Med Identiteit viser Linn Isabel Eielsen seg som ein moden, kraftfull og personleg forteljar i – mellom anna – teikneseriemediet.
Eielsen er av desse serieskaparane som vert kalla «unge og lovande», noko som til tider kan vere ei tung bør å bere når ein veit med seg sjølv at ein har ikkje lovt nokon noko som helst. I ein alder av 19 så har ho allereie jobba med serien sin L-innsikt og publisert den i tre år, vunne prisar og mange godord. Så det vert jo interessant å sjå korleis dette ser ut samla.
Identiteit er ei merkeleg utgiving. Den sklir inn og ut av forskjellige format. Til tider som ein artikkel i eit hipt ungdomsblad på 1990-talet. Til tider teikneserie, litt av typen tidleg «Fakta fra Verden» (av Karstein Volle), nokon gonger berre eit bilete med tekst, nokon gongar som eit dagbok-utdrag. Opphavspersonen, Linn, framstår delvis som karakter, delvis som redaksjonell stemme, saman med venar som til tider er personar, til tider karakterar i fiksjon. Alle er karakterar som resonnerer innan vi er komne igjennom heftet. Diverse ungdomstema vert tekne opp, som spiseforstyrring, seksualitet og sjølvforståing, alle dei greiene som er tunge og kleine i den alderen.
Av spesiell interesse er «Ikke bare et tall», som vant førsteprisen i Fritt-Ord konkurransen i 2019, og er ei innsiktsfull reise inn i og ut av eit forførerisk proana (pro-anoreksi) miljø. Det er her Eielsen slår heilt over i teikneserie og nyttar mediet til fulle for å trekke inn kontrastar mellom mediepåverknad og sjølvbilete. Ho nyttar «tal» og «vekt» som ein leietråd inn og ut av historia, og som eit symbol på korleis hyperfokus på «talet» er utslettande for personlegdomen.
Det er òg spanande når ho set av sider for å vise fram verka til andre ungdommar, mellom anna innan make-up og fotografi, og det likevel går opp i ein heilskapleg visuell identitet. Det gjennomgåande motivet synast å vere ei leiting etter nettopp identitet, saman med ei slags flau refleksjon om at «er det teit at eg er så opphengd i dette?» . Ein skulle tru at eit verk som over 48 sider springer slik att og fram i form og innhald, spesielt når det er laga av ein tenåring som ikkje er ferdig med vidaregåande eingong (når innhaldet vart produsert) , ville vere rotete, umodent og banalt.
Men det er det ikkje.
Designet på heftet fungerer ypparleg som ein heilskap, og sjølv om der er tider der litt aldrande auge sliter med liten tekst på farga bakgrunn, så er det ryddig, engasjerande og innhaldet er vel-balansert. Innhaldsmessig er dei forskjellige historiene dramatisk velforma og kjenslemessig intense, med klare perspektiv men utan å snakke ned til folk. Identiteit er ikkje «reint» teikneserie, teikneseriedelen er meir ein del av eit gjennomgåande grafisk design, men det er ei veldig interessant trykksak som burde ha vore gitt ut i mykje større opplag og gjort tilgjengeleg for ungdom. Ikkje dermed sagt at dette ikkje er eit hefte som kan lesast av alle, det er ikkje avgrensa i sin appell, men det er noko som eg skulle likt å ha lese som ungdom.
Identiteit er ein djupt engasjerande tekstsamling som det er lett å kjenne seg att i, og lett å la seg rive med av. Den virker enkel og lettfordøyeleg , men på ein måte som krevjar mykje omtanke og presisjon.
Identiteit – 3 år med L-Innsikt
Av Linn Isabel Eielsen
48 Sider
99 kr. (inkl. forsending)
Sjølvutgitt/Karmøy Trykkeri