«Homage» som kjem til kort

«Elastico» kunne blitt eit heiderleg forsøk på å revitalisere fotballteikneserien, men framstår som spøkelset av ein daud sjanger. 

Fotballteikneserien var ein gong ein livskraftig sjanger på den norske marknaden, hovudsakleg takka vere dei to B’ane, Buster og Boing. Rett nok var det også ein av dei mest formulariske sjangrane, både i tekst og teikning: Uniforme, semi-realistisk teikna seriar med inspirerande forteljingar om håpefulle unge gutar og unge menn blei stansa ut som på teikneseriefabrikkar i Storbritannia, seinare også i Sør-Amerika og Sør-Afrika.       

Sleivdal var eit viktig unnatak i alle fall på den nordiske marknaden: Ein norskprodusert serie prega av til dels ganske vaksen satire og kynisk humor rundt eit fotballag like evig dømt til å mislukkast som dei såg ut til, i staden for oppbyggelege feelgood-historiar om vennskap, suksess og siger mot alle odds.

Men då direktørane som styrte med det gjenverande fotballbladet Kickerz, tidlegare Boing, bestemte seg for at barn ikkje «tar» teikneseriar lenger, var det slutt for både Sleivdal og dei meir tradisjonelle teikneseriane som følgde med. Fotballteikneserien var blitt eit minne på den norske marknaden. 

Ein ny sjanse for fortballteikneserien har nå kome, truleg mest takka vere den generelt veksande satsinga på teikneseriar for barn, men også hjelpt av Michael Stilson (for ordens skuld, han er norsk), tidlegare fotballproff og prisvinnande forfattar av ungdomsboka «Bare spille ball» (2018). Stilson har skrive ei novelle i teikneseriemanus’ form  frå fotballmiljøet, og dreier seg rundt rivaliseringa mellom kompisane Oscar og Ibrahim (Ibra blant venner), som begge satsar på juniorlandslaget. Men kanskje ei jente er det som verkeleg er i ferd med å kome mellom dei.

Tittelen viser til den såkalla elastico-finta (også kjent som «flip flap»), ein taktikk der spelaren som har ballen lurer motspelaren til å tru at dei skal gå i ein annan retning enn den tiltenkte. I boka fungerer tittelen både bokstavtru og metaforisk. Du treng ikkje vite så mykje om fotball for å følgje handlinga, men det hjelper å vite kva tittelen betyr.

Teikningane er av Luis Guaragna, ein argentinsk serieteiknar busett i Norge. Eg kjenner han best frå meir eksperimentelle ting, mens i «Elastico» er han litt for trygg og realistisk. Viss målet hans var å teikne ein fotballserie i klassisk, kanskje nærmast retro, form, har han lukkast med det. Teikningane er som eit bestillingsverk utan nemneverdig personlegdom, med stive rørsler og ansiktsuttrykk. Når nokon sveitter eller spyttar, ser det ut som mjølk.  Dette feilslåtte visuelle verkemidlet dukkar rett nok ikkje opp for ofte, men ser ganske forstyrrande ut når det gjer det.

Om «Elastico» var eit album eller ein pocket i Boing-klubben, hadde materialet vore tilstrekkeleg.  Teikningane er på det jamne, og samarbeidet mellom forfattar og teiknar er saumlaust. Om historia er i vel enkel og kortfatta, står Stilson for ei overtydande miljøskildring, ikkje minst når det gjeld dialog. Og sjølv om han vel neppe har så mykje erfaring med visuell historieforteljing, har han respekt nok for mediet til å la bilda fortelje mest mogeleg.

Men alt dette held ikkje til ei innbunde bok. Stilson har sagt at han skreiv «Elastico» med mål om å treffe gutar som manglar leselyst tidleg. I så fall er ein utprega visuell teikneserie som dette rette vegen å gå, sjølv om det betyr at boka har lite historie, alt i alt.  Men det rettferdiggjer ikkje at den er kompetent , men keisamt og preglaust teikna, og trykt i eit format som ikkje står i forhold til prisen. «Elastico» er ein overprisa homage til ein sjanger,  retta mot ei lesargruppe som er for unge til å identifisere den som så.

Elastico – Når du må tape alt for å vinne
Skrive av Michael Stilson, teikna av Luis Guaragna
60 sider
279 kr. (veil.)
Ena Forlag

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *