Den offisielle festskriftet til Håkon Aasnes’ 80 års jubileum inneheld alt kan forvente av ei slik bok. Nesten.
All popen hadde Arne Bendiksen skrevet, song Jan Eggum i si melankolske nostalgivise «Kor e alle helter hen?» frå 1993, om oppveksten på 50-og 60-talet. Vi som veks opp på 70-eller 80-talet, kunne legge til: Alle teikneseriane hadde Håkon Aasnes laga. Breidda hans er enorm, og boka skryter då også fælt av det. Men det er fordi det er sant!
Egmonts hyllingsbok til Norges mest geskjeftige teiknerieskapar gjennom tidene har derfor fått den ubeskjedne undertittelen «Norges største tegneserieskaper». Den er utgjeven i samarbeid med Norsk Barneblad, som saman med Egmont og alle rettane dei har kjøpt opp i åras løp, har gitt ut grøvsteparten av seriane til Håkon.
Produksjonen hans er så variert at det til og med er vanskeleg å gruppere alt, men det aller meste av det han har laga kan delast inn i fem kategoriar:
- Norske klassikarar som Smørbukk, Olsenbanden, Tuss og Troll og Nr. 91 Stomperud
- «Eiketun-universet», som starta med Seidel og Tobram i 1972, og som seinare fekk avleggarane Vi på Eiketun og Annika. Dette universet er Håkons desidert viktigaste originalverk.
- Andre originalseriar som går føre seg i eit meir lukka og avgrensa univers, vanlegvis reine humorseriar som Hanna og Brage Breiskalle.
- Kampanje- og undervisningsseriar, bestillingsverk
- «Dei to store» – Håkon jobba berre tre år med Donald Duck, og mykje kortare tid med Fantomet (for dårleg betalt), men han har vore profesjonell, offisiell teiknar for begge figurar, og vil dermed alltid ha den skryteretten.
Boka gir plass til alle desse, og tekstlege presentasjonar av dei aller fleste. Med tanke på utgjevarane får sjølvsagt julehefteseriane som Håkon framleis jobbar med, framskoten plass. Men boka gjere også det som i dette høvet burde vere den viktigaste, nemleg å trekke merksemda mot det rike og mangfaldige, men diverre ofte ignorerte Eiketun-universet. Vi på Eiketun og Annika var særs populære hos abonnentane av blada dei gjekk i. Eiketun-universet, samen med Håkon sitt arbeid på Smørbukk, fornya bygdetradisjonen i norsk teikneserieliv.
Når det gjeld utvalet av teikneseriar kan ein sjå at redigeringa har vore knallhard å få med litt av alt. Det meste er smakebitar utan kontekst; Seidel og Tobram, til dømes, er representert med den første sida av ein historie, og tre sider av ein annan. Til gjengjeld er i alle fall Vi på Eiketun representert med ein full historie.
Kvaliteten på det redaksjonelle materialet varierer litt, og det blir uunngåeleg mykje overlapping, ikkje minst fordi boka avrundast med eit 20 år gamalt intervju der Håkon oppsummerar mykje av det som allereie er nemnt før. Nokre oppdaterte kommentarer frå jubilanten hadde vore fint. Mannen er jo framleis aktiv! Nokon av tekstforfattarane prøver å vere litt kreative; ein av dei argumenterer for at Smørbukk er «undergrunn». Nei, det er han ikkje, ikkje etter nokon teikneseriefagleg definisjon av ordet. Men forsøket er rørande. Gard Espelands artikkel om Vi på Eiketun er den beste, ikkje minst fordi den vektlegg ein episode frå 1998 som førte til at serien blei nulla av Kulturrådet. Ein episode som også seier mykje om kulturforholdet mellom by og bygd. Det er ikkje alltid like lett å stå for den førnemnte bygdetradisjonen.
Til dei som leser denne boka og skulle få lyst til å granske produksjonen litt nærmare, vel, det skjønar eg godt. Og heldigvis er boka også utstyrt med eit grundig bibliografisk register, så du veit konkret kva du skal leite etter.
Men eg har også to ord til dykk: Lukke til! Det aller meste som Håkon har teikna og skrive er berre tilgjengeleg i gamle aviser og tidsskrift, og krev djupdykk i arkiva. Verst er det fatt med Vi på Eiketun, kanskje Håkons største produksjon. For ikkje berre er den utelukkande i Bondebladet (bortsett frå eit par avsnitt i Norsk Barneblad), men som Gard Espeland påpeiker i ein av presentasjonstekstane, dei aktuelle årgangane av Bondebladet finst ikkje i Nasjonalbiblioteket sine heimesider.
Dei fleste som har litt peiling på norske teikneseriar vil finne mykje dei allereie veit i «Håkon Aasnes 80 år». Dei fleste som har litt peiling på norske teikneseriar bør likevel skaffe seg denne boka, fordi den truleg vil stå att som standardverket om mannen som framleis er Norges viktigaste teikneserieskapar gjennom tidene.
Og nå kan vi kanskje atter våge å drøyme om ein gong å få Seidel og Tobram i samlebokserie.
Red anm. Boka si redaktør, Haakon W. Isachsen, og ein av bidragsytarane, Kristian Hellesund, er skribentar for Serienett.
Håkon Aasens 80 År – Norges største serieskaper
Teikneseriar av Håkon Aasens, artikkeltekstar av diverse. Redaktør: Haakon W. Isachsen.
84 sider
249 kr.
Egmont/Norsk Barneblad
Les også:
Serieformidling i 111 år