Antiheltinne til kvardag og fest

Har norske barn framleis trua på halloween? Ester går i alle fall heilhjarta inn for høgtida i si andre bok

Esters univers var eit nytt friskt pust då den første boka i serien, «Bonusbror og marsvintrøbbel» kom i fjor. Boka var teikneseriedebuten til illustratøren Oda Valle. Med Ester sto ho for ei forsiktig fornying av den litterære tradisjonen med postmoderne urbane dramedies teikna i stilisert og brei strek med varme fargar, fortalde frå barns personlege, gjerne subjektive synsvinkel.

Tema var skilsmissebarn og foreldre med nye kjærastar, og kom tilfeldigvis ut same året som ei anna teikneseriebok som same temaet – «Tarjei 13 år» av Anja Dahle Øverbye. Der sistnemnte la vekt på ettertenksamheit og rå kjensler, var «Bonusbror og marsvintrøbbel» ei meir humoristisk og folkeleg forteljing om tween-frustrasjonar. Dei to bøkene levde fint side om side.

Men mens Tarjei såg ut til å vere ei eingongshending, var det tydeleg at Valle hadde meir å fortelje om Ester. I første bok flytta ho og mora saman med mora sin nye kjærast, og «bonusbroren» (stebroren) Bo. Han var til å begynne med det verste, men etter kvart syntest ho han var kul. På slutten var det i staden Tors og moras ennå ufødde «kjærleiksbarn» som hadde blitt det verste

Når vi møter Ester igjen i bok to, «Tre er én for mye», er kjærleiksbarnet fødd og har eit namn, Ivo, men han er framleis det verste, for han vrælar heile tida, og tek alt mora har av tid og energi. Likevel er ikkje babyen den som er «én for mye». Ester trøyster seg med kjæledyrklubben som ho har samen med Bo og besteveninna Hedda, men den går opp i liminga (føler ho) når Bo og Hedda heller vil starte eit band.

I følgje forlaget passar denne boka for barn mellom 9 og 12 år, altså same antekne aldersgruppe som Ester sjølv. Eg trur boka også kan passe for yngre barn enn det; teikningane er breie og koselege, dialogane er korte og rett på sak. Om noko så er eg meir usikker på korleis 11-12-åringar vil like den, om dei kanskje vil føle den er for barnsleg for dei. Sjølv om det er forsiktige tilløp til tween-romantikk: Til dømes den nye guten, Noah (som også er med i bandet), som verkar perfekt for Ester. Nesten litt for perfekt?

Historia følger same formelen som den første: Ester føler seg urettvist behandla og tyr til knep, dei fleste dårleg gjennomtenkte, for å rette på situasjonen. Framstillinga er balansert og lite moraliserande: Ungane forstår at det er Ester gjer er dumt, men blir også samstundes inviterte til å ha forståing for frustrasjonane som driv henne til det. Slik blir ho ei relaterbar kvardagsheltinne. Eller eigentleg ei antiheltinne. Ho modnast av erfaringane, men ikkje alt for mykje.

Til å begynne med kan det sjå ut som «Tre er en for mye» sprikar i litt fleire retningar enn første boka. Etter kvart kjem imidlertid Halloweenfeiringa til å stå sentralt i handlinga. Serien bruker temaet med kløkt og driftigheit. Denne spesifikke høgtidstematikken er forresten ein av grunnane til at eg skauv boka fram i anmeldingsbunken, sjølv om eg ikkje sikker på kva som er status quo på halloween i Norge. Ei undersøking for nokre år sidan tyda på at den var på vikande front, men det kan sjå ut som ungane liker det ennå.

I alle fall fungerer det for Oda Valle. I tillegg til ei lun hauststemning får ho fleire morosame situasjonar ut kostymane og pynten, og temaet sørgjer for ei perfekt avslutting. Mykje takka vere Noah, som skal passe seg litt for ikkje å bli ein Mary Sue. Men formelen held så langt, og Ester og universet hennar har framleis sjarm i bøttevis


Esters univers 2 – Tre er én for mye
Av Oda Valle
182 sider
kr
Aschehoug

Les også:
Når ting blir vanskelig!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *