På sporet av eit vennskap

«I Lyas Øyne» er eit spennande prosjekt i norsk seriealbum, men med bind to, «På sporet av den skyldige» blir det diverre berre meir tydeleg at serien ikkje er ideell for oppstykka publikasjon med årsmessige intervaller.

Litt urettvist er det nok av meg å samanlikne eple og appelsinar på den måten, men «Alene» frå same norske forleggaren har ei samanhengande historie, og fleire av binda har opne endingar. Likevel kjennest kvart bind som ei heilskapleg historie med eige fokus og ein eigen identitet innad i det større bildet. Forfattaren Carbones andre serie på norsk, «Spilledåsen» kan skildrast på same måten.

Til samanlikning framstår «I Lyas Øyne» meir og meir som det eg frykta at den var i utgangspunktet: Ein statisk krim som må berast fram av det særmerkte grafiske uttrykk til illustratøren Justine Cunha. Hennar euro-manga i konturlaus, men formsterk vektor-kolorisme garanterer for ein estetisk behageleg leseoppleving med ei gjennomført 3D-illusjonskjensle.

Den norske utgjevaren har vore heilt ærleg om at dette er ein trilogi, og har heller ikkje lagt skjul på at det er ei samanhengande historie, så ein kan ikkje klandre dei for å spele med opne kort, Og dei skal også ha ros for å rette opp kanskje den viktigaste feilen frå bind ein, den svake fonten. I «På sporet..» er fonten klar og lettlese.

Samstundes finner eg det vanskeleg å halde oppe interessa for sjølve mysteriet.

Ikkje for det, etterforskinga går jo framover, og du du vil nok ønske å lese bind ein om igjen for å friske opp minnet om detaljane i saka. Men i bind 2 blir mykje også gjort ut av at Lya og hjelparane prøver å setje på plass igjen eit inkriminerande dokument som dei fann i slutten av første albumet, før den mistenkte oppdagar at det er vekk.  At forteljinga prøver å gjere både drama og komedie av denne oppgåva er ikkje så dumt i seg sjølv, men ein sitter igjen med ei kjensle av at det heile berre tener til å hale ut tida.

Den kjedelege dialogen spolerer mykje (sjølv tittelen på albumet er slåande fantasilaus), sjølv om den norske omsetjaren gjer sitt beste for å halde den muntleg og naturleg. Kanskje er det ei større grad av realisme i å trivialisere dialogen, men verkemiddelet punkterer nokre av dei meir dramatiske augneblinka.   

Og nå flisespikker eg kanskje her, men i ei historie som prøver å halde seg litt realistisk, er det særlig ein detalj som det er veldig vanskeleg å svelge: Lya og vennene treng eit foto av ein mann som er mistenkt for å vere involvert, men det finst berre på ei Facebookside utan open profil. Så kva gjer dei då? Jo, Adele lagar ein falsk profil og sender ein venneførespurnad. Det verkar. Hadde eg vore så forsiktig med å legge ut bilder av meg sjølv på nettet, hadde eg nok også vore litt meir forsiktig med kven eg la til som venner på Facebook. Adele innrømmer at ho berre la eit pent bilde på profilen. Dei fleste blir vel litt skeptiske når dei mottar ein venneførespurnad frå nokon dei aldri har høyrt om før, og som ikkje har anna på profilen enn eit pent bilde av seg sjølv.

I bind 2 er det elles antyding til romantikk, noko som eg ville ha ønska velkomen både for variasjonens skuld og for å ha litt fleire grunnar til å bry meg om hovudpersonane. Romansen avgrensar seg diverre til eit tankestreif frå Antoine: «Jeg er så betatt av henne!»  Eg seier ikkje at det ikkje finst antyding til varmare kjensler mellom Lya og Antoine frå før, men dei er i utgangspunktet alt for diffust skildra til at det fungerer berre plutseleg å setje ein liten forelska tanke inn i hovudet på den viktigaste mannlege bifiguren. Og den blir heller ikkje følgd opp på nokon måte, ikkje i dette bindet, i alle fall.        

Romanse eller ikkje, det er framleis godt stoff i interaksjonen mellom dei tre hovudpersonane Lya, Adele og Antoine. Når etterforskinga går litt treigt eller i sirkler gir denne samhandinga kjærkommen avveksling, og den trivielle dialogen fungerer også bedre til dette føremålet. Bli ikkje overraska dersom Lya-trilogien til sist har ein bodskap om vennskap som er viktigare enn sjølve mysteriet. Eg håper berre at det er litt spenningskjensle igjen også, når vi kjem til den store avsløringa i I Lyas Øyne bind 3.


I Lyas Øyne – 2. På sporet av den skyldige
Skrive av Carbone, illustrert av Justine Cunha
Omsett av Britt Schjøtt-Iversen
66 sider
199 kr. (veil.)
QlturRebus Forlag

Les også:
Anmelding av bind 1, «Jakten på sannheten»

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *