Julehefter 2025 – Europeiske

År etter år er det enkelte europeiske seriar, vanlegvis i albumform, som prøver å få plass mellom mykje norsk og amerikansk i juleheftehyllene.

I år er desse igjen fronta Asterix, fordi den norske forleggaren har den praksisen å selge inn kvart nye Asterix-album som julehefte. Men sjølv med berre fire album, og to av dei Asterix-relaterte, er breidda ikkje så verst her.

Anmeldarar:
KRK = Knut Robert Knutsen
TS = Trond Sätre


Hercule Poirot – Barneselskapet
Skrive av Dominique Ziegler etter Agatha Christie, teikna av Cristián Montes
64 sider/129 kr./Egmont
KRK

Poirot sin gode ven, Krimforfattaren Adriane Oliver, er i eit barneselskap på Halloween, graskarlykter, heksehattar og alt. Der vert ei lita jente myrda etter at ho fortel at ein gong for mange år sidan såg ho eit mord utan å skjøne kva det var.

Poirot vert engasjert og saman med Oliver så nøstar han opp eit mysterium med mange trådar utover berre å oppklare kva som skjedde.

Med TV-adapsjonen med David Suchet og Zöe Wannamaker friskt i minne, så er dette ein samanliknbar adapsjon, om enn noko stiv i utføringa. Teikningane er vakre, realistiske og passande for Poirot sin stramme framtoning, men har den bakdelen som ofte er med veldig realistiske teikningar at dei vert litt for stive og lite dynamiske.

Alt som skal vere med er med, stemninga er passande og dramaturgien fungerer. 

Dette Poirot-albumet  held ein standard for krimteikneseriar som gjer at ein ynskjer seg meir, gjerne påskekrim i tillegg.

5-


Asterix i Lusitania (sjå forsidebilde)
Skrive av Fabcaro, teikna av Didier Conrad
48 Sider/129 Kroner/Egmont
KRK


Didier Conrad er ein av Frankrike sine dyktigaste humorteiknarar og eg har vore ein fan av han lenge. Teiknemessig er han absolutt ein verdig arvtakar på Asterix etter Albert Uderzo.

Men eg må ærleg innrømme at dei Asterix-manusa han har blitt sett til å illustrere har vore så trøytte og uinspirerte at eg gremmast over at Conrad sine talenter vert spilt på dette. Dette albumet er ikkje noko unnatak.

Asterix og Obelix vert invitert til å reise til Lusitania (Portugal) for å hjelpe med å reinvaske ein fiskesaus-forhandlar som vart anklaga for å prøve å forgifte Cæsar. Det er heile plottet. Vi vert informert frå starten av kven som står bak, så der er ikkje noko mysterium for oss, og albumet henfaller til parodiar av franske bubilturistar og portugisiske stereotyper. Den mest utbreidde stereotypien om portugisarar, skal ein tru dette albumet, er at dei er melankolske og syng triste viser.  

Dette er middels underhaldande, men har ikkje noko særprega å formidle, det er kun gags på gags på gags, basert på premissen om at portugisarar elskar å syte og klage og eter mykje klippfisk. Slik sett så kunne heile handlinga like gjerne ha vore lagt til Noreg.

Asterix og Obelix’ rundtur i Lusitania er grei underhaldning, men på manus-sida overflatisk og lettvint i forhold til Goscinny sine meisterverk. Conrad står ikkje attende for Uderzo på nokon måte, men får for lite å gjere her.

4

Les om fleire Asterix-album her.


Idefix og de ukuelige – Drama i Manesjen
Skrive av Cédric Bacconnier, Yves Coulon og Simons Lecocq; teikna av David Etien, Philippe Fenech og Rudy
48 Sider/129 Kroner/Egmont
KRK

Sjå på dette som eit slags gjestespel. Idefix var offisielt julehefte i tre år, men har ikkje fått plass i sjokkselgaren i år. Denne avleggaren av Asterix er veldig godt teikna, har ein korrekt dramatisk oppbygging og den har ein del gjestespel av kjende figurar. Men det er veldig tydeleg at serien er for born og kun for born, Det har ikkje spensten, snerten og appellen til alle aldersgrupper som originalen.

3


Mummitrollet Julehefte 2025
Av Tove Jansson
Forord av Anders Heger
72 sider/189 kr./Cappelen Damm og Egmont
TS

Sjølv om forsida osar av jul  er dette meir som eit vinterhefte, noko som er ein dyd av nødvendigheit. Tove Jansson skreiv berre ei Mummidal-forteljing om jul, «Grantreet», og sjølv den hadde ein bevisst distanse til høgtida. Dessutan brukte dette juleheftet «Grantreet»  i fjor, og sidan redaksjonen er nøye på å berre ha med originalt litterært materiale av Jansson sjølv, graver ein djupare i årets hefte. Valet har falt på to kapittel frå henhaldsvis bøkene «Sent i november» og «Trollvinter». Desse kan om nødvendig lesast uavhengig av konteksten (særleg det sistnemnte), og har fleire av Janssons beste litterære kvalitetar – Ei ålmenn reflektert ro, kombinert med bramfri ærlegdom, og ei særeigen lakonisk form for magisk realisme.

Teikneserien er også ein Jansson-original, «Mummi-Vinter» (1959). Mummi-familien vaknar midt på vinteren – Igjen. Til å vere dvaleskapningar gjer dei ofte det, kanskje fordi multikunstnaren Tove såg at det i lengden ville bli keisamt med berre vår/somarforteljingar frå Mummidalen. Denne gongen vaknar mummitrolla fordi dei får fleire ubodne gjester, og er for høflege til å sende dei vekk (nesten). Mellom anna Nappetassen, ein truskuldig, men irriterande unge som ender med å få det meste av fokuset. Som mange av Mummi-seriane flyter denne ut mot midten, og er uansett ikkje blant serieskaparens beste, men den har habile raude trådar på begynnelsen og mot slutten.

5-

1 tanke om “Julehefter 2025 – Europeiske

  1. The tradition of «Julehefter» (Christmas comic books) in Norway is truly unique and a cherished part of the holiday season! Focusing on the European releases for 2025 is exciting, as it highlights how various international comic traditions—from classic European bande dessinée to other continental imports—are integrated into this special Norwegian cultural ritual.

    It’s wonderful that serienett.no keeps this tradition alive by previewing what readers can expect on their Christmas reading list.

    Visit US, Unissula

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *