Mannen utan eigenskapar

Yoshiharu Tsuges En udugelig mann blei gitt ut i 1986, og det å møte boka på norsk nesten førti år seinare gir lesaren ei kjensle av å ha oppdaga ein skjult skatt. Kor har denne boka vore heile livet mitt?

En udugelig mann handlar om ein avdanka teikneserieskapar som i mangel på anna har begynt å selje steinar han plukkar i elva like ved salsboda si. «Det var det eneste jeg kom på å ta meg til», seier han innleiingsvis. Det er ikkje noko ekstraordinært med steinane han sel. Så får han heller ikkje seld nokre av dei. Om det ein gong eksisterte ei steindille i Japan er denne obskur i forteljingas notidsplan. Verda har gått vidare.

Dette er eit gjentakande motiv i teikneserien. Hovudpersonen er alltid for seint ute, han fangar ikkje opp tidsånda før ho har fordampa. I eit tilbakeblikk prøver han seg som seljar av brukte kamera med hell, men han får det ikkje til å vare. Han heng med bruktbokhandlarar, antikvitetshandlarar og fuglefangarar som alle verkar å snuble i livet – dei klamrar seg fast i det forgagne og det flyktige, men maktar ikkje å vere ein del av familiane sine eller samfunnet dei lever i. Er dei så drøymarar? Kunstnarar? Visjonære? Eller latar dei berre som dei jobbar?

Boka har ikkje eit kronologisk narrativ, men er delt inn i seks kapittel som tar for seg meir eller mindre samanhengande sider ved hovudpersonens bedriftar og dei fascinerande karakterane han møter. Dei fleste av dei er som spegelbilete av han sjølv. Dei er einsamme, mislukka, drøymande og har kanskje eit ønskje om å forsvinne, kanskje ikkje. Dei er vel, når sant skal seiast, taparar. Hovudpersonens kone sitt andlet er vendt bort frå han gjennom store deler av boka, og den vesle sonen må vere moralsk kompass for far sin. Det er ein stakkarsleg hovudperson me skal forhalde oss til.

En udugelig mann smyg seg inn i den sjølvbiografiske tendensen som har prega norsk litteratur dei siste åra. Tsuge skriv seg inn i ein japansk sjanger kalla watakushi shōsetsu, eller shishōsetsu, litteratur som er prega av vedkjenning og sjølvaudmjuking eller formidling av det kvardagslege. Semi-sjølvbiografiske forteljingar om sjølvhatande og sjølvutslettande menn finst det tretten av på dusinet, men det er likevel noko med denne teikneserien som opplevest som friskt og annleis, sjølv om det er vanskeleg å setje ord på kva denne kvaliteten er. Kanskje det heng saman med den lause strukturen, mytologiserina av dei ulike outsidarane me treff, den vellukka blandinga av humor og tragedie? Eller kanskje det berre er svært godt gjennomført. Eg kjenner ikkje til Tsuges biografi (eller bibliografi), men denne boka gir oss både kapitalismekritikk og kvardagsfilosofi marinert i manglande ambisjonar og sjølvforakt.

Det er hovudsakeleg karakterane som er i fokus, ofte teikna på ein lite smigrande eller karikert måte, noko som står i stil med deira mangel på karakter (sic!). Dette er også ofte i sterk kontrast til dei naturalistiske og detaljerte bakgrunnane. Me møter personar som ikkje passar inn i verda dei lever i. Som ein bokhandlar seier: «Jeg lever, og likevel er jeg ikke». Gjennom boka er det også fleire flotte og poetiske skildringar, både tekstleg og figurativt, som bryt med tradisjonell historieforteljing. Denne kompleksiteten er noko av det som løftar teikneserien til noko meir enn ein vanleg manga, til noko som luktar av klassikar.

Sidan dette er ein manga les ein boka frå høgre mot venstre, noko som kan vere litt frustrerande når ein ikkje er vand med lesemåten. Auga vil liksom ikkje innordne seg. Dette har med manglande erfaring å gjere. Samtidig får ein inntrykk av at det finst mange yngre mangalesarar i Noreg, i alle fall om ein skal døme etter hordane som flokkar seg rundt mangaveggen på den lokale Norli-butikken min. Fleire omsetjingar av manga retta mot eit vaksent publikum, som denne boka, vil kanskje bøte på denne ubalansen. Det finst gode (entusiastiske) omsetjarar av japansk litteratur her i landet, så det er i alle fall ikkje der problemet ligg. Vonleg vil En udugelig mann vekke interessa for vaksenmanga (nei, ikkje den typen «vaksenmanga»).

«Tegneserier er tegneserier. De blir aldri kunst», sukkar hovudpersonen mot slutten av boka, noko som lesaren nesten er nøydd til å oppfatte ironisk, for dette er stor kunst.

En udugelig mann
Av Yoshiharu Tsuge
Omsett av Magne Tørring
226 sider
350 kr.
No Comprendo Press

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *