald Som Eld» handlar om splitting i miljøet, handlar Vinters «Resistansen» om at det er mogeleg for opprørarane å finne saman. Vinter sin historie er mest tydeleg positiv til opprøret (i alle fall på overflata), mens Levangs er litt meir problematiserande, og av dei to har ho den mest interessante tilnærmingsmåten til heile temaet. Vinter si tilnærming er i overkant enkel.

Innsida

Ikkje ein like bra teiknar og forfattar som Normann, men med mykje potensial på begge felt, er spelutviklar Lars Erik Helgemo og hans bidrag «Innsida». Her er det eit stort internasjonalt konsern som er ramma, og det som gir litt kjøt til historia er først og fremst at den prøver å gå litt i djupna og gi eit realistisk blide av korleis slike konsern skaffar seg ryggdekking. For øvrig framstår slutten litt som venstrevridd ønsketenking, utan at eg veit akkurat kor Helgemo står politisk.

Trygg Forvaring

På eit meir mikroskopisk og symbolsk nivå finn me Victoria H. Hamres «Trygg Forvaring»; truleg den mest kreative og alternative tolkinga i antologien. Her er garn metaforen for fangenskap, undertrykking eller kva du vil kalle det. Hamre utnytter dette spesielle elementet til fulle i den visuelle presentasjonen, og eksperimenterer både med fargar og strek. Og det fungerer, det gir meining! Eg veit ikkje kvifor «dei undertrykte» er ein slags monsterfigurar, men det bør vere lett å finne gode måtar å tolke dette på også.

Lemenkongen

Regine Toften Holst bidreg for første gongen til ein Über-antologi med «Lemenkongen» etter ein historie av Anders Sekanina. Ein kriminell bande har okkupert ei bustadblokk, og vaktmeisteren må gå kreativt til verks for å knekke dei. Det involverer mykje slapstick og blodig gladvold som ser herleg ut i Holsts strek. Ho ser her ut til å ha lagt seg på ein fransk-belgisk teiknestil som ho allereie beherskar med mykje profesjonalitet og energi. Dette lover bra for hennar vidare virke som serieteiknar.

Heimekos

«Heimekos» av Überpress-stamgjest Tuva Røisli skil grafisk ut som den mest stilisert teikna serien i antologien. Kva historia angår er vi igjen på mikronivå – ganske bokstaveleg, ettersom den ser ut til å ta inspirasjon frå Mary Nortons Lånerne – men ein mykje mørkare historie med tilsvarande mørkare implikasjonar og parallellar.

Levert På Døra

Meir tvitydig, men også ganske mørk, er Are Edvardsens avsluttande «Levert på døra». Her handlar det om paranoia og kva det kan føre til. Den typiske Edvardsen-absurditeten er tona ned til fordel for meir direkte samfunnskritikk. Bodskapen er likevel ganske subtil, og krev ein del tankeverksemd; mange av poenga i forteljinga er underforstått. Alt ved historia er ganske smart, når du du går den nærmare etter i saumane. Den monotone fargebruken, som er den ytre detaljen ein legg mest merke til, viser seg å vere eit enkelt, men effektivt grep for å understreke poenget.

Resistansen

Det er eit generasjonsskifte som har føregått i Überantologiane dei sist par åra (særskilt i dei to føregåande binda), og som har bevega albumserien i det underteikna meiner er ein lovande retning. Det har blitt større vektlegging på lange og halvlange teikneseriar, ideane er meir gjennomførte, og teikneferdigheitane er blitt betre.  ÜberTerror held fram denne tendensen. Igjen er streken er jamt over teknisk dyktig, ja ofte er den nesten kommersiell, men på ein god måte. Kvar teiknar har framleis sin eigen stil, men dei meir figurative er i fleirtal, noko som gjere antologien til ei leseoppleving med meir flyt, og flytter fokus over på forteljingane. Og det er nyttig, i ein antologi der tema krev ekstra refleksjon.

Høgdepunkter: «Kontrakten», «»Trygg Forvaring» og «»Lemenkongen».

 

ÜberTerror
Av diverse. Redaktør: Are Edvardsen
ISBN 978-82-93254-28-7
100 sider
150 kr.
ÜberPress

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *