
Serienett følger Raptus teikneseriefestival 2019 fortløpande.
Bare vent til neste år!
Festivalen blei som vanleg avslutta med kunngjeringar om gjestenamn til neste år. Det ville vere feil å hevde at årets kunngjering innehaldt dei heilt store overraskingane; dei fleste nye namna er framleis på «kanskje»-eller «spør meg igjen på nyåret»-stadiet. Berre ei, Virginie Augustin (Conan) er stadfesta. Lista med gamle, velkjende gjester som kjem tilbake, er mykje lenger, noko som kanskje kan forsvarast med at det neste år er festivalens 25 års jubileum: Arild Midthun, Mike Collins, Mike Perkins, og Thierry Cappezzone. Apropos sistnemnte så er 2020 også Kjell Aukrusts 100-årsjubileum.

Veks med serien, eller omvendt
-Det einaste som er morsomt med denne stripa er at eg brukte tre dagar på å lage den, var Linn Isabel Eielsen tørrvittige kommentar til ein av dei første populære stripene hennar. Linn Isabel blir rekna som eit namn på veg opp innan norske teikneseriar, og seriane hennar er i rivande utvikling i takt med korleis den nå 19 gamle studenten har utvikla seg som menneske. Ho deltok på det som truleg var Dagbladet sin siste teikneseriekonkurransen, men nådde ikkje opp. I respons til dette starta ho sin eigen Facebook-side for seriane sine. Seinare har ho satsa på Instagram som hovudplattform, og det tok av. Ho har hatt spalte i Haugesund Avis og Aftenposten, delteke i kulturdebatten med Trine Skei Grande, og opplevd å bli gjenkjent i Starbucks-køen.

Ho hadde sin første opptreden på ein teikneseriefestival i dag. I 2019 ser det ut til å ta av, med albumet «Identiteit» (som nå går ut i andre opplag), og fleire festivalopptredenar planlagde. Likevel blei ho avvist av alle kunststudier ho søkte på, inkludert det ho til slutt kom inn på. De må ta meg inn, tagg ho dei, elles må eg studere sosiologi!
Det viktigaste er å ikkje havne i sjølvmedlidenheitsfella. Eg er glad for at eg har hatt problem, for det er det einaste ein kan vekse på som menneske. Ho framhever Kvernelands «En Frivillig Død» som eit eksempel på korleis ein kan drøfte det tragiske utan å miste humoren av syne.
Spoiler alert
Ekteparet Elias og Agnes Våhlund representerer dei nye barneseriane på årets Raptusfestival, med bokserien «Håndbok For Superhelter» Sjølv om ho bur i Sverige, er den polskfødde Agnes sine svenskkunnskapar begrensa. Fordi deira kjernepublikum er yngre barn, som ikkje er trena nok i engelsk, var det stort sett Elias som tok seg av pratinga. Han viste seg å vere svært flink til å snakke på barns nivå, ja til og med til å forklare dei det tekniske ved serieskaparprosessen, og å engasjere dei. M.a. kom han med ein spoiler for den neste boka (den femte i rekka) som han ba oss alle om å halde den hemmeleg. Og det må ein respektere.

Det har kome fire bøker i serien, som er seld til 20 land. Og Norge er alltid først, hevder Elias.
Obs: neste år er det 24 år sidan den fyrste festivalen i 1996 (eg var der) – det er den 25te festivalen. Hugsa at det vart mykje diskusjon rundt ’10-årsjubileet’ til OCX, som var den 10ende festivalen etter 9 år. Berre for å ha det klårt 🙂 Folk feirar ofte antall arrangement og så vert det feilsitert som ‘års’jubileum.