Historiar med og utan ender

Mykje rart og mykje godt har kome ut av virket til forvitne Sunnmøringar, det siste i så måte er ei bok om “Litteratur i Andeby” av litteraturvitaren Alf Kjetil Walgermo.

Boka er i hovudsak ei litteraturhistorie som fortel om korleis “Andeby” (og Museby) handsamar faget skriving , dei ulike rollene ein kan ha der, frå journalist til forfattar og korleis Disney-universet forhalder seg til verdslitteraturen.

Eg kan tenke meg at no er der nokon som ser for seg ei tørr sakprosa-bok, men så heldig er eg ikkje. Eg er av den typen serienerd som simpelt hen elskar tørre sakprosabøker om trendar i teikneseriehistorien, med masse oppramsing av tal og namn på forfattarar og teiknarar, ispedd detaljar om forlagsutvikling, i eit sakleg og nøkternt språk.

Og å få det på nynorsk især? Verdas vakraste fagspråk? Det hadde vore draumen.

Donald som balladeforfattar

I staden så har Walgermo lagt seg på populærformidling, der han prøver å nå ut til lekfolk med Donald-interesse for å vise dei kva som er der ute, kanskje oppmuntre dei til å spore opp interessante historiar i Donald Pockets på brukthandlarane (viss slike forelda etablissement framleis er å finne; viss ikkje har ein t.d. finn.no)

Forfattaren fører heile tida eit språk fullt av adjektiv og adverb av donaldistisk karakter, nokre stader med ordspel som ville fått Arild Midthun til å raudne av skjemsle. Litt masete viss ein prøver å lese heile boka i ein jafs, men viss ein set seg ned med eit glas bubleslurp og leser eit kapittel her og der i ledige augeblikk i høgtida så er det underhaldande og medrivande.

Entusiasmen i språket gjer at ein får veldig mykje faktainformasjon veldig kjapt utan at å kjenne seg overlessa. Kjerna i diverse adapsjonar vert formidla på ein tydeleg, fagleg interessant og spanande måte. Sidan eg reknar med at store delar av målgruppa av Donald-entusiastar fortrinnsvis leser bokmål, kan eg påpeike at språket her er eit veldig tilgjengeleg, moderne og munnleg nynorsk, så eg trur ikkje det vil vere eit problem.

Donald og Tolstoi


No er der heldigvis mykje detaljar å spore, med fyldige litteraturlister og over 300 fotnotar, det skal han ha. Og Walgermo startar boka med ein introduksjon der han legitimerer seg som ei eldsjel innanfor både Donald-universet og verdslitteraturen.

Boka er i tre delar:

Typar av litteratur, frå dikt til skjønnlitteratur og sakprosa. Her oppsummerer han ein del om Hakkespettboka før han viser korleis Andeby-buarane forhaldar seg til forskjellige typar litteratur som både skaparar og forbrukarar, og korleis dette vert nytta til både parodi og patos.

Verdslitteraturen er ei vanleg inspirasjonskjelde for Disney-serieskaparar. Walgermo viser til alle dei forskjellige epokane i litteraturen, stort sett frå den eurosentriske litteraturkanon, og fortel korleis dei har vorte grunnlag for historier og korleis diverse forfattarar og teiknarar har tilnærma seg dei. Kun eit utval av desse er med i boka, då der er for mange til å liste opp alle. Skjønt det synast å vere eit godt og representativt utval. 

Skrue og Dante

Norsk og nordisk litteratur er også representert, om enn med færre eksempel. Dette er forståeleg, då Italienarane åleine står for ein enorm produksjon av Donald-historiar og dei har kanskje ikkje fullt så mykje interesse for eller kjennskap til nordisk litteratur som oss. Der er likevel ein del gode eksempel og observasjonar her. Inkludert referansar til dei fleste norske Donald-forfattarar og teiknarar.

Walgermo kjem òg inn på kor viktig språket og språkrøykt har vore i Donald, særleg i periodar då der var mykje skepsis i samfunnet kring “triviallitteraturen” der teikneseriar oftast vart framstilt som blant dei mest lugubre og skadelege eksempla.  Og korleis haldninga til teikneseriar har snudd over tid. Han viser t.d. til Øyvind Holen si bok “Donald-Landet” som òg er verdt å få med seg, sjølv om den er på bokmål.

Unekteleg er det jo både litt morosamt og rart at ein skal få ei så omfattande litteraturhistorie om Andeby nettopp på nynorsk, noko som elles ikkje overlappar så mykje med Disney-utgjevingar  Det vert som om ein skulle ha laga ein TV-serie der Einar Førde med eitt dukka opp og snakka kav bokmålsnært austlandsk. Ein kjenner seg som på ei framand klode når slikt skjer.

Donald og Kafka

Sjølv om liste-nerden i meg skulle ynskje vi hadde fått ei meir strukturert bok med tørt fagspråk, fullstendige boklister over alle adapsjonar, litterære analyser over virket, leie-motiva og underteksten til dei mest sentrale forfattarane og slikt noko, så hadde det kanskje ført til at ein berre fekk seld kring 20 eksemplar av boka.

Dette er ei bok for den gjennomsnittlege Donald-fan, som kan bla igjennom, nikke gjenkjennande og kanskje verte frista til å hente ned nokre blader (og pocketbøker) frå loftet for å lese gamle favorittar oppatt.

Eg reknar òg med at boka vil verte flittig lånt på biblioteket  av skule-elevar som vil skrive særoppgåva si om “romanar” i Donald-versjon, Viss ein framleis driver med slikt.

«Litteratur i Andeby» er ei veldig underhaldande fagbok for Donald-entusiastar. Det meste av innhaldet er tilgjengeleg for lesarar heilt ned i 10-12 års alderen, sjølv om ein skal vere litt eldre for å få fullt utbytte av den.


Litteratur i Andeby
Av Alf Kjetil Walgermo
Forord av forfattaren
295 sider (255 sider pluss fotnotar og litteraturliste)
429 kr.
Det Norske Samlaget

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *