Julehefter 2025 – Norske klassikarar

Det store spørsmålet i år er ikkje om Stomperud kjem seg heim til jul, men om Magne Taraldsen kjem i mål som Stomperud-teiknar

Kor mykje skal til for å kalle ein teikneserie en klassikar? Er ikkje Pondus eigentleg ein klassikar etter kvart, til dømes? Men det går eit skarpt generasjonsskifte i norske julehefter. Dette treng ikkje vere avgrensa til seriar frå 40-talet eller tidlegare, men i år held vi oss til dette.

Anmeldarar:

AW = Arild Wærness
KRK = Knut Robert Knutsen
TS = Trond Sätre


Vangsgutane 2025
Av Kjartan Helleve og Ivan Andreassen/Leif Halse og Jens R. Nilssen
36 sider/95 kr./Fonna
KRK

Den nye historia av Kjartan Helleve og Ivan Andreassen handlar om besøk frå dottera til ein “lakselord” som var på vitijing for 30 år sidan og sette rekord for den største laksen som nokonsinne var fiska i elva. Ei fisketevling med stor premie finn stad, med sedvanlege ablegøyer. Det er ikkje alt som fungerer her, men historia har ein del solide sentimentale augeblikk.

Elles er det verdt å merke seg at «moderne» Vangsgutane har gått tilbake til formatet der dei blander tekst og teikningar i staden for å ha tekst under rutene , som tradisjonen er. 

Og apropos det, Leif Halse og Jens R. Nilssen sine eldre striper handlar om sommarlege symjetevlingar med mykje dramatikk avrunda med at Tarald Holm kjem til bygda som impresario for  “Ursus” som han hevdar er den sterkaste mannen i heile Norden. Og då vert det førestilling på lokalet der han får vise fram kor sterk han er. Men sjølvsagt er Sterk-Ola i salen.  Mykje storstilt drama her på berre nokre få sider. Verdt å få med seg,

4


Ingeniør Knut Berg 2025

Sjå «Norske eventyrarar»


Tuss og Troll Jula 2025
Av Solveig Muren Sanden, Johannes Farestveit, Sveen & Emberland, Håkon Aasnes og Gard Espeland
30 sider/95 kr./Norsk Barneblad og Fonna
TS

Etter fleire år i dette heftet verkar Sveen & Emberland stadig like malplasserte i selskap med Aasnes og Muren Sanden. Men det er nok best å la dei gjere det som faller dei naturleg. Og det er ikkje å fortelje tradisjonelle eventyr, men å drive med satire. Satiriske eventyr, om du vil. Årets historie frå desse to er «Kongeriket og dei harde hjelparane» (sjå forsidebilde),  og fortel korleis sta og egosentriske statsrådar blir sett på plass av vetter. Med god hjelp frå forheksa Kittelsen-motiver. Tunge på labben er desse to serieskaparane som vanleg («Fortener eigentleg veljarane demokrati lenger?»), men den visuelle gjennomføringa med Kittelsen-referansar er eit høgdepunkt.

Når vi så tek ein kikk på det meir tradisjonelle materialet leverer Håkon Aasnes «Den uventa julegåva», eit veldig hyggeleg eventyr om eit landpostbod. Vinklinga er litt original, og akkurat passe sentimental. Dessutan tre nyopprykk av gamle eventyrseriar teikna av Solveig Muren Sanden på sitt beste.

5   


Smørbukk Jula 2025
Av Håkon Aasnes. Solveig Muren Sanden og Johannes Farestveit
34 sider/95 kr./Norsk Barneblad og Fonna
KRK


Håkon Åsnes leverer ein lett Smørbukk-historie som vanleg, med mykje lause gags knyta rundt Smørbukks og Tronds vandring rundt bygda i førjulsstria på leiting etter tidsfordriv. Ein del rare ablegøyer som er lettare humoristiske , men ikkje noko særleg fengande historie i hjartet av den.

Den femti år gamle opptrykkshistoria av Johannes Farestveit og Solveig Muren Sanden har ei god historie om Smørbukk og venane som pussar opp eit gamalt sommarfjøs til klubbhus, med gjestespel av eit sirkus, ei løve, rabagastar og innpåslitne inspektørar. God driv og spanande situasjonar. Som vanleg er reprisane, dei klassiske historiene, beste grunnen til å kjøpe Norsk Barneblad sine julehefte.

4 (3 for den nye historia, 5 for den gamle)


91 Stomperud Julen 2025
Av Leif Isaksen og Magne Taraldsen
Forord av redaksjonen
36 sider/95 kr./Egmont
AW

Bånntrist gjensyn med noe vi trodde vi var ferdig med, nemlig Leif Isaksen. Reprise fra 1985. Superminus for å droppe fremdeles oppegående Håkon Aasnes til fordel for dette opptrykket fra muligens den verste perioden til Isaksen. Stort pluss for å fylle resten av heftet med nytegnet Stomperud fra Magne Taraldsen, som er en verdig etterfølger til Håkon Aasens: innertier med 7,62-kaliber. Så det er håp for’n August Stomperud ennå.

3 (0 for opptrykket og forsida, 6 for Taraldsens tredjedel)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *