Kva gjer du når du har funne den skuldige? Tredje bindet av I Lyas Øyne, «Skyldig, men uangripelig» er nøydd til å løyse opp mange trådar på kort tid.
Eg har lenge hatt større forventningar til dette siste bindet. Delvis fordi det er nettopp det siste bindet, så uunngåeleg må vi få ei faktisk løysing nå, men også grunna sjølve namnet. I kontrast til den keisamt tabloide tittelen på andre bindet, «På sporet den skyldige», læt «Skyldig, men uangripelig» umedelbart pirrande. Dessutan er det ein tittel med lovnader om eit sterkt sosial engasjement – Kven av oss kjenner vel ikkje til historier om tydeleg skuldige menneske som slapp fri grunna sin maktposisjon eller sine kjennskapar?
Men før vi kjem til det dilemmaet har våre venner Lya, Antoine og Adele meir etterforsking å gå gjennom. Og serieskaparane utnyttar plassen godt. Avsløringa kjem ikkje før heilt på tampen, som i ein ekte klassisk krim, sjølv om utviklinga i saka snart blir enkel å gjette seg til.
I og med tredje bindet blir det også fart i romantikken, noko som er grunnen til at Adele blir sett bitte litt til sida i forhold til i dei føregåande binda. Ettersom den ledige plassen er brukt ikkje berre til etterforsking, men også til litt karakterutvikling for Lya og Antoine, fungerer det greitt.
Men som antyda i omtalen av førre bindet, kjem Lyas og Antoines romantiske subplott uansett for seint til å bli ein verkeleg truverdig og engasjerande del av historia. Det var plenty med høve til å utvikle det i dei to føregåande binda, noko som knapt blei gjort. Tredje bindet prøver å bøte på dette så godt som råd er. Sjølvsagt er det lett å merke at serieskaparane har det travelt med å ro dette i land nå, både romansen og mysteriet, men ei viss tilfredsheit trur eg lesaren vil sitje igjen med
Eg skal ikkje røpe alt, men ganske mye kjem eg nå til å oppsummere for å forklare kva det er ved historia om fungerer. Viss d har tenkt å lese denne boka, men ikkje har gjort det ennå, er du advart.
Det beste eg kan seie om sjølve mysteriet, er at utfallet er realistisk. Den mest opplagte er den skuldige, dei avslører vedkommande gjennom eliminasjonsmetoden, konfrontasjonen løyser ingen ting, og Lya mistar jobben sin fordi ho misbrukte stillinga si til å leite etter spor. Kanskje noko av poenget med serien nettopp var å fortelje ein meir realistisk krim? Eg kan respektere det. Og her kjem igjen tittelen inn som eit frampeik.
I siste augneblink så får historia likavel ei slags open avslutting. Eg forstår kvifor serieskaparane gjer det; slutten var i ferd med å bli for deprimerande. Og smuttholet som blir brukt for å rettferdiggjere ei slik siste-lita open avslutting er logisk. Men det kjennest litt ut som å lure lesaren, som vel hadde trudd dei omsider skulle få heile historia.
Så vidt eg har greidd å finne ut, er det berre tre bind, og ingen planar om ein oppfølgjar. Heile serien er nå på norsk. Så i etterpåklokskapens lys, var «I Lyas Øyne» ein serie som var verdt å omsetje og utgje på norsk? Eg får meg ikkje til å svare ja på det. Ikkje for noko anna enn variasjonens skuld; både fullt albumformat og krim blir stadig sjeldnare på den norske teikneseriemarknaden. Manus hadde store svakheiter, og eg lurer framleis på kven som eigentleg var målgruppa, og om forlaget., i den grad dei hadde tenkt på ei målgruppe, nådde ut til den. Den visuelle presentasjonen – ein slags post-manga vektor-kolorisme – er og blir det mest spennande med den.
Dersom «I Lyas Øyne» noko gong blir filma, bør animasjon vere einaste formatet som blir seriøst vurdert.
I Lyas øyne 3 – Skyldig, men uangripelig
Skrive av Carbone, illustrert av Justine Cunha
Omsett av Britt Schjøtt-Iversen
66 sider
199 kr. (veil.)
QlturRebus Forlag
Les om dei føregåande binda i same serien:
Jakten på sannheten
På sporet av den skyldige