Koloristisk krim

«I Lyas Øyne» er Spilledåsen-forfattar Carbones andre teikneserie på norsk. Her legg ho fantasiverder bak seg til fordel for realistisk samtidskrim. Men det er illustrasjonane som særmerker serien.

Tekst av Trond Sätre, med konsultasjon av Knut Robert Knutsen

Eg pleier vanlegvis å trekke fram slike detaljar først på slutten , men dette fortener å seiast med ein gong: «I Lyas Øyne» er, i motsetning til QlturRebus forlags andre fransk-belgiske teikneserie, «Alene», i fullt albumformat. Sjølvsagt gjer dette boka litt dyrare enn ei «Alene»-bok, men ikkje mykje, og vel under snittprisen på albumformatsbøker i bokhandlarane. Eit veldig prisverdig tiltak. Dei typiske bokforlaga har i dei seinare åra sørgja for norsk omsetjing av fleire frankofone albumseriar som kanskje elles hadde vore forbigåtte, men haka er gjerne eit redusert format. 

Skal ein vere veldig pirkete så er kanskje ikkje «I Lyas Øyne» blant dei seriane som har størst behov for stort format. Dette er ein realistisk dramaserie utan så veldig varierte, spennande eller fargerike bakgrunnar; vekta er på historia. Men formatet framhever andre grafiske verkemiddel, noko vi snart skal komme tilbake til. Dessutan trengst det reint praktisk for å gjere fonten lesevennleg nok.

Heilt sentralt i dramaet står unge Lya, som er lenka til rullestolen på livstid etter å blitt påkøyrt i 17-årsalderen. Den ansvarlege kunne ha redda ryggmargen til Lya dersom vedkommande ikkje hadde køyrt vidare utan å ringe ambulanse.  Vi møter henne idet ho er i ferd med å flytte til sentrum for å jobbe hos eit advokatfirma. Men ho har ein baktanke. Ho trudde ho bilisten var ukjent, men seinare fann ho eit dokument der det står at foreldra hadde fått ein større pengesum for å trekke tilbake anmeldinga mot bilisten. Dokumentet kom frå kontoret til advokat De Villegan, og det er i hans firma Lya har fått jobb. Her håper ho å kunne avsløre den skuldige.

Det er eit metodisk og solid oppbygd drama som bruker mykje plass på å gjere oss kjent med særleg dei tre sentrale rollefigurane – Lya, hjelparen hennar Antoine, og firmaets sekretær, Adele. Forholdet mellom Lya og Adele trer etter kvart fram som det mest interessante. «I Lyas Øyne» retter seg tydeleg mot eit vakse publikum, særleg unge vaksne. Slik intrigen er i ferd med å utvikle seg, ligg det mykje potensielt sprengstoff i den. Men ennå er mykje uforløyst – både når det gjelder etterforskinga, og hovudpersonane sitt forhold til kvarandre – og første bind kjennest mest som ei innleiing.

Illustratør Justine Cunha tilhøyrer den første generasjonen av europeiske serieteiknarar som vaks opp med manga som eit hovudreferansepunkt (ho er fødd i 1992), og det synest. Men ho har meir å komme med. «I Lyas Øyne» har eit visuelt uttrykk som enkelt kan kallast for «vektor-kolorisme», der dei svarte konturlinjene er vekk (for det meste), og i staden ser vi alt i reine fargeflater. Auka tilgang på vektor-illustrasjonsprogram gjer at ein ikkje lenger har det same behovet for svarte konturlinjer og utfyllande tekstur-skraveringar, og stilen er derfor begynt å bli meir populær.

Ein kan gå attende til malarkunsten sin konturlause definisjon av form. Å bruke klare, tydelege fargeflater som i kolorismen, med tanke på formgjeving og komposisjon, ikkje pennedetaljar og omriss for å halde fargane på plass, har gitt rom for meir av dette visuelle uttrykket.

 «Spilledåsen» bruker noko av den same teknikken som gjer omriss overflødige, bortsett frå at der flyter konturane meir ut, mens i «Lyas Øyne» er dei strengt på plass, og gir eit reinare uttrykk som passar betre til den meir handgripelege handlinga, samstundes som den tilfører serien ein ganske tiltalande 3D-effekt.

Her kan det leggast til at Cunha kanskje bruker slike teknikkar delvis for å kompensere for områder der ho kjem til kort som illustratør. Ho er betre på å teikne ansikt og halvfigurar enn på heilfigurar, og er då bekvemt utstyrt med eit manus beståande mykje av konversasjonar.  Resultatet er uansett at desse eigentleg ganske historisk velbrukte kunstariske grepa gir viktig eigenart til eit straumlinjeforma krimdrama.



I Lyas Øyne – 1. Jakten på sannheten
Skrive av Carbone, illustrert av Justine Cunha
Omsett av Britt Schjøtt-Iversen
70 sider
199 kr. (veil.)
QlturRebus Forlag

2 tanker om “Koloristisk krim

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *